Avlasting av Cerebrum drift grunna ressursproblem - del 2

Dette er ei fortsetting av forrige konkluderingsmøte, der vi prøvde konkludere med kva vi gjer for å avlaste Cerebrum drift, no når dei har ressursproblem.

Målet for dette møtet er å framleis konkludere, å bli enige om kva vi gjer med det vi diskuterte på statusmøtet.

Til stades

  • hanskfje
  • pehaavin
  • jokim (ref)
  • estephaz
  • kvaade
  • jsama
  • elisabhs (permisjon)
  • tvl (permisjon)

Sak 1: Utviklarar og deployering

Skal utviklarane sjølv ta seg av deployering av Cerebrum og tilhøyrande kode? Vi vart enige om utvidinga av grensegang ved prodsetting, men det gjenstår å bli enige om overordna rutine for prodsetting. Dette har blitt oppdatert etter forrige møte. KIA går gjennom dokumentet internt, og sender tilbakemeldingar på det på e-post før dette møtet.

Ikkje alle hadde nådd å lese gjennom dokumentet. Gjekk difor gjennom punkt for punkt.

Kommentarar under gjennomgangen:

  • Ønsker ikkje to prodsettarar ved enkle prodsettingar. Vi set grensa ved kodeendringar.
  • Bør heller ha Jira-sak for deployeringa som sub-task, sidan det no vert ein del av utviklinga.
  • Må gjere det tydeleg at avklaringar må vere på plass før prodsettingar. Legg inn dette som eit punkt 1, før "Varsle".
  • Legg inn i rutina for å sikre seg at alt er klart, til dømes dei vi skal integrere med sine system er klare. Vi vil uansett ikkje unngå slike situasjonar.
  • Vi endrer frå at vi ikkje bør dytte til master, til at skal vente til prodsettinga! Skal vi kunne prodsette ofte må ikkje master vere forkludra.
  • Drift ønsker rutine for å rulle tilbake. Vart enige om: "Når det er tvil, rull tilbake."

Hans Kristian har satt opp ein sprint i første halvdel av 2016 dedikert for DevOps. Joakim prøver å lage brukarhistorier saman med Jo for prodsettingsverktøy, før han går ut i permisjon.

Joakim oppdaterer dokumentet med kommentarane. Rutina er deretter godkjend, berre endringane er med.

Joakim informerer resten av utviklarane om at rutina no er bestemd, og planen vidare.

Sak 2: Utviklarar og KIA si ukevakt

Skal utviklarane ta del i KIA si ukevakt, til dømes kvar fjerde veke? KIA skulle ta ein intern diskusjon på om dette er hensiktsmessig, sidan det også krever opplæring.

KIA er positive. Ser for seg kvar fjerde veke, fram til tvl er tilbake, så rundt tre ganger. Ønsker fysisk nærhet, bruk gjerne tvl sitt kontor. Full ukevakt, så krever då 100% av ein utviklar den veka.

Jo og Fredrik er dei mest relevante frå INT, sidan dei har tidlegare sagt at dei har lyst.

Hans Kristian er positiv. Kan sjå på det som eit DevOps-tiltak, med utveksling av kunnskap.

Petter ønsker at når vi nærmer oss sommaren, at vi går gjennom ukevakt-ordninga til cerebrum drift på nytt, både med tanke på driftssenteret, alle tidstjuvar og rutiner. Den fungerer ikkje optimalt i dag.

Petter sender forslag til INT med tidspunkt for første ukevakt neste fredag, etter at det er blitt avklart om xiaoliz kan fortsette eller om det ikkje er midlar til det.

Sak 3: Overvåking av Cerebrum-loggar

Skal INT si ukevakt utvidast til å også overvåke Cerebrum sine loggar for feilmeldingar? Dette krever ein del oppfølging. Vi nådde ikkje å konkludere noko rundt dette, så vi må diskutere vidare.

Nådde ikkje dette.

Sak 4: Workshop for å gå gjennom og løyse feil

Eit anna forslag som dukka opp, var om vi skulle arbeida med å løyse Cerebrum drift sine tidstjuvar. Vi går først gjennom det daglege arbeidet til Cerebrum drift, og ser på kva dei bruker tid på. Alt dei bruker unødvendig lang tid på rapporterer vi som bøggs, som vi deretter løyser. Noko er feil som kan fiksast og fjernast, andre bøggs kan det lagast verktøy for. Større bøggs kan takast med som vanlege utviklingsbestillingar. Skilnaden på dette og ein bøggfiksingsworkshop, er at vi er oppsøkande og leiter etter problem.

Nådde ikkje dette.

Sak 5: Informasjon utad

Frå Petter: Ønske frå Knut Borge om å dele erfaringar rundt kva vi gjer for Cerebrum. Vi treng å bli enige om «mediestrategi og -innhold for vårt DevOps-forsøk, slik at vi kan presentere samme budskap».

Nådde ikkje dette.

Sak 6: Informasjon til partnarane

Cerebrum-partnarane må bli informerte, sidan dette påvirker dei. Joakim kan sende ut informasjon når vi er blitt enige.

Nådde ikkje dette.

Publisert 4. des. 2015 15:27 - Sist endret 12. des. 2015 10:33