Tilbakemeldingar etter seminaret

Ei oppsummering av tilbakemeldingane vi har fått etter Cerebrum-seminar 2016.

Vi sendte ut eit spørreskjema etter seminaret til alle som hadde deltatt, med spørsmål om kva folk meinte om seminaret, og spørsmål til etterarbeidet for USIT. Rundt 62% av deltakarane svarde på dette.

Oppsummering

Kva vi fekk ut av spørreskjemaet:

  • Vi fekk svar frå alle fire grupperingane USIT-intern, Cerebrum-partner, Cerebrum-utviklarar frå utanfor USIT og andre.
  • Alle var generelt positive til seminaret! Folk var også veldig positive til eit seinare seminar.
  • Kva som fekk mest positiv respons: Lokala, informeringa om seminaret, middagen og programmet.
  • Kva som fekk dårlegast respons: Diskusjonen dag 2, diskusjonen dag 1 og tid til å mingle og sosialisere.
  • Nokre tilbakemeldingar som gjekk att:
    • Ønske om bedre tid til diskusjonar
    • Ønske om tid til å kunne stille spørsmål
    • Mykje var nyttig blant foredraga og lyntalene
    • Ønske om at diskusjonar vart gjort i mindre grupper
    • Ønske om at alle vart introdusert, inkludert partnarar og andre påmeldte som ikkje holdt foredrag/lyntale
  • Forslag til lokasjon for eit neste seminar: Oslo, Stallen, nær ein flyplass, Trondheim, og Hawaii.
  • Folk ønska også meir tid og fleire forum for samarbeid, koordinering og diskusjonar, utanfor seminaret.

Resultat frå spørreskjemaet

Ein oversikt over ein del av spørsmåla som vart besvarde. Fritekstfelt og nokre spørsmål er filtrert vekk for å gjere resultata enklare og meir oversiktleg - ta kontakt om du vil ha desse.

Av jokim
Publisert 27. sep. 2016 12:56 - Sist endret 28. sep. 2016 18:34