Retrospekt 2019-06

Retrospekt for Cerebrum-teamet i 2019, sprint 6.

Tilstade

  • hanskfje
  • ae
  • fhl
  • jokim (ref)
  • elg
  • jonaus

1. Runde rundt bordet

Kort, uvanleg sprint. Dei fleste sakene allereie påbegynt. Stein tok ein del QA og next-saker. Neste sprint vert meir som normalen.

Ting stopper opp i QA. Kva gjer vi? Folk må jo gjerne få jobba med tinga sine også - QA tek tid. Teamet er gjerne litt lite, så det er ikkje så mange som kan revidere. Det er også ønskeleg at meir enn ein ser på ein pull request.

Diskuterte alternativ:

  • Ha med Stein og Jon som godkjende approvers? Folk bør då vere litt forsiktig med dei vanskelegare sakene, og vente til seniorutviklarar også har fått sett på.
  • At alle teams gjer QA for alle teams? Det kan uansett vere sunt, at Cerebrum-folk ser på til dømes på eValg, for å få ein frisk pust av meir "riktig" kode. :P

Einige om:

  • Alle bør vente på minst to godkjenningar før merge. Beholder kravet på 1 i bitbucket, sidan det er greit for enkle saker (tekst-endringar, kommentarar, etc).
  • Alle bør sjå på pull requests som er approved av andre også. Ikkje hopp over dei.
  • Alle bør sjå på alle teams sine pull requests. Høyrer med dei andre teamsa å gjere det samme.

Konfig-repo er ei utfordring - får veldig sjeldan approvals. Vi bør diskutere med drift om dette, og eventuelt eigarskap. Joakim tek opp i statusmøte med drift.

Bra at folk tek ansvar for sakene, og blant anna melder frå i RT til bestillar.

Planane framover? Veit ikkje, Hans Kristian som styrer det. Teamet ønsker ta python3.

Tok opp kontorlandskapet og nye kontor. Litt delt kva folk syns - mange vil bli i opent kontorlandskap, men hadde ikkje gjort noko om det hadde blitt mindre støy i lokalet.

Action Items

  • Joakim tek opp konfig-repoet på neste statusmøte i tenestegruppa, og eventuelt eigarskap.
Publisert 16. aug. 2019 13:55 - Sist endret 17. aug. 2019 20:15