Retrospekt 2019-09

Retrospekt for Cerebrum-teamet i 2019, sprint 9.

Tilstade

  • hanskfje
  • ae
  • fhl
  • jokim (ref)
  • elg
  • jonaus
  • axl
  • h

1. Runde rundt bordet

  • Vore dårlege på å bearbeide brukarhistoriene i det siste. Burde planlagt dei bedre før Sprint Planning. Kom litt uheldig ut i sprinten.
  • Stopper opp ein del i QA. Saker heng ein del der. Påvirker også seinare saker, som er avhengige av dei.

QA-prosessen

Saker heng ofte i QA. Gjer at ting går treigt/stopper opp.

  • Mange nye utviklarar. Tre av utviklarane har ikkje prodsettingstilgang endå, så er få som kan godkjenne.
  • Spesielt Fredrik vert ein trikkefaktor.
  • Fleire av brukarhistoriene er uklare, så bruker meir tid på finne ut kva som er riktig.
  • Få store saker gjer at det er lite anna å holde på med mens ein venter, og begynner på next-saker sjølv om det er masse pågåande i sprinten.

Kva kan vi gjere?

  • Få inn fleire frå dei andre teamsa til å gjere QA.
  • Før ein lager pull request: Forsikre deg om at den ikkje inneheld enkle feil som syntaks-feil, slik at du sparer ein lang runde på å vente på tilbakemeldingar.
  • Sett gjerne status "needs work" på saker du har sett på. Det gjer det enklare for eigaren å sjå at saka er blitt behandla.
  • Mange saker kunne bli tatt av unittestar. Problemet i dag er at det tek for lang tid å køyre dei, så dei vert ikkje køyrd. Det har igjen førd til at dei er utdaterte.
    • Er det lavthengande frukter vi kunne fiksa? Eigentleg ikkje. Å få fiksa vil bli veldig ressurskrevande.
  • Kva med preprod-miljøet som Cerebrum drift har klart til 1. november?
    • Kanskje dei ferske kunne få lov til å prodsette i det miljøet. Lærer litt av det.
    • Kan brukast som ein slags staging, eller automatisert testing. Usikker kor enkelt det vert.
    • Bør sjå på det etter at preprod-miljøet er oppe.
  • Det beste er å få delt opp Cerebrum i meir separate komponentar, som er meir bygd for unittesting. Dette kan gjerast litt gradvis, men usikker på korleis ein gjer det.
    • Fredrik prøver lager brukarhistorie til neste sprint for å splitte ut ein Cerebrum-komponent for testing. Ikkje sikkert det går på så kort tid, men prøver.
  • Opplæring. Det vil kanskje hjelpe om Fredrik bruker litt tid i neste sprint på å kurse resten. Få opp kompetansen på dei nye.

Action Items

  • Fredrik prøver lage story for neste sprint, for å gjere ein komponent testbar, og få testa den. Eventuelt ei utredingsoppgåve.
  • Fredrik bruker litt tid i neste sprint på kursing.
Publisert 18. okt. 2019 14:30 - Sist endret 18. okt. 2019 19:31