Retrospekt for Cerebrum-team

Tilstades

  • fhl
  • h
  • sgs
  • tisland
  • skh
  • hanskfje
  • jokim (ref)
  • axl
  • jonaus
  • ckb

Runde rundt det virtuelle bordet

  • Fleire, spesielt dei med ungar, føler dei har fått gjort lite. Spesielt grunna mykje avbrytingar på heimefronten. Bra med barnehagestart
  • Hardwaretrøbbel i heimen skaper også utfordringar.
  • Er støy frå naboar som pusser opp. Borring i blokk er ikkje bra for konsentrasjonsevnen.
  • Mange videomøter for enkelte, men funker forsåvidt greit.
  • Standup er begynt å skli ut. Er oppe i rundt 20 minuttar. Og treng vi å streame Jira? (Diskuterer dette etterpå).
  • Vi er kanskje ikkje like flinke på å sei frå om endringar. Til dømes gruppekommandoane. Det er mange som bruker bofh, så slikt påvirker mange, spesielt lokal IT, partnarane og TSD.
  • Oppfordrer til å vise fram noko på sprint review, og ikkje berre ta det muntleg. Treng ikkje vere så mykje, men bittelitt kan vere nok til at td. drift får ei bedre forståing av kva endringa handler om.

Lean Coffee Retrospective

Standup

Vi er begynt å bruke rundt 20 minuttar på standupen, så det sklir litt ut. Bør vi ha strengare regime?

Det er nyttig å dele feedbacks, spesielt no når vi ikkje lenger sit saman og kan enklare snakke over kaffekoppen. Det er også sosialt å snakke litt meir rundt, enn å berre snakke om konkrete saker. Kan riktignok ta det sosiale andre stader.

Er einige om at delt Jira-board er lite nyttig. Liten skjerm og vanskeleg å sjå, og alle kan enklare sjå på eige board.

Er hyggelig med det sosiale. Folk oppfordrast til å vise fjeset sitt på standup.

Konklusjon:

  • Vi deler ikkje Jira-board på standup. Folk kan sjå i eigen nettlesar.
  • Simeon arrangerer zoom-lønsj, for heile INT. Booker i kalendaren.
  • Joakim held strengare regime på tida på standup.

Endre INT i meir tverrfaglege teams?

Bakgrunn: BNT-leiinga anbefaler INT å vurdere bruk av tverrfaglege, meir autonome teams. Temaet får meir ansvar for å følge leveransar frå start til slutt. Kva tenker teamet om dette? Tankar om korleis det kan gjerast?

Diskusjon

  • Drift bør vere ein del av dette også. Spesielt Cerebrum drift.
  • Korleis dele? Vi har mange små prosjekt/produkt. Vil i så fall kunne bli lite jobb per produkt, men evt mange teams. Kva produkt heng naturleg saman og ikkje?
  • Opplevast som vanskeleg å diskutere, fordi det er lite konkret akkurat no.
  • Kan vere vanskelegare for ein fagansvarleg å ta prioriteringar om teknisk gjeld enn Hans Kristian. HKF er ein pitbull når han vil, noko som er vanskelegare for dei "på gølvet".

Konklusjon: Teamet er kanskje litt positive, i alle fall til å diskutere vidare, men då noko meir konkret.

Informere andre om endringar

Vi er kanskje ikkje alltid så flinke til å informere om endringar, til dømes bofhd-kommandoar. Kva gjer vi med dette?

  • Kommunikasjon viktig.
  • Uklart kven vi kan kontakte.
  • Burde vi heller lagt ut nokon change log, så folk kan sjekke sjølv?
    • Er arbeidskrevande. Og ulike målgrupper. Vanskeleg å få kommunisert på riktig nivå.
  • Savner ein oversikt over kontaktpunkt.
  • Vi prodsetter kanskje endringar litt for fort. Td. at vi prodsetter for UiO, men gløymer å tenke over om det har konsekvenser for andre instansar.
  • TSD er eit anna problem. Dei har treigare prodsettingar, og går fort glipp av dei manuelle stega som vart gjort for nokre vekar sidan. Det er ikkje dokumentert nokon stad.
    • Tagge prodsettingar på eit vis?
  • Cerebrum er spesielt komplisert og vanskeleg å kommunisere om.
  • Vi bør vite kva vi treng av informasjon. Kva målgruppe treng kva info? Kanskje vi treng ulike ting per ulike grupperinger?

Konklusjon:

  • Joakim lager oversikt over kontaktpunkt, i miljøoversikten til INT.
  • Joakim lager story for å grave i kva vi treng av kommunikasjon til kven, for kva produkt. Så vi får sett på det i ein kommande sprint.
Publisert 24. apr. 2020 12:57 - Sist endret 13. jan. 2023 15:36