Oppstartsmøte i arbeidsgruppa

Første møte i arbeidsgruppa for å «Utrede hva som må gjøres for at NTNU, UiT og UiO skal kunne bruke samme kildekode for Cerebrum».

Mål for møtet er å bli enige om målet med denne aktiviteten og få lagt ein plan for korleis vi angriper det. Frist for utredinga er 1. mars.

Tilstades

  • Tobias Langhoff (UiO, drift)
  • Kai Vaade (UiO, drift)
  • Fredrik Larsen (UiO, utvikling)
  • Joakim Hovlandsvåg (UiO, ref)
  • Steinar Kleven (NTNU)
  • Kenneth Johansen (UiT)

Sak 1: Om aktiviteten og arbeidsgruppa [informasjon]

Introduksjonsrunde. Kvar enkelt si rolle i aktiviteten.

Joakim introduserer om formål og mål med denne aktiviteten. Vi har hatt eit internt møte om mandat for arbeidsgruppa for BOTT-Cerebrum. Kjem frå IAM workshop, som bestilling frå IT-BOTT for å samkøyre Cerebrum for å kunne seinare vurdere til bruk som IAM i BOTT.

Positive til felles kodebase. At UiO-Cerebrum er ein forutsetnad er heilt greit for arbeidsgruppa.

Cerebrum har mulighet for institusjonsspesifikke modular, men skal det bli felles må vi ta nokre grep for at det skal fungere.

Må definere kva som meinast med «kodebase» i denne samanhengen. Er plugins td. med?

I første omgang: sjå på dei forskjellige kodebasane og diffe dei.

Ser for oss å både vurdere arbeid for kort sikt, og arbeid for lengre sikt. Iførste omgang kjernefunksjonaliteten, og la mixins vere urørt, i første omgang. Vi har eit mixins-opplegg, som kan fungere nokonlunde ok i starten. Bør gjerast gradvis, sidan det er mykje. Set oss ein overordna retning.

Databasen bør brukast likt. Er litt skilnad mellom UiO og NTNU.

Forutsetnad: Eksisterande tenester må leve vidare etterpå. Kan hende vi må sjå på små endringar i integrasjonen, men skal fungere. NTNU har nokre punkt som er flagga som dei må beholde: UTF8 i Cerebrum core, og bruk av ID-porten for verifisering av brukar første gang. UiO har anna som må leve.

Snakka litt om det tekniske:

  • Diskuterte UTF-8. Felles ønske om å komme seg over på full unicode. Må skjer før 2020.
  • NTNU køyrer også python 2.7.
  • Tok opp litt dømer på kode som skiller, bl.a. prioritering av account_types, og at NTNU gir exception om account er expired.
  • UiO bruker job_runner, NTNU bruker cron. På NTNU er det lite Cerebrum starter sjølv, er gjerne andre tenester som starter jobbane. UiO har masse som startast internt.

Driftsmessig: Ønskeleg å samkøyre driftinga for Cerebrum. Å flytte driften til ein av institusjonane er utanfor arbeidsgruppa sitt mandat - kjem nok til å bli tatt i IAM-løpet i IT-BOTT.

Sak 2: Mandat for aktiviteten [diskusjon]

Det skal bli utarbeida forslag til mandat, utfrå internt møte om mandat. Kva meiner folk? Er vi enige om målet?

Var innom i Sak 1. Joakim tek tilbakemeldingane og skriv forslag til mandat og sender ut på e-postlista.

Sak 3: Vidare arbeid [diskusjon]

Korleis ønsker vi å arbeide? Kva må gjerast?

Kor legg vi filer og dokument? Felles git-repo? Vortex på UiO? Sharepoint hos NTNU? pastebin?

Ang. plassering av filer etc: Vegen blir til mens vi går. Ser på kor vi legg ting etterkvart som det skjer. Kan bruke ulike alternativ.

Joakim oppretter nettside-område for aktiviteten, og gir Feide-tilgang.

Kommunikasjonskanalar: Prøver IRC (#cerebrum-devel) og e-postliste. Alle logger seg på #cerebrum-devel, og Joakim oppretter e-postliste for arbeidsgruppa.

Vegen vidare:

  1. Først få oversikt over skilnadane mellom kodebasane, spesielt UiO og NTNU, før vi kan gå vidare. Fokus på dette.
  2. Deretter sjå på visjon, spillereglar og kva vi må gjere med skilnadane.

Sak 4: Til neste møte [diskusjon]

Kven gjer kva til neste møte, i neste veke?

Ok med videokonferanse, som i dag?

Tek neste møte som videokonferanse. Fungerte bra.

Arbeid til neste møte:

  • Alle logger på IRCNet: #cerebrum-devel
  • Joakim: Reinskriver mandatet utfrå diskusjon i dette møtet.
  • Joakim oppretter e-postliste for arbeidsgruppa (etter møtet: bott-cerebrum@usit.uio.no)
  • Steinar sender ein dump av db-schema til NTNU, for kva som faktisk er i bruk.
  • Steinar sender kva NTNU har i cereconf.CLASS_*. Evt fjerner sensitivt frå cereconf og sender heile.
  • Fredrik begynner å sjå på diff i Cerebrum core med NTNU.
  • Tobias ser på kva som er ønskeleg å beholde av det driftsmessige på UiO.

Eventuelt

Publisert 10. jan. 2017 09:17 - Sist endret 13. jan. 2023 12:40