Statusmøte BOTT-Cerebrum

Møte for å diskutere skilnadane mellom kodebasane.

Målet for møtet er å få eit bedre innblikk i skilnaden, og bli enige om vegen vidare.

Tilstades

  • Steinar Kleven
  • Kenneth Johansen
  • Fredrik Larsen
  • Tobias Langhoff
  • Kai Vaade
  • Joakim Hovlandsvåg (ref)

Sak 1: Mandat [beslutting]

Er forslag til mandat utsendt på lista ok? Kan det godkjennast, eller trengs det endringar?

Skal vi inkludere noko føringar rundt DevOps?

Mandatet er tentativt greit for dei på møtet. Steinar les mandatet i etterkant av møtet og sender eventuelle kommentarar på e-post.

Sak 2: Diff mellom UiO og NTNU [diskusjon]

Fredrik oppsummerer kva han har funne ut etter å ha sett på diffen mellom UiO- og NTNU-Cerebrum.

Ikkje fått gjort så mykje som han ønska. Har sett på diff, og er diff i omtrent alle filer. Mykje er insignifikante differansar, men gjer likevel at vi bør sjå på kvar enkelt fil. Gjer at det tek meir tid.

Nokre punkt Fredrik tok fram:

  • Er endringar i API-et, men mykje er relativt enkelt å løyse. Migrering kan likevel vere ei utfordring.
  • Ein del OU-funksjonalitet har blitt flytta ut til mixin hos UiO, som NTNU ikkje har gjort.
  • Større utfordring: Database-versjonar, td v 1.15, er heilt ulik på UiO og NTNU, sidan vi har laga dei uavhengig av kvarandre. Korleis løyser vi dette? Lage nye versjonar, høgare enn den høgste hos kvar av oss i dag?
  • CereWeb kan tenkast å skille ut i eige repo. Bruker Cerebrum-APIet, men er ikkje ein del av core. Kan ligge der til vi får på plass bedre rammeverk for alt utanfor core.
  • NTNU bygger Debian-pakke, med bruk av git-tag/brancher. UiO sjekker ut kode direkte, men vurderer RPM-pakker.
  • Noko vi alle må sjå på: alt som ligger under extlib/. Bruker i dag db-row og plex. Er ikkje python3-kompatibelt, så bør skrive om noko der. På sikt.
  • Ingen ser ut til å bruke mappa docs/. Er utdatert.
  • Ønskeleg å kategorisere skilnadane, før vi ser på kva vi må gjere med dei.
  • Ved merge, kva gjer vi med historikken? Forslag å beholde gamle repoet som arkiv i readonly.

Enighet om at vi skiller ut Cerebrum core til eit eige repo. Modules plasserast i eigne repos. Det er ikkje viktig om det er eit ferskt eller gamalt repo.

Vi har behov for versjonering av Cerebrum for å handtere dette. Må sjå på det seinare i arbeidsgruppa.

Kan hende det er ønskeleg å bruke noko github, så det ikkje er låst av ein institusjon. Ser på verktøy seinare.

Fredrik jobber vidare med å sjå på differansen mellom NTNU og UiO-Cerebrum til neste møte.

Steinar fikser nokre av dei enkle tinga med ein gang. Skaper ikkje trøbbel for Fredrik sitt arbeid.

Sak 3: Diff med UiT [diskusjon]

Kva er status frå UiT-Cerebrum? Kor langt unna UiO-Cerebrum ligg den - i tid eller i kode?

Skal over på UiO-Cerebrum i løpet av våren. Den gamle UiT-Cerebrum er så gamal og ustabil, er ingen veg tilbake.

Har hatt UiO-Cerebrum køyrande i test frå april, og samanliknar datagrunnlaget no fortløpande. Køyrer schema 0.9.17. Er to små schema-oppdateringar sidan då.

UiT treng i utgangspunktet ingen endringar frå si side for å komme over på ein felles Cerebrum core.

Sak 4: Drift av Cerebrum [diskusjon]

Tobias oppsummerer kva han ønsker å beholde frå UiO rundt driften av Cerebrum.

Treng å beholde job_runner inntil UiO finner erstatning, men hindrer ikkje NTNU å bruke cron. Bruker systemd, så vurderer å legge det inn i konfig-repoet.

Treng å kunne deployere versjonar. UiO vurderer å bygge RPM-pakker, mens NTNU bygger Debian-pakker. Mykje er ikkje implementert, er på ønskelista.

Ønsker å bli enige om felles for kva vi støtter rundt driften.

NTNU har eigne loggtenarar, eigne utviklingsrutinar, driftsrutiner og testrutiner.

Er ønskeleg at vi blir enige om felles verktøy og prosessar, men vi skal ikkje sette føringar på det som ligg utanfor Cerebrum, td. kva jobb-handteringsverktøy skal bruke og kva loggtenar som skal brukast.

Ser meir på dette seinare i arbeidsgruppa.

Sak 5: Til neste møte [beslutting]

Kven gjer kva til neste møte? Når vil vi ha nytt møte?

  • Fredrik får oversikten over resten av differansen mellom UiO og NTNU-Cerebrum
  • Steinar fikser enkle differansar i NTNU-Cerebrum
  • Kenneth gir tilgang til UiT-Cerebrum
  • Steinar sjekker brukarhistoriedokumentasjon: Ser på å gje oss andre tilgang til NTNU sin Jira
  • Joakim lager ein brukarkonto til Kenneth i UiO Jira.

Eventuelt

USIT jobber med veikart for Cerebrum, som leveranse til IT-BOTT. Relatert til dette:

  • Fredrik ønsker å lufte tankar om versjonering av Cerebrum. Det er litt tidleg for denne arbeidsgruppa, men det skal diskuterast på USIT på fredag.
  • Fredrik ønsker å lufte tankar om arbeid for å skille/separere ut foretningslogikk i/frå Cerebrum. Steinar seier frå kva endringar som vert gjort.

Versjonering vart diskutert i Sak 1.

Forretningslogikk: Bør standardisere og gjere plugin-basert. Har bl.a. sett på Blinkist og ZeroMQ. Arbeidsgruppa positive.

 

Publisert 10. jan. 2017 13:01 - Sist endret 17. jan. 2017 15:11