Frys av Cerebrum

Møte med produkteigar av UiO-Cerebrum for å diskutere frys av Cerebrum. Mål for møtet er å bli enige om frys av Cerebrum for å forenkle arbeidet med å slå saman kodebasane, og kva planar som evt. kan forskyvast.

Tilstades

  • Fredrik Larsen
  • Joakim Hovlandsvåg (ref)
  • Hans Kristian Fjeld (produkteigar Cerebrum)

Sak 1: Frys av Cerebrum

Arbeidsgruppa for BOTT-Cerebrum ønsker at kjernen av Cerebrum endrer seg minst mulig fram til samanslåinga, så langt det er mulig. Diffing tek lang tid, og skilnader må koordinerast for å gjere det mulig å slå saman. Er ikkje krise om koden endrast, men det skaper mykje ekstraarbeid i samanslåinga.

Høyrast fornuftig ut. I første halvår er det mye fokus på eValg, så sånn sett passer det bra.

Kva kan gjerast og ikkje? Alt som rører Cerebrum core bør utsettast, som betyr det meste bortsett frå skript som vi veit berre brukast av UiO. Automatiserte grupper bør  forskyvast, og delen av FSWS som rører kjernen.

Konklusjon: Vi set som mål å slå saman kodebasane innan 1. juli, og innfører frys av Cerebrum core så langt det er mulig.

Eventuelt

Publisert 9. feb. 2017 09:21 - Sist endret 9. feb. 2017 09:24