Statusmøte i arbeidsgruppa

Mål for møtet: Få satt i gang arbeid på alle delmåla til arbeidsgruppa, for å få levert innan 1. mars!

Tilstades

  • Fredrik Larsen
  • Steinar Kleven
  • Kenneth Johansen
  • Tobias Langhoff (siste halvdel)
  • Kai Vaade
  • Joakim Hovlandsvåg (ref)

Sak 1: Frå forrige møte [informasjon]

Oppfølging frå forrige møte:

  • Hadde lagt til feil e-postadresse på Kenneth i e-postlista. Kenneth har fått e-post?
  • Fredrik sender ut differanser på e-post, med kodereferanse
  • Fredrik legg ut konfig for UiO
  • Kenneth, Steinar og Tobias legg inn brukarhistorier. Send ut e-post når gjort.
  • Diskuterer uavklarde punkt utsendt på e-post. Har nokon sett på?
  • Fredrik bedt om meir tid denne sprinten.

Kenneth treng feedback før han kan starte på brukarhistoriene, sjå sak 6.

Joakim prater med Tobias om brukarhistorier.

Steinar har begynt å sjå på endringane i NTNU-Cerebrum, i diskusjon med Geir Hauge. Mykje ser ut som enkle ting, men noko skape hauebry, bl.a. add_affiliation. Steinar har sendt på e-post og ber om tilbakemelding. Kanskje dette heller er ein jobb for UiO å få fjerna (ref.anm: UiO har allereie fleire stories relatert til dette, bl.a. CRB-1196). Likevel usikker på om vi når fristen til 1. juli. Fredrik ser på, vurderer å ta opp prioritet av å få rydda med Hans Kristian.

Hans Kristian funne person å ta kontakt med på NTNU. Joakim høyrer om status.

Sak 2: Joakim ut i permisjon [beslutting]

Joakim forsvinn i fire veker, mest sannsynleg frå neste veke. Kven koordinerer vidare?

Har mykje arbeid og lite tid att.

Tobias får framdriftsansvar frå no av: Sjå til at leveransar kjem på plass til 1. mars, og å kalle inn til møte mandag 27. februar.

Joakim informerer Hans Kristian om status.

Sak 3: Status leveranser [diskusjon]

Vi har no 1.5 veker att, og har forskjellige leveransar frå mandatet. Når vi det, eller treng vi meir tid?

Kven kan gjere kva?

Vi vil ikkje nå å få ein komplett og grundig oversikt over alt i Cerebrum, men vi vil få fullført Cerebrum core og samarbeidsform. Resten må vi ta undervegs i arbeidet.

  • Fredrik ansvar for å få ferdig oversikt over utviklingsbehov
  • Tobias får ansvar for dokumenta rundt samarbeidsform

Sak 4: Oversikt over utviklingsbehov [diskusjon]

Kva er det som gjenstår for å få oversikt over utviklinga som trengs før vi er ferdige?

Fredrik jobber vidare og tek det på e-post. Steinar oppfordrer til å legge ut på nettsida fortløpande.

Nokre spørsmål:

  • CIS: NTNU bruker ikkje, einaste med SOAP er CereWS.
    • NTNU fjerner CIS-referansar frå sin kode, sidan ikkje i bruk.
  • DNS: NTNU bruker ikkje.
  • Passordvalidering: Snakka om før, NTNU flytter passordsjekkar etter USIT sine oppdateringar
  • LMS-eksport og -import: Brukast ikkje av NTNU. Endringane er sikkert berre USIT sine frå gamalt av.
  • job_runner: NTNU bruker ikkje, men ønsker å bruke. USIT anbefaler NTNU å vente med å ta i bruk til vi har fått utreda ny og bedre løysing, i CRB-1286.
  • process_entity: NTNU bruker ikkje, heller ikkje process_students. UiT bruker heller ikkje process_entity, men bruker process_students.
  • XMLUtils: Masse endringar mellom USIT og NTNU. NTNU henter frå kjernen med ABCimport. Skal bli kvitt denne, og gå over til noko JSON-basert provisjonering. Lite sannsynleg at NTNU bruker XMLUtils. USIT og UiT bruker.
  • Logging må vi sjå på, på sikt.
  • CereWeb ligg under clients/cereweb/. Gamal, bruker spyne - ikkje fornøgd med kodekvaliteten.
  • E-postmodulen: Frå tidlegare møter, NTNU bruker den veldig annleis enn USIT. UiT bruker e-postmodulen.
    • Redd for at EmailLDAP og LDAP-eksportar skaper utfordringar. USIT bruker og har endra i stor grad.
  • VirtualGroup: NTNU har endra litt på, og USIT har fiksa bøggs. Fredrik går gjennom endringane.
  • NTNU har generelt endra eksportar, så omtrent alt går med REST mot TIA. NTNU bruker omtrent ingen av dei spesifikke eksportane i contrib/. Gjer gjennomgangen til Fredrik mykje enklare!
  • Steinar sender oversikt over kva cron hos NTNU gjer, så Fredrik ser kva som er i bruk.

Sak 5: Visjon for samarbeidet [diskusjon]

Joakim sendte ut utkast til visjon, med meir. Kva meiner vi?

Gjekk gjennom detaljane.

  • Uformelt: Samarbeidet kan ikkje vere for uformelt. Vi treng ein viss grad av formalitet for å ikkje skli frå kvarandre. Bør omformulere setningen.
    • Poenget her er at må vere enkelt for ein utviklar å foreslå endringar.
    • Må likevel hindre at til dømes nokon kjem med ei endring som skaper hundrevis av driftstimar, utan at alle har blitt enige om endringane.
    • Vi må tilrettelegge for å kunne få opp idear for diskusjon før dei vert realiserte.
  • Organisering: Kor mykje skal samarbeidet styre?
    • Samarbeidet må prioritere det som er felles for alle, foran lokale behov. Typisk det som kjem grunna regelverk, eller til dømes Cristin-integrasjon.
    • Vil komme prioriteringsbehov, alltid mangel på ressursar.
    • Treng finne nøkkel for prioritering.
    • Styringa må bli ein delt ting, noko må prioriterast i fellesskap, der det gir mest gevinst for alle. Kvar institusjon må prioritere sine eigne saker for seg sjølv.
    • Vanskeleg balanse mellom kor mykje "makt" samarbeidet skal ha over prioriteringar, sidan vi ikkje ser klart for oss korleis samarbeidet skal fungere. Om samarbeidet skal ha makt, fører det fort til at det også treng styring over eigne ressursar og/eller økonomi. Korleis? Dette er ikkje noko arbeidsgruppa har kompetanse på.
    • Vi foreslår at samarbeidet er veldig enkelt, mens på sikt opner for meir "makt" i samarbeidet.
    • Inkluder i anbefalinga om at vi ikkje må skape for mykje byråkrati!
  • Ok at USIT kan beslutte heilt i siste instans - PO på USIT.
    • Er originalt USIT sitt produkt.
    • Oppstår nok ikkje, men greit å ha ein sambuaravtale
  • Ser for oss noko Github-flow-ish. Må diskutere detaljane der.
    • NTNU prodsetter relativt ofte i master, utan at det går i release. Bamboo står og bygger fortløpande.

Joakim legg til endringane. Tobias tek over ansvaret for å fullføre dokumentet.

Sak 6: UiT og kodediff [diskusjon]

Spørsmål frå Kenneth:

i uit repo (som fredrik har fått tilgang til)
ligger det nå en fil: cerebrum/contrib/no/uit/uit_addons/scripts/felles_kodebase/diff.log

Denne filen er laget med: git fetch uio master og viser output fra git pull.
med andre ord den viser konflikter vi (uit) vil få om vi merger koden vår nå. som vist i filen ligger nesten
alle konfliktene under /contrib/no/uit og modules/no/uit. Dette er ikke noe problem. koden her har vi kontroll over.  ellers er det noen få konflikter til blandet annet
+under contrib/no/uio, men det har jo dere kontroll på. afaik så er det ingen konflikter(der uit og uio kode har divergert) i core.

men..kan noen se over dette og bekrefte at jeg har tenkt riktig når jeg har laget denne diffen?

Er det noe jeg burde ha gjort anderledes/ikke tenkt på/oversett ?

Fredrik tipsa om å alternativt berre sjekke ut begge repo separat og køyre `diff -r` på dei. Får mykje skilnader, men gjerne enklare å få oversikt.

Sak 7: Verktøy [diskusjon]

Arbeidsgruppa skal vurdere bruk av fellesverktøy. Kva meiner folk?

Koderepo: Blir ikkje heilt riktig at felleskoden skal leve hos ein av institusjonane, sidan det er felles. Sånn sett høyrast github.com mest riktig ut.

Brukarhistorier: Kanskje github sitt tracking-system er godt nok, evt. USIT Jira.

Må sjå meir på dette, er veldig usikkert no. Arbeidsgruppa er open for verktøy både utanfor og hos ein av institusjonane. Vi må også vere opne for å bytte i framtida - kan prøve noko lokalt først og så heller sjå kva som passer best.

Joakim høyrer med tenestegruppe for utvikling om bruk av USIT-produkt for samarbeidet, og deira meiningar.

Ser for oss å skille ut Cerebrum core til eige repo. Vert eit veldig generelt bibliotek som andre kan sette som dependency. Fredrik ser for seg ein portfolio av masse produkt som kan kombinerast. Krever at vi får skild ut forretningslogikken frå Cerebrum core, vil ta litt tid. Arbeidsgruppa positive til forslaget.

Visjonen bør berre inkludere at vi skal bruke samme verktøy. Kva verktøy som skal brukast kan endrast, men ønsker samtidig stabilitet.

Sak 8: Plan for overgang [beslutting]

Joakim har laga utkast til plan for korleis vi får slått saman. Anbefaler at ein person får ansvaret for å ferdigstille dette.

Folk ser på og kommenterer på e-post. Fredrik overtar dokumentet.

Kommentar om at NTNU sin git-historikk ikkje trengs i Cerebrum core-repo.

Sak 9: Til neste møte

Når er neste møte, og kven gjer kva?

  • Joakim oppdaterer visjonsdokument og seier frå på e-post.
  • Joakim, Steinar og Kenneth sender ut visjonsdokument på intern høyring når klart.
  • Tobias gjer klart dokumenta om samarbeidet etter tilbakemeldingar.
  • Kai legg til detaljar om drift i dokumenta om samarbeid og Cerebrum core. Diskuterer med Tobias og evt. andre i KIA.
  • Joakim høyrer med Hans Kristian om status på bestiling/prioritering frå NTNU.
  • Steinar sender oversikt over kva cron gjer, så Fredrik ser kva som er i bruk.
  • Fredrik fullfører arbeidet med differansen, og sender ut forslag til kva som må gjerast på e-post/chat.
  • Fredrik ser på e-posten frå Steinar om affiliation, og vurderer om det skal ryddast opp i UiO-Cerebrum.
  • Kenneth og Tobias lager brukarhistorier for UiT og UiO.
  • Tobias kaller inn til møte mandag 28. februar, for å sluttføre aktiviteten.
  • Alle ser over plan for korleis vi får slått saman og diskuterer på e-post.

Kommentar om at vi må nesten sette i gang med utviklinga no med ein gang skal vi nå fristen 1. juli!

Eventuelt

Publisert 13. feb. 2017 15:20 - Sist endret 17. feb. 2017 21:23