Gjennomgang av leveransen til arbeidsgruppa (QA)

Formål: Gjennomgang av første leveranser fra arbeidsgruppa i  BOTT-Cerebrum.

Tilstades

  • Fredrik Larsen (USIT)
  • Hans Kristian Fjeld (USIT)
  • Joakim Hovlandsvåg (USIT)
  • Steinar Kleven (NTNU)
  • Stein Stendahl (NTNU)
  • Ola Ervik (NTNU)
  • Geir Hauge (NTNU)
  • Lein-Mathisen Terje (UiT)
  • Kenneth Johansen (UiT)

Sak 1: Arbeidsgruppa presenterer leveranser

Dokumenta er sendt ut på førehand. Fredrik tek kort gjennomgang.

USIT, NTNU og UiT har utvikla ein del funksjonalitet kvar for seg, og dette må slåast saman før vi kan samlast. Vi vil ha utfordringar med å blant anna slå saman delar av ChangeLog, logging og bygging av Cerebrum, då dette er brukt ulikt. Det er også nødvendig å innføre støtte for plugins i Cerebrum, for å enklare støtte separat utvikling og meir automatisering.

NTNU har allereie løyst ein god del av skilnadane, og ein del er allereie prodsatt.

Nokre brukarhistorier må gjerast av institusjonane i samarbeid. Fredrik går gjennom desse og ser korleis få løyst dei.

Sak 2: Spørsmål og diskusjon av leveransene

Folk er generelt positive til samanslåinga og forslaget.

Tidsfrist

Er ønskeleg at vi held fristen 1. juli, då USIT har frys på sin Cerebrum fram til samanslåing. Er ikkje ein hard frist, så kan diskutere å utsette den.

Negative konsekvenser?

Skal i utgangspunktet ikkje miste funksjonalitet. Vi vil bygge opp noko teknisk gjeld ved samanslåinga, som må jobbast med i etterkant.

Ressursbehov

NTNU usikre på ressursar, så kan ikkje love noko endå. Dei vil ha bedre oversikt over ressursar etter neste tysdag, og kjem tilbake til USIT etter dette.

Steinar har estimert til 6 veker med arbeid for NTNU. Er mange saker, så estimatet har stor usikkerhet.

NTNU treng nokre salgsargument å ta med oppover, for å argumentere for å få ressursane for arbeidet. Ber USIT om å liste opp noko ny funksjonalitet som NTNU kan enkelt ta i bruk rett etter samanslåinga. Nemnd i møtet:

Spelereglar og styring

Viktig at styringa av samarbeidet er godt gjennomtenkt og begrunna. Det skar seg forrige gang, utan at vi veit akkurat kvifor. Mykje er likevel annleis denne gangen.

NTNU stiller spørsmål om at USIT har siste ord ved uenighet. Møtedeltakarar positive til forslag om å endre eskaleringa til eit råd med alle produkteigarar/seksjonsleiarar hos kvar deltakande institusjon.

BOTT-IAM

Cerebrum er berre ein kandidat, ikkje avklart at det vert Cerebrum som BOTT-IAM. Arbeidet vi gjer her er likevel nyttig, då det gjer eventuell overgang til anna løysing likare og enklare for institusjonane.

Eventuelt

Hans Kristian ønsker å få estimert gjenståande arbeid meir detaljert. Ønsker å inkludere Steinar og Geir i dette.

USIT Jira var nedlåst. Joakim opner opp for verda, så ein ikkje treng å logge på for å få oversikt. (ref.anm: det er no opna opp).

Publisert 25. mars 2017 18:29 - Sist endret 25. mars 2017 18:29