Fase 1: Er vi på riktig veg?

Mål for møtet: Bli einige om korleis vi jobber saman med fase 1 av samanslåinga, fram til jul.

Tilstades

 
Referat forrige møte: Planlegge fase 1.

Sak 1: (12:30) Status [diskusjon]

Kva er status for arbeidet med fase 1? På CRBPRE-boardet har 4 saker blitt løyst forrige veke (53 saker i backlog).

  • Er det framgang?
  • Er det noko som ikkje funker, er vanskeleg eller skaper hindringar/forsinkingar?

Diskusjon

Samarbeidet mellom USIT og NTNU fungerer bra.

Det er svak framgang, men på USIT er det mange avbrytingar, så det vart ikkje gjort så mykje forrige veke.

Oppfølging

Joakim ser på muligheter for færre avbrytingar.

Sak 2: (13:10) Framgang [diskusjon]

Kor langt vil vi komme med arbeidet, og kor lang tid vil vi trenge for fase 1, del 1 (grovarbeidet)?

Kan det evt. målast? Om ein ser på stories i CRBPRE-boardet har 4 saker blitt løyst forrige veke, og det ligg 53 saker i backlog. Basert på det datagrunnlaget, med grov forenkling, når vi 8 saker til før jul, og vil trenge 2-3 månadar til for å bli ferdig med fase 1. Har teamet samme oppfattinga?

Diskusjon

Som nemnd i Sak 1, så har vi ikkje kome så langt grunna avbrytingar. Fredrik har td. berre nådd å prodsette saker.

Vi vil trenge under 2-3 månadar for å bli ferdig med fase 1, men usikkert kor mykje mindre.

Oppfølging

Joakim informerer Hans Kristian om status.

Sak 3: (13:20) Neste møte [beslutting]

Blir einige om tid for eit oppsummeringsmøte før jul, med fokus på vegen vidare med fase 1.

Forslag: Torsdag 21. desember kl 10-11.

Diskusjon

Folk tek ferie mot slutten av desember.

Oppfølging

Joakim blir enig med Geir om passande tidspunkt for eit avsluttande møte før jula slår oss inn.

Eventuelt

Avslutta 12:50, sidan ikkje så mykje å ha status på.

Publisert 9. des. 2017 21:32 - Sist endret 11. des. 2017 13:08