Mandat for tenestegruppa Cerebrum

Dette er eit utkast til mandat til tenestegruppa Cerebrum og dei ulike delane av den. Bakgrunnen for utkastet er at fleire i tenestegruppa ikkje veit kva som er deira ansvar og ikkje, som gjer jobben deira tyngre enn det den treng å vere.

Formål

Brukaradministrasjons- og identitetsforvaltningssystemet Cerebrum er involvert i mange integrasjonar både på UiO og i UH-sektoren, og krever god, riktig og brei kompetanse, både rundt utvikling, drift og forvalting. Tenestegruppa har som formål å styrke dette.

Tenestegruppa har som mål:

  • Å holde eit høgt fagleg nivå blant alle medlem av tenestegruppa og Cerebrum som system.
  • Å tilrettelegge for koordinering, samarbeid og kompetansedeling mellom gruppene KIA og UAIT, som har drift og utvikling.

Sjå også Retningslinjer for tjenestegrupper på USIT.

Ansvar og oppgaver

  • Koordinere mellom drift (KIA) og utvikling (UAIT).
  • Jobbe for eit høgt fagleg nivå og kompetanse blant tenestegruppemedlem.
  • Fortløpande forbedre og opprettholde høg kvalitet på systemet Cerebrum og alt som høyrer til av miljø og tenester.
  • Ha god dialog med partnerane til Cerebrum.
  • Trygge, sikre og beskytte Cerebrum som system.
  • Dokumentere og informere om kva vi gjer, for våre interessentar.

Tenestegruppa har ei bestillarrolle for bestillingar til Cerebrum utvikling og Cerebrum drift. Om tenestegruppa ser behovet for endringar i miljø, system eller organisering kan dette bestillast av tenestegruppa, på lik linje som alle andre interessentar av Cerebrum.

Oppgaver som ligg utanfor tenestegruppa, eller som ikkje er definert:

  • Førstelinjesupport, dvs. saker som gjeld enkle spørsmål frå sluttbrukarar. Cerebrum skal bistå førstelinja og holde dei oppdaterte på endringar.
  • Brukaradministrasjon/brukerreg - Dette tilhøyrer sikkerhetssjef, IT-support og andre delar av USIT. Cerebrum skal bistå med verktøy for å utføre administreringa, og andrelinjesupport ved behov. Det trengs ei avklaring på kor dette høyrer til i organisasjonen.
  • Forvalting av namnerom for brukarar og grupper - Det er ikkje avklart kven som har ansvar for dette.
  • Forvaltning - Begrepet forvaltning er eit vidt begrep, og alt som ikkje er direkte relatert til Cerebrum ligg utanfor tenestegruppa.

Tenestegruppeeigar

Har ansvar for tenestegruppa og Cerebrum som system.

  • Prioritere kva Cerebrum skal fokusere på.
  • Delegere ansvar og oppgaver, der det er hensiktsmessig.
  • Rapportere til ledergruppa på USIT.

Tenestegruppeleiar

Har som oppgave å sjå til at tenestegruppa fungerer i det daglege arbeidet.

  • Rapportere til tenestegruppeeigar.
  • Bidra til god koordinering mellom Cerebrum drift og utvikling - sjå til at drift og utvikling koordinerer og samarbeider, og bidra til å bedre dette samarbeidet.
  • Oppfølging av partnerane til Cerebrum, som betyr å følge opp henvendelsar som ikkje gjeld den daglege driften.
  • Finpusse bestillingar som kjem inn - ha ein dialog med partnarar for å skaffe nok informasjon om bestillingar til at tenestegruppeeigar og Cerebrum utvikling kan vurdere bestillinga og kunne levere ei god løysing.
  • Ha teknisk oversikt over Cerebrum til å kunne bistå partnarar, drift og utvikling, og vere ein tolk mellom desse når det er nødvendig.

Cerebrum drift og utvikling

Sjå Grensegang mellom drift og utvikling for fordelinga av meir konkrete oppgaver.

Av jokim
Publisert 10. des. 2014 07:06 - Sist endret 26. sep. 2017 13:00