Tenestegruppestatusmøte 7. januar 2015

Status- og koordineringsmøte januar. TSD og AD2.

Tilstades: hanskfje, elisabhs, jokim, tvl

Agenda

  • Nytt produksjonsmiljø - status og plan framover - konsekvensar for både drift og utvikling
  • Stagingmiljø - sjå dette i samanheng med nytt prodmiljø?
  • RT-køene - alt ferdig?
  • Eventuelt, om tid:
    • Versjonering av Cerebrum
    • Neste tenestegruppemøte

Referat

Versjonering av Cerebrum

  • Kommentar frå tvl: enkelt å bruke git-tags for enkel oversikt, ønsker at vi også tek med det.
  • jokim presenterer dette på neste tenestegruppemøte, og diskuterer om vi skal gå for dette

Nytt prodmiljø

  • tvl har sendt lenke til dokumentasjonen: https://www.usit.uio.no/om/tjenestegrupper/cerebrum/sysadmin/aktiviteter/nytt-prodmiljo-2014/
  • tvl ser for seg meir å gå for RHEL7. Har bl.a. python2.7 som standard. xiaoliz hadde laga ein lang oversikt over endringane, frå 2011, men usikker på kor komplett den er.
  • Kommentar frå hanskfje: Vi har knapt med tid, men om lite som skal til for å få oss opp på python 2.7 så er det supert.
  • Kor mykje samarbeid trengs? tvl har støtta på litt som treng tilbakemelding frå utviklarane.

Infrastruktur

Tanken er ei virtuell maskin per instans, mens ei felles maskin for alle instansar for stagingmiljø. Kjem kanskje an på kostnadane til partnarane. Tek gjerne UiO først.

Staging skal vere så likt prod som mulig.

Ei løysing er å samle alle partnerane på samme staging-serveren, men UiO har sin eigen, men vert då mindre likt prod. Diskuterte dette.

Failover: Ikkje failover på dei virtuelle maskinene, men dei kan flyttast i VMware.

Plan framover

  • tvl ønsker litt bistand frå utviklarar, bl.a. for python2.6 og 2.7, og anna feilsøking. Dette passer bra saman med at UAIT sin neste sprint handler om oppgradering til python2.6. Jo er gjerne ein aktuell kandidat. Er litt begrensa med tid, så kan ikkje bruke så veldig lang tid. Neste veke. Lager user stories i denne utredninga.
  • Må også sjå på kor mykje som krevast for python 2.7, og kan lage eigne user stories på dette også. Så kan det vurderast i planlegginga av neste sprint.
  • Drift ser for seg at det er enklare for dei å gå rett over til RHEL7 og python2.7, så dei ønsker seg at vi går direkte dit.
  • Planen vert då at Jo og tvl utreder dette før slutten av neste veke.
  • tvl vert fritatt frå ukevaktene snart, for å få fokus på denne aktiviteten.
  • Starter med eigen staging-instans for UiO, evt. også for TSD.

Tenestegruppemøte

jokim kaller inn til nytt tenestegruppemøte. Tema: versjonering av Cerebrum, og mandatet som er blitt snakka om.

Hans Kristian ser for seg at tenestegruppa har rolla som bestiller mot drift og utvikling, og har ansvar for det som er felles for heile tenestegruppa. Ønsker at dette vert poengtert i mandatet, og at folk vert klar over denne rolla.

RT-køene

Virker som det meste er løyst no. E-post kjem likevel to ganger. Kan virke som saka er løyst.

Flyt

Hanskfje tok opp spørsmålet om Flyt-prosjektet, og om drift ønsker å drifte webappen for dette.

Nådde ikkje å diskutere dette, så tek det opp på neste statusmøte.

Publisert 21. jan. 2015 14:18 - Sist endret 5. feb. 2015 18:11