Tenestegruppestatusmøte 22. september 2015

Status- og koordineringsmøte i tenestegruppa.

Til stades

  • hanskfje
  • pehaavin
  • elisabhs (optional)
  • jokim (ref)
  • tvl
 

Sak 1: Python 2.7 og RHEL7

Kva er status? Kva mangler? Når får vi komt oss opp på python 2.7? Utviklinga vert tyngre jo lenger vi venter, sidan dei har ein eigen 2.7-branch som dei må vedlikeholde.

WebID-instansen skulle bli oppgradert i dag, men grunna nokre uforutsette ting vart den ikkje fullført i går. Miljøet er ferdig satt opp, så Tobias skal oppgradere instansen seinare i dag, når det er lite aktivitet. Fredrik, Joakim og Tobias har møte i morgon for å sette tidspunkt for resten av instansane.

Petter kommenterte at det er låg bemanning no framover, så vi må ta hensyn til det i planlegginga. Frå torsdag av er berre Tobias i drift.

Sak 2: AD2-prodsetting

Informerer om status for oppraderinga til ny AD2-integrasjon.

Denne saka har gått for treigt. Det er eit samansatt bilde, så det er fleire årsaker til kvifor vi er blitt forsinka. Sidan Xiaoli slutter på torsdag må vi vente til Estephan er tilbake før vi kan fortsette. Joakim kan ta litt innimellom, men får ikkje gjort alt sjølv. Estephan er tilbake neste onsdag, og den nye driftaren, Kai, starter neste torsdag. Opplæring på mandag. Joakim tek opp att trådane med AD2 med Estephan tysdagen etter det.

Begynte også å diskutere overføring av Samtykke (Consent) frå Cerebrum til AD, sidan krava har endra seg. Det er fullt mulig å overføre Consent-attributtet til AD gjennom AD2 sin Quicksync, og ser ut til å vere det minst hackishe løysinga. Det krever riktignok litt utvikling, sidan Consent er blitt ein eigen modul i Cerebrum. Petter sender inn ei bestilling, som ein user story, til Cerebrum utvikling, og Joakim kommenterer på den.

Sak 3: Testmiljø for TSD

Frå forrige statusmøte vart vi enige om å lage ei bestilling til TSD for detaljar i eit stagingmiljø. Kva er status?

Drift ønsker eit testmiljø for TSD-Cerebrum, for å unngå å teste i produksjon. Kva behov har vi?

Viste seg at vi hadde snakka forbi kvarandre i forrige statusmøte, om kven som skulle ha ballen. Joakim kaller inn til møte med ein frå drift, Estephan, og ein frå utvikling.

Sak 4: Driftsbrukarar

Drift har ei utfordring med driftsbrukarane på UiO. Dette er beskreve i CRB-732, der det er bedt om å lage ein spesifikasjon av opplegget, og eventuelt justere på opplegget så det heng saman. Kva kan vi gjere, og korleis løyser vi denne? Bestille spesifikasjon-utarbeiding frå UAIT?

Diskuterte utfordringane rundt driftsbrukarane. KIA vil ta opp problema med IT-driftsledelse. Dette heng litt saman med Hans Kristian si sak om å få på plass forvaltninga av namnerom for brukarar/grupparar.

Joakim og Tobias set seg saman og skriv ein slags spesifikasjon for Cerebrum sin del av driftsbrukarane, som KIA kan ta med opp vidare. Sender den direkte til IT-driftsledelse på vegne av tenestegruppa. Joakim kaller inn til møte med Tobias.

Sak 5: Nedlegging av instansar

Drift ser på å lage rutine for nedlegging av ein instans. Dette påvirker også utvikling. Drift ønsker å ta det opp for å koordinere det som er felles. Petter introduserer.

Dette ønsket kom frå når NVH skulle ut av Cerebrum, der vi var usikre på ymse, bl.a. kor lenge vi kan/må lagre Cerebrum-data for instansen. Når skal historikken, konfig og kode fjernast?

Dersom ein lager ein slik spesifikasjon, må ein også vedlikeholde den. Dette skjer såpass sjelden, at det er gjerne ikkje så stort behov. Eventuelt bør ein kanskje ha minimalt med dokumentasjon. Drift er positive til å lage ei sjekkliste, og oppdatere den kvar gang ei nedlegging skjer.

Sak 6: POSIX-grupper i AD for HNAS

Drift ønsker å diskutere problemstillinga med HNAS og for mange grupper i AD.

Intro ved Petter: Når HNAS starter opp, må den slå opp alle GID/UID for alle grupper og brukarar. Dette tek lang tid, som gjer at folk ikkje får opp heimeområdet sitt på ei god stund. Det er ein god del grupper med berre eitt medlem, rundt 60000, og er i hovudsak personleg standard filgrupper.

KIA skal snart sende ut ein e-post til lk-alle for å høyre om nokon bruker personlege filgrupper i AD. Om ingen faktisk bruker dei, vil vi med det fjerne alle desse gruppene frå AD. I tillegg vil ikkje nye brukarar få personlege filgrupper som AD-grupper.

Kommentar om at dette ikkje er ei optimal løysing. Vi ser på det som eit hack, for å påvirke eit anna system. Om vi implementerer dette i Cerebrum, kompliserer det bildet, sidan det enten forkludrer måten spreads fungerer på i dag, eller at spreads blir automatisk satt ved endringar i medlemskap. Uansett løysing vil det skape meir teknisk gjeld om det skal løysast i Cerebrum, og er noko vi vil fjerne straks Hitachi har løyst problemet.

Kunne det løyast i AD, og ikkje i Cerebrum? Då hadde Cerebrum sluppe å forholde seg til dette.

Sak 7: Bemanning hos drift

Hos KIA slutter Xiaoli, dei får ein ny tilsett og Tobias går snart ut i pappapermisjon. Det er ønskeleg at UAIT tek hensyn til dette i planane sine. Petter ønsker også å diskutere bistand frå UAIT, til dømes med ukevaktsordninga.

Xiaoli har siste dag no på torsdag, men jobber rundt 40% og tek enkelte ukevakter i ein periode. Kai har første arbeidsdag torsdagen etter. Tobias jobber 60% i november, og fullt ut i desember fram til påske. Etter dette jobber Tobias noko redusert fram til august. Forhåpentlegvis får Xiaoli jobba deltid i denne perioden. Elisabeth tilbake rundt februar.

Det er muligheter for at UAIT kan bistå, men dei har mykje å gjere dei også. Vert enige om å sjå det an, og ta det opp ved behov.

Forslag om å rekruttere ein student for å avlaste litt. Fungerer for GMT og UAIT. Petter tek det opp med Elisabeth.

Eventuelt

Om tid til overs:

Noko spørsmål rundt utskriftsløysinga og kven som bestemmer kven som skal ha frikvoter.

Publisert 10. sep. 2015 11:54 - Sist endret 22. sep. 2015 14:48