Tenestegruppestatusmøte 28. oktober 2015

Status- og koordineringsmøte i oktober.

Til stades

  • hanskfje
  • pehaavin
  • elisabhs (optional)
  • jokim (ref)
  • tvl

Sak 1: Personlege filgrupper med AD-spread

Fortsettelse på Status 2015-10: Sak 6: POSIX-grupper i AD for HNAS frå Petter: Nå har vi fått en del tilbakemeldinger rundt bruken av personlige filgrupper. Hva slags alternativer har vi, hvordan håndterer vi dette videre? Prøve å finne en løsning som er god, enkel å forstå og forutsigbar for alle parter (brukere, utvikling og drift).

Petter har fått 8 tilbakemeldingar. Viser seg at personlege filgrupper vert brukt i AD.

Tobias sitt forslag: Nye personlege filgrupper opprettast utan AD-spread.

Forslag frå Petter: Gje alle brukarar tilgang til å sette/fjerne AD-spread sjølv i Brukerinfo.

Diskuterte ulike løysingar.

Hitachi skal få fiksa problemet innan eit år (ref: Tilbakemelding frå Helge Hauglin etter møtet om at dette ikkje stemmer. Det vil vere eit permanent behov for færre AD-grupper), så ser ut til at vi berre treng å køyre ein ryddejobb som eingangstilfelle, eller nokre få ganger om det vert behov att, fram til problemet er løyst.

Konklusjon:

  • Vi venter til pågåande sprint er fullført, og begrensinga på maks 16 filgrupper er fjerna.
  • Vi lager ein eingangsjobb som fjerner AD-spread for alle personlege filgrupper med berre eitt medlem. Dette varsler vi ikkje om, sidan det i praksis ikkje har noko å sei for brukaren. Alle med meir enn eit medlem får beholde sitt AD-spread. Dette løyser då det akutte problemet for HNAS.
  • Alle nye, personlege filgrupper får ikkje lenger AD-spread. Dette kan evt. vere ei utviklingssak. Tobias sjekker opp og bestiller eventuelt hos Cerebrum utvikling.
  • Lokal IT får tilgang til å sette AD-spread, så desse kan gje AD-spread til dei som har behov for det.
  • Vi høyrer med Helge og lagringsgjengen etterkvart om dette har gjort det lettare for HNAS.

Cerebrum drift sender ut e-post til lk-alle.

Sak 2: Drift av Webservice for Cerebrum

Cerebrum utvikling har laga første versjon av ny og fancy WS for Cerebrum. Planen er at denne skal kunne brukast av flest mulig, i henhold til ny integrasjonsarkitektur. For å drifte denne treng vi i tillegg til å køyre den i Cerebrum også proxy-maskiner. Kan KIA drifte dette? Korleis går vi fram?

Kan virke som applikasjonsdrift er riktig instans for å bli spurd om dette.

Petter tek det opp på TD-møtet, men treng då ei meir detaljert bestilling, dette var uklart på møtet. Joakim tek det med utviklarane og lager ei meir detaljert bestilling til drift. Vi tek samtidig med oss RabbitMQ, men gjerne som ei eiga bestilling.

Gjekk så vidt innom det økonomiske og nye kontrakter for Cerebrum-partnarar.

Sak 3: AD2-prodsetting

Joakim informerer om progresjonen for oppraderinga til ny AD2-integrasjon. Når er vi ferdige?

HiØ prodsatt i går, berre resten igjen! Estephan jobber på.

Sak 4: Bytte ut job_runner

Tenesten vår, job_runner, den som ser til at alle jobbar køyrer riktig i Cerebrum, er utdatert og tidvis ustabil. Denne er eigenutvikla for Cerebrum. Det er interesse for å snuse på andre verktøy for å kunne bytte ut job_runner. Kan vi gjere noko med det, og i så fall kven?

Set av ei lita arbeidsgruppe for å finne ein teoretisk anbefalt kandidat. Bruker litt tid, men ikkje så altfor mykje.

Frå Cerebrum drift: Kai. Ein frå utvikling. Set av ein dag til dette i neste sprint.

Eventuelt

  • Hans Kristian etterlyste blameless postmortem for sperring av manuelle tilknyttingar. Vart utsatt grunna nedprioritert mot Cerebrum-oppgraderinga. Snakka litt om å prøve å ha postmortems. Ønskeleg å unngå at vi gjer samme feilen om att og om att, og postmortems, om folk er positive til det, kan vere eit bra verktøy for å forbedre oss og fordele kunnskap.
  • Bug i Office365 consent.
  • Saka med ansvaret for minister ser ut til å bli avklart snart.
Publisert 23. okt. 2015 10:01 - Sist endret 4. nov. 2015 20:59