Tenestegruppestatusmøte 2. desember 2015

Status- og koordineringsmøte i desember. Fokus for møtet er kva vi gjer med Cerebrum drift og utvikling når tvl er i permisjon.

Til stades

  • hanskfje
  • pehaavin
  • jokim (ref)
  • estephaz
  • kvaade
  • jsama
  • elisabhs (permisjon)
  • tvl (permisjon)

Sak 1: Drift og utvikling når tvl er i permisjon

Når Tobias no er ute i permisjon, er det begrensa med ressursar i Cerebrum drift. Korleis kan vi redusere flaskehalsar? Eitt forslag er:

  1. Cerebrum utvikling tek seg sjølv av deployeringa, i ekte devops-stil. Dette krever at dei får root-tilgang, og at vi vert enige om rutiner og grensegang. Begge sider vil vere tent med dette.
  2. Hospitering, ved at INT tek ukevakta, til dømes annakvar veke, fram til Tobias er tilbake.

Kva gjer vi?

Diskuterte dei to punkta i forslaget over:

1. Deployering:

Petter og Elisabeth har snakka om punkt 1, devops, og er positive, mykje grunna ressursproblemet til Cerebrum drift. Vi må bli enige reglar og rutiner, og utviklarane må køyre tett med drift i starten, fram til det set seg. I starten skal drift og utvikling prodsette saman, men etterkvart kan utviklarane prodsette ting sjølv og involverer drift der det er behov.

Poenget er å avlaste drift, drift kan difor ikkje måtte vere med på alle prodsettingar. Etterkvart vert prodsettinga difor prodsatt berre av utviklarane.

Utviklarane treng litt opplæring før ein knekker i gang. "Kompis-system", eller "par-prodsetting", der to personar prodsetter, ved samme maskin.

Utviklarane vert med dette (med)ansvarlege for oppetida til Cerebrum.

Utviklarane har ansvaret for prodsettinger, men må gjere ei vurdering om drift skal involverast.

Drift er bekymra for å miste oversikten over kva som skjer i miljøet. Utviklarane må synleggjere kva som går i produksjon. Drift må fortløpande informerast! Korleis og kor mykje informasjon? INT sin Daily Scrum (standup) kl 10 kvar dag kan vere ein slik kanal for informasjonsdeling, der utviklarane etterkvart også kan sei kva dei har prodsatt. INT oppfordra KIA til å delta på Daily Scrum, dei har fått innkalling. Både Estephan og Kai bør dra på desse, fast i no i starten. Det varer maks 15 minuttar.

Snakka om ulike prodsettingar: Cerebrum drift er framleis eigar av konfigurasjonen. Utvikling kan likevel prodsette konfigurasjonsendringar, men drift informerast. Reine konfig-endringar kan Cerebrum drift ta seg av.

Kven skal få root-tilgang? Hans Kristian: Alle faste tilsette i Cerebrum utvikling, som per no er fem personar. Skal vi pilotere med færre?

Vi har ei prodsettingsrutine i dag, men den må oppdaterast. Vi såg at teksten er utdatert. Dei som prodsetter må oppdatere dette dokumentet ved første prodsetting, så det er oppdatert og riktig.

Når kan vi prodsette? Utviklarane ønsker å prodsette fortløpande, så ofte som mulig. Vere meir offensive, prodsette ofte, og vurdere å rulle tilbake eller fikse feilen, fort. At vi ønsker stabilitet foran alt anna har mykje med kulturen på USIT å gjere - vi må begynne akseptere feil for å utvikle og prodsette kjappare.

Diskuterte litt om samlokalisering. Har blitt vanskelegare kommunikasjon når utvikling flytta ned i kjellaren. Er ønskeleg å sitte nærare kvarandre.

    Korleis går vi vidare herfrå?

    • Utviklarar dreg opp på besøk til drift ved dei neste prodsettingane, for å starte opplæringa.
    • Vi tek eit nytt møte. Joakim lager utkast frå dette referatet, og kaller inn til nytt møte for å forhåpentlegvis konkludere.
    • Vi prøver ut dette fram til sommaren, og tek ei evaluering av korleis det har gått til då. Hvis det funker kan det bli permanent.

    Nådde ikkje å diskutere dette: Kva kan prodsettast?

    • Cerebrum
    • Brukerinfo
    • Gløymd-passord-tenesta
    • WebID

    2. Hospitering/ukevakt:

    Å hjelpe til med ukevakta høyrast bra ut for Cerebrum drift, men det fører til noko overhead for å lære opp utviklarane, så Cerebrum drift må diskutere dette på fredag og komme tilbake med kva dei vil.

    Jo hadde eit forslag om utviklarane skulle hatt rutine for å følge med på loggmeldingar og sjå til at bøggs vert fiksa. Var også innom Log-Stash, men det løyser ikkje problemet med altfor mykje feil i systemet.

    Sak 2: AD2-prodsetting

    Joakim informerer om progresjonen for oppraderinga til ny AD2-integrasjon: HiØ er fullførd, med litt etterarbeid, ny bestilling av utvikling av eksport av arbeidstitlar. Estephan jobber vidare. Kva gjer vi med HiH?

    Nådde ikkje denne.

    Sak 3: Stagingmiljø

    I samanheng med oppsett av stagingmiljø for ePhorte etter oppgraderinga til RHEL7, såg vi på korleis vi ønsker å ha utvikling- og stagingmiljøet til Cerebrum framover. Sjå referat frå møtet. Kven tek over for Tobias rundt oppgradering og aktivering av cere-test01 som stagingmiljø?

    Nådde ikkje denne.

    Eventuelt

    • Petter informerte om at xiaoliz kanskje fortsetter i nokre månadar til som ukevakt. Vert forhåpentlegvis avklart i løpet av veka.
    • Har det skjedd noko med ansvaret rundt minister og fildelingstenesten?
    Publisert 30. nov. 2015 19:37 - Sist endret 2. des. 2015 20:47