Tenestegruppestatusmøte 16. desember 2015

Status- og koordineringsmøte i desember.

Til stades

  • hanskfje
  • pehaavin
  • jokim (ref)
  • estephaz
  • jsama
  • fhl
  • elisabhs
  • tvl (permisjon)
 

Sak 1: Tenestegruppeleiar-rolla medan Joakim er i permisjon.

Joakim informerer. Er i permisjon frå 4. januar til 12. april. Fredrik tek over rolla som tenestegruppeleiar. Dekker 25%, og då i hovudsak DevOps-løpet og innføringa av meldingskø og WS. Joakim har brukt rundt 75% av arbeidstida på dette. Jo tek forøvrig over oppgavene som ScrumMaster, men berre i 25%, og Hans Kristian følger opp hindringar.

Elisabeth er tilbake i mars, så Petter Haavin vert drift sitt kontaktpunkt for partnarane.

Joakim lager utkast til e-post til partnarane, og sender rundt internt før det sendast ut.

Sak 2: Informasjon til resten av organisasjonen om DevOps-løpet

Petter har blitt bedt om å informere om DevOps-løpet til Cerebrum og dele med andre på huset. Burde vi blitt enige om informasjon? Vi bør ha samme utgangspunkt. Mediestrategi.

Laga ein samla presentasjon? Bør vi heller vente til ting er meir klart og vi har fått erfaringar?

Vi kan lenke til dokumenta vi har skreve no, men venter med presentasjonar og anna. Treng litt ro til å komme i gang.

Sak 3: Informasjon til partnarane om DevOps-løpet

Kva seier vi til partnarane om DevOps-løpet?

Hans Kristian ønska noko twitter-aktig plass å legge inn oppdatert info til partnarane. Bør sjå på dette i devops-sprinten i 2016.

Joakim opner opp lesetilgangen til dokumenta vi har, så partnarane også kan sjå.

Sak 4: Stagingmiljø

Kva skjer med stagingmiljøet når Tobias er i permisjon?

Petter: Det bør vere noko av det første vi tek til neste år.

Jo tok opp å ta i bruk Docker og Ansible for stagingmiljøet. Dette krever tilpassingar av Cerebrum, og då utviklingsressursar. Venter med dette, så kan sjå på det i DevOps-sprinten eller seinare. Er likevel ønskeleg å ha eit enkelt stagingmiljø, så Joakim ønsker at cere-test01 settast opp med det vi har i dag, så vi i alle fall har noko vi kan bruke.

Usikkert tidsaspekt for drift. Sterkt ønskeleg å få det opp før uke 7, når Exchange-sprinten starter.

Sak 5: AD2-integrasjon for UiO

Forslag frå Hans Kristian til å gå over til meldingskø og webservice i staden for AD2-integrasjonen, på UiO.

INT kunne laga ein python-klient til å ligge på AD-sida (ikkje nødvendigvis ein windows-boks), som lytter til meldingskø og bruker Cerebrum sin WS. Dette kan vi, .NET har vi ikkje kompetanse på. Ein slik klient kan også vere noko av det UiA kan ha behov for.

Krever at nokon i IT-drift tek ansvar for meldingskøa og den er i prod før sprinten starter, rundt uke 21 neste år. Sprintane for WS måtte då komt før UiO-AD-sprinten. Sjå sprintoversikten.

Sak 6: Workshop for å finne tidstjuvar hos drift

Forslag om å gå gjennom ein driftar sin arbeidsdag for å sjå på alt som tek unødvendig lang tid, og markerer tidstjuvar som bøggs. Nådde ikkje dette forrige gang.

Frå Petter: Kva om ein heller bruker utviklarane sine ukevakter til å sjå på dette. Utviklarane får dette då rett i fleisen, og ser med ferske auger.

Forslag frå Jo om å senke lista for kva bøggs som skal takast der og då, og ikkje berre kritiske bøggs. Litt meir på og ta fleire med ein gang. Hans Kristian ønsker å diskutere dette internt, då det vil redusere velocityen på sprintane våre. På sikt ønsker vi å fikse slike feil med ein gang etter prodsetting, i staden for at det ligg lenge i ein backlog.

Vurderer også å ta bøggfiksingsworkshop, men det er uavhengig av tidstjuv-identifiseringa.

Innspel frå Estephan om at henvendelsar også tek veldig mykje tid. Kva kan vi gjere med dette?

Konklusjon: Vi tek eit møte på slutten av ukevakta til utviklarane, og går gjennom kva dei har oppdaga av kva som tek tid. Vurderer deretter å ta dette med som fiks i seinare sprintar.

Sak 7: Burde utviklarane overvåke loggane?

Er det ønskeleg at utviklarane også overvåker loggane? Er ein god del loggar no, og drift når ikkje å gå over alle, og dei feilmelder uansett mykje av dette til utvikling. Bør ukevakta til utviklarane også sjå over Cerebrum-loggar for feil vi ser vi kan fikse?

Nådde ikkje denne.

Eventuelt

Dette var siste statusmøtet før Joakim går ut i permisjon. Fredrik tek over. Tek statusmøter berre etter behov, og fokuserer i hovudsak på DevOps. Har ikkje tenestegruppemøter før Joakim er tilbake.

Publisert 16. des. 2015 11:30 - Sist endret 13. jan. 2023 12:35