Tenestegruppestatusmøte 27. februar 2015

Status- og koordineringsmøte februar.

Til stades

  • hanskfje
  • elisabhs
  • tvl
  • jokim
 
Møtet vart delt i to grunna lite ledig tid. 30 minuttar 26. februar 15:30-16:00 og 30 minuttar 27. februar, 12:30 - 13:00.

Sak 1: Opplæring nye prodverktøy

Kom innspel frå forrige tenestegruppemøte om ønske om opplæring/kursing i dei nye verktøya for nytt prodmiljø, spesielt cfengine og ansible. Tobias er med for å diskutere dette.

Trond og gjengen kan kanskje holde eit krasjkurs i bruk av cfengine, slik som vi har hatt før, men meir detaljert og djupare. Kanskje også Martin kan komme og fortelle korleis postmasterane gjer det?

Når skal vi gjere det? Etter at tvl er ferdig med prodmiljøet, eller før?

Ansible har fhl holdt på med i samanheng med automatisert testing. Tanken med bruk av ansible var å unngå bruk av cfengine for alt, for å unngå loops, td. at Cerebrum fjerner sine eigne roller eller avinstallerer miljøet sitt. Blir ikkje avansert bruk av ansible, berre for å utføre det som ikkje er i cfengine. Begge verktøya er prinsipielt like.

Nemnde at vi bør passe på å bruke mest mulig av dei samme verktøya som resten av driftsmiljøet på USIT.

Vart enige om:

  • tvl og fhl hamrer eit forslag, før det presenterast for resten av tenestegruppa. Lager eit forslag til tenestesgruppemøtet onsdag 4. mars.
  • Tek opp kursing på neste tenestegruppemøte, om korleis folk vil ha det, og når i løpet.
  • Etter tenestegruppemøtet på onsdag høyrer vi med Trond og Martin om kursing, når vi har meir konkrete datoar. Tobias spør. Prøver å få til i løpet av mars, om dei har tid.

Sak 2: Plan for AD2

Spikre tidsplan for kommunikasjon og utrulling for AD2-integrasjon.

Utsatte datoane noko. Elisabeth presiserte at det er kort frist frå ferdig utvikla til prodsetting, så siste del av planen er med forbehold, tentativt. Det skal uansett ikkje vere store jobben der, ettersom målet er at alle miljøa er klare før det, og at det berre er siste endringane som skal oppgraderast.

Status med møter med partnarane: Kome halvvegs, litt utsatt grunna sjukdom hos dei. Når å bli ferdig med dette til 13. mars.

Elisabeth foreslo at ØFK kunne få tilbud om overgang utan kostnad, så lenge dei ikkje har behov for ekstra utvikling/funksjonalitet. Dette sidan oppgraderinga vil vere ein fordel for vår del, at vi då kan skrote gamle AD-synken.

Joakim informerer partnarane om planen, Hans Kristian sender over planen.

Tok opp at UiO no har fått eit konkret behov for å gå over til ny AD-synk. Har låge langt nede på prioriteringslista, sidan ingen har nemn det som eit behov. Elisabeth sender inn bestilling på dette, så ser Hans Kristian på prioriteringa.

Sak 3: BAS/IdM BOTT/UH-sektor samarbeid

UiB skal bytte ut sitt Zebra. Kva har det å sei for oss?

jokim og hanskfje skal dra til UiB 11. mars, saman med teknikarar frå UiT, NTNU og UiB for å diskutere eit eventuelt samarbeid rundt BAS.

Kva er vår meining? Det er lite aktuelt for oss å bytte ut Cerebrum, slik planane våre er no, med å reindyrke Cerebrum som BAS og ikkje integrasjonshub. Det er ein fordel for oss om mange bruker samme Cerebrum-basen.

Sak 4: Dokumentasjon for UiB

UiB ønsker se på Cerebrum info/dok, hva er det hensiktsmessig å vise?

Vi har lite slik dokumentasjon, og vi får heller ikkje til noko med så kort frist.

  • Forslag om Workshop for å rydde i dokumentasjonen. Ta opp på tenestegruppemøtet, formulere bestilling.

Skulle hatt eit designdokument. Hans Kristian vurderer å ta med i ein sprint ganske snart.

Joakim lager kart for det som er reint BAS-orientert, og svarer på spørsmåla, med lenke til tenestegruppesidene. Nemner at vi planlegger meir dok i nær framtid.

Sak 5: Prodmiljø og oppgradering til python2.7

Status: Ikkje mykje nytt å melde. Tobias jobber vidare, innimellom alt anna som skjer. Tek lenger tid no sidan xiaoliz er vekke.

Bedt Tobias å lage deloppgaver i Jira for oppgraderinga.

Tobias trur ikkje Cerebrum utvikling kan hjelpe til, har fått det ein treng. Kanskje ein utviklar kunne hospitert hos drift? Treng i så fall å få det strukturert, så kan UAIT avsjå litt tid.

Kom fram til:

  • tvl og jsama om korleis hospitere. Treng detaljar om kor mange dagar, og når.
  • tvl og fhl ser på planen vidare for prodsettinga, sjå sak 1.

Sak 6: Prosjekt Flyt - kan KIA drifte?

Drift treng meir informasjon.

Hans Kristian set elisabhs og tvl som AdminCC på RT-saka rundt bestillinga.

Elisabeth ser på oppretting av RT-bestillingskø etterpå.

Eventuelt

Saker som vi ikkje rekker:

  • FS: Rykter om at FS planlegger å fase ut SQL-basert integrasjon med Cerebrum, til fordel for REST/WS.
  • TSD-Cerebrum
  • Status bestillingar og bestillingskøer
Publisert 18. feb. 2015 18:35 - Sist endret 27. feb. 2015 13:04