Tenestegruppestatusmøte 24. mars 2015

Status- og koordineringsmøte mars.

Til stades

  • hanskfje
  • elisabhs
  • jokim
  • tvl

Sak 1: Tenestegruppeoppgaver

Joakim, Tobias og Elisabeth går ut i permisjon straks. Kva gjer vi med oppgavene tilhøyrande tenestegruppeleiar og drift? Og er det andre oppgaver som også må handterast?

Første perioden er Joakim og Tobias vekke nokre veker, mest sannsynleg rett etter påske, så då klarer tenestegruppa seg utan noko ekstra tiltak. Pappaperm er lenger, er rundt årsskiftet 2016 for begge. Vi har nok tid til å finne ei løysing til då.

Tobias kom med forslag om å ha rullerande ukevakt for utviklarkøa i RT. Hans Kristian og Joakim er positive.

Driftsmessig: Tobias får ein del fagleg frå Elisabeth, rundt prioriteringar og delegering. Usikkert om det administrative og personalmessige for KIA, men det påvirker ikkje tenestegruppa.

Elisabeth heilt vekke fram til sommaren, og jobber deretter gradert etter det.

Sak 2: Oppgradering til python2.7

Jo og Tobias har jobba med plan for oppgradering til python2.7. Er datoar og plan ok? Når knekker vi i gang?

Planen har ikkje fastlagte datoar, berre relative, starter etter at nytt prodmiljø er oppe og tvl sin perm er ferdig. Tobias har begynt å sjå på datoane, og prøver å få nokre i dag, og få dei presentert på tenestegruppemøtet. Det som tek tid, er alt anna som dukker opp av hendingar for Cerebrum drift, så er vanskeleg å få tid til å jobbe med det. UAIT ønsker å bistå for å få fart på dette, er sterkt ønskeleg å få dette opp fortast mulig. Tobias bør beskyttast frå andre oppgaver.

Tobias lager plan, så ser vi på det.

Sak 3: Bestillingskøer

Elisabeth og Hans Kristian gjorde endringar i bestillingshandtering, spesielt for drift. Er dette no klart til å brukast? Kva er rutina?

Bestillingskøa er døpt om til usit-cerebrum-bestillinger-utvikling, og Elisabeth oppretta usit-cerebrum-bestillinger-drift.

Rettighetstrøbbel, ikkje alle får sett sakene. Elisabeth har dialog med rt-drift.

Flyten er då:

  1. Alt skal inn til cerebrum-kontakt
  2. Førstelinje behandler småsaker, og skyfler større vidare til drifts- og utviklingskøene. Skal berre skyfle direkte til bestillingskøene om er heilt sikker på at bestillinga er klar og tydeleg.
  3. Drift og utvikling behandler saker, og skyfler klare bestillingar vidare til dei to bestillingskøene for drift og utvikling

Joakim oppdaterer grensegangsdokumentet med ny flyt og tek det opp på neste tenestegruppemøte.

Sak 4: AD2-bestillingar

Då er tidsfristen komen for bestillingane for ny AD2-synk. Status frå Joakim, går kort gjennom, og tek opp konsekvenser for drift og utvikling. Inkludert også testmiljø for AD for Cerebrum.

Kort status. Vert ikkje heilt ferdig til 1. april med alle spesifikasjonar, men forventer ingen overraskingar rundt fleire bestillingar etter dette.

  • UiO treng utredningssak.
  • Er i dialog med resten, venter på svar frå dei fleste.

Sak 5: Provisjonering av miljø

Hans Kristian foreslo løysing for å forenkle oppsettet av miljøa. Mest mulig automatikk, både for Dev, QA og Prod.

Nådde ikkje å diskutere dette så mykje, men positive.

Eventuelt

  • Forbedra rutiner: Frå UAIT er det ønskeleg å forbedre flyten i stash, etter ferdig utvikla til prodsetting. Frå KIA er det tilbakemeldingar om at deployment-rutina er ullen og folk er uenige om hensikten. Forslag: Joakim lager utkast, men helst i samarbeid med ein driftar, og tek opp på neste tenestegruppemøte. Kan drift bistå?

  • Stagingmiljø for drift

  • Testlab for AD

Publisert 18. mars 2015 10:33 - Sist endret 25. mars 2015 15:32