Tenestegruppestatusmøte 21. august 2015

Status- og koordineringsmøte i august.

Til stades

  • hanskfje
  • pehaavin
  • elisabhs (optional)
  • jokim (ref)
  • tvl
  • jsama (optional)
Mange saker, vi ser kor langt vi rekker.

Sak 1: Python 2.7 og RHEL7

Kva er status? Kva mangler? Når får vi komt oss opp på python 2.7? Utviklinga vert tyngre jo lenger vi venter, sidan dei har ein eigen 2.7-branch som dei må vedlikeholde.

Gjekk gjennom planen med datoar som er blitt lagt.

Etterlyste informasjon om kva som skal skje med TSD og deira miljø. Miljøet må vere likt som resten, elles vert det vanskeleg.

Etterlyste info om behovet for ressursar per punkt. Joakim lager, så Hans Kristian kan ta det med i neste sprint.

Diskuterte migreringsfasen. Vi bør sette nedetida til meir enn 1-2 timar, for å gje oss sjølv litt rom til eventuelle problem som dukker opp undervegs. Vi får jo ikkje testa integrasjonane i sleggetesten, så vi har ikkje 100% dekning i testfasen. Det er ein risiko.

Målet er å få oppgradert alle instansar i september. Drift har tidvis knapt med ressursar, grunna ferieavvikling og opplæring.

Nedetida treng vi ikkje varsle om så veldig lenge før, men vi kan godt sende ut eit varsko allereie no. Joakim sender ut varselet.

Sak 2: AD2-prodsetting

Informerer kort om status for oppraderinga til ny AD2-integrasjon. Når kan vi slå og slette den gamle integrasjonen?

Gjekk gjennom planen.

Legg til eit ekstra lag med purring: Dersom instansar ikkje svarer på purringa 21. august, seier vi frå til Hans Kristian, som kan purre på nytt.

Sak 3: Testmiljø for TSD

Drift ønsker eit testmiljø for TSD-Cerebrum, for å unngå å teste i produksjon. Kva behov har vi?

Drift er bekymra for prodsetting av endringar, for det er ikkje mulig å teste ting før prodsetting, og ein del er det heller ikkje mulig å rulle tilbake. Prodsettinga er stressande. Drift ønsker difor å ha ei samla bestilling å gå til TSD med.

Petter ønsker at vi set saman nokon frå drift og utvikling til å lage ei liste over kva vi ønsker i eit stagingmiljø for TSD, og kva vi har behov for av rutiner for å få alt i synk. Ein frå drift og ein frå utvikling set seg saman og lager ei bestilling til TSD for kva vi treng. Treng 1-2 timar. Joakim ønsker også å delta. Når? Så fort som mulig.

TSD deployerast i dag ikkje samtidig med dei andre instansane. Dette må koordinerast med TSD-drift, god tid i forvegen, og rutina er heilt annleis, då koden må inn gjennom slusa, og miljøet er beskytta. Continouos deployment er ikkje mulig for TSD per idag. Det er ei ulempe, sidan TSD ikkje automatisk får siste feilfiksar og oppgraderingar, men får dei bulkvis. Det er ønskeleg å forbedre detet, men det er ikkje så kritisk sidan det er slik TSD vil ha det.

Estephan er med på møta i tenestegruppa for TSD, men er ikkje med i tenestegruppa.

Sak 4: AD-testlab

Drift jobber med ein eigen testlab for Active Directory. Kan Cerebrum dra nytte av noko med den? Petter Haavin er involvert og kan informere.

Petter Haavin informerte om historikken i saka med Cerebrum sine sandkasse-maskiner. Endte opp med at dei måtte settast opp i hui og hast. Usikker på kva status er i dag. Joakim høyrer med utviklarane om dei er fornøgde eller ikkje, og Petter høyrer med Einar om oppsettet er godt nok slik det vart satt opp.

Status for AD-labben: Er bestilt maskiner til lab-miljøet. Det er registrert masse forskjellige behov, så kjem meir informasjon seinare. Enn så lenge høyrer en etter innspel. Er Werner som held tak i det.

Sak 5: Heng i RT-køer

Det har vore nokre saker, bl.a. RT#1789211 som vert hengande ubehandla. Kan vi gjere noko for å unngå at dette skjer?

Tobias tek opp rutina med Xiaoli og Estephan.

Eventuelt

Om tid til overs:

Office 365 for UiO

Snakka litt om at det er mulig å legge inn samtykke-delen i AD, og at "DirSync" kan hente den derfrå. Petter meinte at DirSync kan fint hente attributtet frå AD og ikkje LDAP.

Anna

Fekk ikkje tid til:

  • Office 365 for UiA
  • Uninett Connect pilot

 

Publisert 18. aug. 2015 09:32 - Sist endret 21. aug. 2015 10:30