Status oppgradering RHEL7

Status etter oppgraderinga av WebID, og ser på planen for å oppgradere resten av instansane til nytt prodmiljø.

Tilstades

  • tvl
  • jokim (ref)
  • fhl
  • jsama

Sak 1: Status til no

Kva er status til no? Vi oppdatererer statusdokumentet.

WebID er no oppgradert til nytt prodmiljø, og køyrer no på RHEL7 med python 2.7!

Det tok lenger tid å få oppgradert, i hovudsak grunna problem med SSL-nivå for PHP-applikasjonane. Tok tid å feilsøke, men dette er no løyst, også for alle andre som også kommuniserer frå PHP til bofhd. Dukka andre småting også, spesielt manglande avhengigheter for Cerebrum.

Tobias og Fredrik ser for seg at det vil dukke opp fleire, ukjende avhengigheter for dei andre instansane, spesielt hos UiO. Treng nok litt tid til å ta hensyn til dette under testinga av oppgraderinga.

Snakka litt om det tekniske. Diskuterte å kanskje om Tobias, og evt. Fredrik, kunne vise fram det nye miljøet for tenestegruppa, eventuelt rundt oppsettet av virtualenv. Det vart ikkje sett på som så veldig nyttig.

Zabbix-overvåking: Det nye miljøet har per i dag berre overvåking av oppetid av maskina. Tobias har begynt å legge til testane som vi har hatt i Nagios, og skal sjå på dokumentet som Estephan skreiv. Forhåpentlegvis er han ferdig i løpet av dagen eller mandag. Sidan det berre er Tobias som er att i Cerebrum drift no, er dette sterkt avhengig av kor mykje saker som dukker opp i Cerebrum. Overvåkinga på plass før vi kan oppgradere dei andre instansane, men det er lite fare for at dette vert forsinka.

Resterande instansar bør no gå mykje kjappare. Det vi kjem på som kan dukke opp, er fleire manglande avhengigheter, og eventuelle manglande tilgangar inn mot maskina. Cerebrum drift kan sjølv konfigurere opp tilkoblingar i firewalld. Tobias meiner at det vil ikkje ta meir enn ein dag å få oppgradert ein instans - det er lite truleg etter erfaringa til no.

Sak 2: Plan for oppgradering

Vi lager plan for korleis oppgradere.

Tobias ser for seg å oppgradere fleire små instansar samtidig, sidan det er meir effektivt. Bør likevel ta UiO og UiA for seg, sidan det er større risiko for feil hos dei.

Er ønskelig med feature freeze i perioden for oppgraderinga. Har til no tatt litt tid å merge inn grunna konflikter.

Vi satte tidsplan:

  1. Tobias set opp Zabbix-overvåking. Ferdig til onsdag 30.
  2. Mandag 28. september: Feature freeze for Cerebrum-repoet. Cerebrum utvikling merger master inn python2-7-branchen ein siste gang.
  3. Tysdag: 29. september: Tobias starter med å sette opp og teste dei nye miljøa
  4. Onsdag 30. september: Tobias oppgraderer Giske, HiH og HiNesna. Fredrik
  5. Tysdag 6. oktober: Tobias oppgraderer NIH og NMH.
  6. Onsdag 7. oktober: Tobias oppgraderer ØFK og HiØ.
  7. Torsdag 8. oktober: Tobias oppgraderer UiA.
  8. Har fredag som backup-dag, dersom nokon skulle feile og vi må prøve på nytt.
  9. Tysdag 13. oktober: Tobias oppgraderer UiO!
  10. Onsdag 14. oktober: Cerebrum drift oppgraderer TSD.

Andre kommentarar:

  • Joakim høyrer med partnarane om at datoane passer, inkludert UiO og TSD.
  • Tidsvindu for oppgradering er kl 9-15.Dersom oppgraderinga ikkje er på plass før kl 15 må vi be instansen om å utsette oppgraderinga til ein seinare dag. IP-adressa må eventuelt svitsjast tilbake.
  • Tobias prøver å oppgradere instansar dagen i forvegen, om han får tid til det.

Ansvar:

  • Oppgraderinga: Tobias
  • Feilsøking og feilfiksing: Fredrik
  • Kontakt med partnarane: Joakim

Statusdokumentet er oppdatert.

Publisert 25. sep. 2015 09:15 - Sist endret 25. sep. 2015 12:43