Status RHEL7 og python2.7

Vi får på plass alt av avklaringar for å få i gang prosessen med å få Cerebrum opp på nytt prodmiljø, RHEL7, og python2.7. Det begynner å haste no, sidan utviklarane jobber med ny funksjonalitet som krever python 2.7.

Møtet er valfritt, for dei i drift og utvikling som er interesserte.

Tilstades

  • tvl
  • jsama
  • estephaz
  • xiaoliz
  • jokim (ref)
  • jbr
  • tgk
  • fhl (deltok på siste halvdel av møtet)
  • sgs (deltok på siste halvdel av møtet)
  • hamar

Sak 1: Status

Tobias oppsummerer kva som har skjedd til no, og kva som er status for nytt prodmiljø no.

Tobias oppsummerer: Det meste er planlagt, satt opp og klart. Tobias og utviklarane har planlagt migrasjonen, så der har vi punkter og deltakarar, men må sette datoar. Planen er å køyre ein "sleggetest", der nytt miljø køyrer i parallell, med sjekk av loggar, dumps og db i etterkant, samt sjekk av feilmeldingar. Les planen for fleire detaljar. Miljøet er ikkje satt opp heilt identisk med slik det vil vere når det går i prod, men nesten.

Er ikkje ferdig med å sette opp Ansible, og mangler dokumentasjon av oppsett av det nye python-miljøet.

Fredrik kommenterte at dei også har sett på å bygge python sjølv, då RHEL7 allereie heng bakpå ein gamal versjon, python 2.7.5, mens vi vil helst ha minst 2.7.9. Er enkelt å bygge, men må finne ut korleis det bør gjerast og dokumentere det godt for drift.

Sak 2: Plan for oppgradering

Vi diskuterer og vert enige om ein plan for å få Cerebrum over på nytt prodmiljø. Resultatet av dette skal vere ein konkret plan over kven som må gjere kva, med tentative datoar.

Vi nådde berre å diskutere forberedingsfasen, og var så vidt innom testfasen. Vart enige om at fhl, tvl og jokim diskuterer siste punkta i etterkant av møtet, og oppdaterer planen etter det.

Forberedingar

Kva Ansvarlig Utv.behov Tidsfrist
Bruke virtualenv ved køyring av Cerebrum. Krever endring i deployeringsskript og endre alle hardkoda paths i Cerebrum. tvl og fhl sitter på labbdagen fredag 21. og prøver å få alt dette på plass, må eventuelt ta det med i neste sprint hvis ikkje det er fullført. Endre default_config, alle cereconf.py og alle andre konfig-filer for alle instansar. fhl fhl på tysdag og onsdag Onsdag 26. august
Dokumentere nytt python-miljø: Må inneholde nok info til at drift kan sette opp og administrere miljøet. Må inneholde liste over bibliotek og kor dei hentast og installerast, kva ting som må gjerast rundt virtualenv-oppsettet, og eventuelt manuelt arbeid. fhl og jsama, med aksept av tvl I parallell med forrige punkt Onsdag 26. august
Overvåking: Finne ut kva som må overvåkast som minimum, og sette det opp i Zabbix. estephaz Ingen Torsdag 27. august
Kompetanse på Zabbix. Drift, og utvikling, har ikkje kompetanse på bruk av Zabbix. Vi treng kompetanseheving. jokim maser på Rafael Ingen Fredag 4. sept

Nokre ønsker for nytt prodmiljø vart tatt ut, fordi det ikkje var eit krav for oppgraderinga. Tek desse med som tech stories for UAIT:

  • Bruk av Ansible for enklare deployering og anna vedlikehold
  • Eigen bygging av python 2.7.10
  • Overhaling av makedb.py

Testfase

Starter forberedingar til testfasen onsdag 26. august, og starter testfasen fredag 28. august.

Kva Ansvarlig Utv.behov Tidsfrist
Sjå til at python2.7-branchen er oppdatert med alle siste endringar. Uvisst kor mykje jobb. Joakim tar det med som story i neste sprint. Utvikling Backlog 484, est. 1 point Onsdag 26. august
Kopi av prod-database Drift   Onsdag 26. august
Verifisere at prodmiljøet er klart Drift   Torsdag 27. august
Sjå til at alle testar får starta. Dette for å verifisere at hardkoda miljøvariablar, som absolutte paths, fungerer etter flyttinga. Drift   Torsdag 27. august
Fikse alle eventuelle feil frå forrige punkt, td. rundt hardkoda miljøvariablar, så Cerebrum fungerer i nytt miljø. Utvikling OMP: 0, -, 10 Fredag 28. august
Sette opp nytt prodmiljø for å starte testfase. UiO, UiA og WebID. Passer fint om det kan køyre i helga. Drift   Mandag 31. august
Starte testfasen. Drift   Mandag 31. august
Sjå over at alle testar har køyrd ok. Drift   Torsdag 3. september
Fikse eventuelle feil etter testkøyringa Utvikling Backlog 485, est 2 point Fredag 4. september
Fastsette tidspunkt for migrering tvl   Fredag 4. september

UAIT må sette av tid til å handtere uventa situasjonar for dette i sprinten sin.

Migreringsfase

Starter migreringa mandag 7. september, eventuelt før det dersom alt går fint.

Kva Kven Tidsfrist
Varsler instansane om nedetid. Vil vere nedetid på rundt to timar. jokim Fredag 4. september
Svitsje over    

 

Tidsplan og status er flytta til eige dokument.

Publisert 18. aug. 2015 10:38 - Sist endret 10. sep. 2015 13:31