Tenestegruppemøte desember

Tenestegruppemøte desember 2015. Siste for i år. Fokus for møtet er DevOps og prodsettingsrutiner. Målet for møtet er at alle er informerte om dei nye endringane i Cerebrum, og er enige om ny prodsettingsrutine.

Til stades

  • estephaz
  • kvaade
  • pehaavin
  • jsama
  • fhl (ferie)
  • hamar (ferie)
  • sgs
  • jbr
  • tgk
  • jokim
  • tvl (permisjon)

Sak 1: Kva skjer?

Litt info om kva som skjer hos drift og utvikling.

  • Joakim går ut i pappaperm frå 1. januar til 12. april. Fredrik tek rolla som tenestegruppeleiar, men berre for DevOps-løpet og MQ.
  • Xiaoli vert med dei tre første månadane i 2016, på ukevakt. Framleis uklart om dei tre neste månadane, både rundt xiaoliz og kor mykje tvl kjem til å jobbe.
  • Overgang til ny AD-integrasjon. Usikkert om UiO heller skal bruke MQ og WS.

Sak 2: Endringar for å avlaste Cerebrum drift

Cerebrum drift har eit ressursproblem. For å avlaste dei har det blitt gjort nokre endringar, bl.a. ved å innføre litt DevOps. Endringar som er blitt bestemde:

  1. Cerebrum utvikling skal kunne prodsette sjølve. Det er laga første versjon av ei rutine. Detaljar i neste sak.
  2. INT tek tre av ukevaktene til Cerebrum drift fram til påske. Sitter oppe hos drift, vert som regel ei fulltidsveke. Er det nokre som ønsker å delta?

Simeon meldte seg frivillig til ukevakt. Jo og Fredrik har allereie meldt seg.

Jonas var usikker på om root berre gjaldt fast tilsette eller fulltidstilsette. Hvis ja er Jonas også med. (ref: Spurde Hans Kristian etter møtet, som sa at det gjeld fulltidstilsette, så Jonas er med).

Vi veit då om fire frivillige utviklarar.

Petter nemnde også at ukevakta i tillegg til å følge med også leder driftsmøtet på slutten av veka, ved å presentere alle feil frå veka som treng å diskuterast. I tillegg også på slutten av veka å ta opp alle tidstjuvar ein ser.

Sak 3: Ny prodsettingsrutine

For å avlaste Cerebrum drift skal Cerebrum utvikling kunne prodsette sjølve. Det er utarbeida ny overordna prodsettingsrutine. Det gir Cerebrum utvikling eit større ansvar. Opplæring starter no, Jo er godt i gang, og rundt 1. februar skal utviklarane kunne prodsette sjølve. Fredrik har fått i oppgave å følge opp denne og anna rundt DevOps. Kva meiner folk om endringa?

Kommentar frå sgs om at master kan bli ei utfordring. Om ein ikkje kan samle features til master vil det kunne bli mykje merge conflicts når ein går i prod.

Sak 4: Standard for å endre standard

Kva gjer vi når vi ønsker å endre på det vi har standardisert? Forslag om at for å endre ein standard vi har laga, lager vi ein Pull Request, men krever at over halvparten av både drift og utvikling trykker Approved. Vi har då konsensus, og standarden kan endrast. Om nokon ønsker å ta ein diskusjon på det, skal ein gjere det, evt. ta det opp på neste tenestegruppemøte. Kva meiner tenestegruppa om dette?

Tilbakemeldingar: Ikkje alt som kan funke på denne måten, men er positive. Er gjerne enklare enn å ta det i møter. Nokre ganger kan ein få ein lang diskusjon i stash, så då bør ein ha sunn fornuft til å heller sette seg foran ei tavle og diskutere.

Vi prøver difor ut konsensus i Stash, men ein vurderer kva som er best i kvart tilfelle.

Eventuelt

Petter var innom ELK-møte i dag (Ellastic Search, Logstash, Kibana), som er eit fast månadleg møte i regi av GID. Petter tenkte på Cerebrum sine e-postloggar. Burde vi bestilt frå dei at Cerebrum går i pilot med å dumpe alle sine loggar i ELK?

Kven drifter tenesten? Ser ut til at det er GID som skal drifte den. Mykje sjølvbetening ser det ut som.

Kor mykje krevast det frå oss, av drift eller utvikling? Jonas har vore involvert i oppsett av dette på Chateau Neuf, og det var då omtrent berre å sette opp logging mot syslog, så var ein i gang. For Cerebrum ser det ut til at vi i hovudsak treng å endre på logging.ini til å peike på logstash, så er vi i alle fall i gang med å dumpe loggane over.

Petter ser for seg at vi kan starte med å sette opp nokre få loggar, og sjå korleis det går å bruke den nye tenesta i staden for e-post, og så auke gradvis.

Ideelt sett burde det kunne loggast både i ELK og på e-post samtidig, i ein overgangsperiode.

Joakim ser for seg at utviklarane bør vere involvert i prosessen tidleg, sidan utviklarane no også vil bli meir involvert i prod. Dette så dei også kan finne fram i tenesten og bli varsla. Utviklarane bør i det minste bli informert heile vegen, og ha mulighet til å involvere seg.

Utviklarane er positive, men Petter må høyre med Hans Kristian om prioriteringar og om vi kan sette av tid til dette.

Diskuterte også litt om at logginga i Cerebrum ville kunne trenge å fiksast på. Noko loggast i dag utan å vite kor det kjem frå. Dette er teknisk gjeld. Jo lager brukarhistorie - (ref: CRB-1419).

Er ELK-møta noko utviklarane bør bli invitert på, sidan det virker som det er månadleg? Kan evt. høyre med Kirk.

Publisert 14. des. 2015 14:00 - Sist endret 17. des. 2015 19:44