Tenestegruppemøte oktober

Tenestegruppemøte oktober 2015. Vart utsatt frå september grunna sjukdom.

Til stades

  • tvl
  • estephaz
  • kvaade
  • jsama
  • fhl
  • hamar
  • sgs
  • jbr
  • tgk
  • jokim (ref)

Sak 1: Kva skjer?

Litt info om pågåande aktiviteter hos drift og utvikling.

Kai introduserte seg. Skal i ukevakt med Tobias neste veke.

Alle er oppgradert, neste steg er å legge ned cere-utv01 (fysisk maskin).

Utviklarane interessert i ein kort intro av korleis det nye prodmiljøet fungerer. Tobias gjekk kort gjennom kva som er nytt i nytt miljø.

Snakka om redundans. Er no ikkje mulig med dei virtuelle maskinene.

Bruker no virtualenv. Om ein treng nye bibliotek må requirements.txt oppdaterast, så det kan installerast automatisk også i prod, med pip.

Fann ut å droppe ansible for å deployere, i denne omgang. Ser på det seinare. Bruker cfengine i liten grad, kjem litt meir når Tobias har tid.

Sak 2: Blameless postmortem: Automatisk avvikling

20 min. Tobias og Joakim presenterer ein postmortem for kva som skjedde i saka om automatisert avvikling, som vart bestilt av sikkerhetssjef. Tek dette som ein blameless postmortem, der målet er å lære og forbedre oss.

Denne må utsettast til neste tenestegruppemøte. Fekk for lite tid til forberedingar grunna Cerebrum-oppgraderingar og andre aktiviteter.

Sak 3: Standard for logg-format

15 min. UAIT utarbeida ein standard for logg-formatet til Cerebrum. Denne er blitt sendt ut til tenestegruppa på førehand, så alle skal ha fått tid til å lese gjennom. Kva meiner tenestegruppa? Skal vi bruke denne som standard?

Korleis ønsker vi å vidareutvikle standarden?

Vart enige om at tenestegruppa skal følge denne standarden.

Logging på ei linje. WinRM er eit problem, der må det gjerast noko vasking.

Diskuterte litt ønsker rundt logging:

  • Fange opp stacktrace og putte anna stad enn i rooterror.log. Tobias og Joakim formulerer.
  • Arbeid for å endre logging til å gå på ei linje. Tobias lager liste over viktigaste logglinjene som dei ønsker å få fiksa.
  • Log stash ville hjulpe. Er det ikkje berre å sette opp? Tobias høyrer kor langt unna Log Stash er i løypa.

Sak 4: Skriptstandard

15 min. UAIT utarbeida ein standard for Cerebrum sine skript. Denne er blitt sendt ut til tenestegruppa på førehand, så alle skal ha fått tid til å lese gjennom. Kva meiner tenestegruppa? Skal vi bruke denne som standard?

Korleis ønsker vi å vidareutvikle standarden?

Kommentarar:

  • Meir detaljar om parameter, som undercore eller bindestrek
  • Dokumentet må inkludere ei logglinje om at det blir commita eller rollback
  • Diskuterte litt om standard og eksempelskript burde bli flytta ut av "tools"-mappa i Vortex
  • Diskuterte konfigurasjon av loggarar. Kva skjer om den ikkje er blitt definert?
  • Snakka om å subklasse argparse som inneheld standard parameter.

Vi vart enige om at vi skal følge denne standarden, og utvide etterkvart ved behov.

Diskuterte også om vi ønsker å fjerne behovet for cerebrum_path, sidan det ikkje brukast i prod no.

Sak 5: Eksponering av fødselsnummer

20 min. Jonas oppdaga at Cerebrum-koden inneheld fødselsnummer. Fødselsnummera var riktignok ikkje tilknytta andre personlege detaljar, men det opplevast likevel som dårleg rutine å eksponere reine fødselsnummer, og er ein risiko for omdømmet til UiO. Kva kan vi gjere for å unngå at dette skjer i framtida? Kva ønsker vi, og kva kan vi gjere, i tenestegruppa?

Vi veit at vi ikkje skal gjere slikt i dag. Dette er gamle synder, og det har ikkje skjedd per i dag. Vi tek dette som ei påminning, og tar det til etterretning.

Sak 6: Bøggfiksingsworkshop

Kva syns folk om forrige bøgfiksingsworkshop? Skal vi ha ny workshop fredag 13. november, altså neste labdag for UAIT?

Ja takk, greit nok det.

Sak 7: Kaffeprat

20 min. Mange saker denne gangen, sidan det er lenge sidan siste, men om det er tid til overs, køyrer vi Lean Coffee.

Nådde ikkje dette.

Publisert 16. sep. 2015 14:16 - Sist endret 13. jan. 2023 12:35