Fjerning av grace-periode for fagpersoner

Mål: Avklare konsekvenser ved å fjerne grace-periode på tilganger (Cerebrum) for fagpersoner fra FS, slik at endringen kan iverksettes.

Tilstede

  • Hans Kristian Fjeld
  • Michael Schøyen Grude
  • Pål Erik Megaard
  • Lars Bergseth-Hasle
  • Anne-Lise Lande
  • Karen Skadsheim Sikkeland
  • Joakim Hovlandsvåg
  • Tobias Langhoff
  • Fredrik Larsen

Fjerning av grace-periode for fagpersoner

Bakgrunnsinfo (epost fra Joakim):

Det vi har informert om, er å redusere grace-perioden frå når ein 
fagperson slutter å vere aktiv i FS, til personen mister si tilknytting 
i Cerebrum. Vi snakker ikkje om å fjerne Feide-tilgangen til 
fagpersonane, dei beheld denne så lenge dei er aktive ifølge FS.

I dag har studentbrukarar og fagpersonar samme antal dagar før dette 
skjer. Vi ønsker altså at fagpersonar mister tilknyttinga si i Cerebrum 
dagen etter at registreringa er fjerna i FS, men let studentar beholde 
tilknyttingane sine like lenge som før.

Bakgrunnen for at vi ønsker å gjere dette, er at vi har fått 
tilbakemeldingar frå andre enheter på UiO der det er forvirrande at 
fagpersonar står registrert som aktive, uansett kor mykje dei prøver å 
endre på registreringar i FS. I tillegg er det eit sikkerhetsmessig 
aspekt, vi ønsker ikkje at personar som ikkje lenger er aktive framleis 
har tilknyttingar på UiO, med dei følgene det har.

Hvis det ikkje var ei misforståing, kva er i så fall årsaken til at de 
har behov for å beholde tilknyttingane til fagpersonar?

 

Konklusjonen for dette møtet: Det er ok for AF at vi fjerner Feide-tilgangen til fagpersonar straks dei mister fagperson-registreringa si i FS.

Merk: Fagperson-registreringar ryddast sjelden i FS. Det er tre år sidan det vart gjort sist. AF vurderer å ta ein ny runde no snart.

Kom også innom bakgrunnen for problemstillinga: AF vart ikkje involvert i prosessen med å gje fagpersonar frå FS Feide-tilgang. Avgjerslen vart tatt for rundt to år sidan. Endringa har konsekvenser for AF, sidan FS då er autoritativ, utan at dei har rutiner for å vedlikeholde informasjonen. AF ønsker at data om fagpersonar hentast frå SAPUiO og ikkje frå FS. Kommentar frå Joakim: Feide-tilgang for fagpersonar frå FS er ei midlertidig løysing fram til eBilagsprosjektet har rulla ut for heile UiO. Er ein prosess, frå Trollsås, for å få lokale enheter til å registrere sine fagpersonar i SAPUiO.

Det kan hende at Cerebrum ikkje har behov for fagperson-data frå FS i det heile tatt når Fronter-integrasjonen er ute. Kan hende vi løyser det ved overgang til integrasjon med FSWS i 2017.

Publisert 8. des. 2016 14:32 - Sist endret 8. des. 2016 14:32