Fellesmøte med Cerebrum-partnarane, november

Vi prøver ut felles statusmøter med alle Cerebrum-partnarar som er interesserte. Fokuset ligg på det som er felles funksjonalitet. Møtet kan brukast til å diskutere ymse tema, stille spørsmål, komme med forslag eller berre lytte. Formålet er bedre samarbeid både mellom USIT og partnarane, og mellom partnarane.

Send inn innspel til agenda. Helst minst tre dagar før møtet.

Partnarane ønsker fleire forum å samarbeide i. Dette er eit forsøk på eit slikt forum.

Tilstades

  • Joakim Hovlandsvåg (USIT, ref)
  • Fredrik Larsen (Cerebrum utvikling)
  • Tobias Langhoff (Cerebrum drift)
  • Dag Løvlie (UiA)
  • Hans Erik Conrad Hansen (UiA)
  • Trond Henry Akerbæk (HiØ)
  • Lars Øimoen, tentativt (HiØ)
  • Robert Haugan (NMH)
  • Karine Justad (NIH)
  • Willy Jensen (NIH)
  • Simon Oliver Olavus (ØFK)
  • Lars Nesland (UiA)
  • Helge Høynes (UiA)
  • Benjamin Fabian Krause (UiA)

Sak 1: Nytt sidan sist [informasjon]

USIT informerer om kva som har skjedd i og rundt Cerebrum sidan seminaret, rundt utviklingsarbeid og driftsaktiviteter. Vi oppfordrer til spørsmål undervegs.

  • Prismodell og kontrakter begynner å ta form, men er ikkje avgjort
  • Jobbast vidare med UiO integrasjonsarkitektur - MQ, Cerebrum, AD
  • Ny app for passordskifte, inkludert enklare passordreglar, nærmer seg ferdig!
  • Passordvarsling på SMS satt opp for NMH
  • Kryptering av passord for AD
  • Er i gang med ELK og statistikk

Noko frå partnarane?

UiA jobber med hyppigare passordoppdatering i LDAP. Vil gjerast ved å oppdatere LDAP med berre det som har endra seg i LDIF-filene. I dag lastast heile LDIF-fila inn i LDAP, og bygger katalogen opp på nytt, som tek mykje lenger tid. Fekk nyleg justert opp frekvensen for overføring av LDIF-fil frå Cerebrum til kvart 5. minutt. Når alle endringane er på plass er det ønskeleg å få LDIF-filer kvart 2. minutt. Integrasjonen kan på sikt fungere hendingsbasert.

Kom spørsmål om Cerebrum-koden. USIT sin Cerebrum-kode ligg offisielt på https://bitbucket.usit.uio.no/, men vert synka opp til github no og då.

Sak 2: Heildagsworkshops for fellesbestillingar [diskusjon]

seminaret vart det foreslått å holde heil- eller halvdags workshop, der ein diskuterer fellesbestillingar frå Cerebrum-partnarane. Dette etter behov, altså når vi har fleire fellesbestillingar som kan trenge å diskuterast. Er dette framleis ønskeleg? Korleis ønsker partnarane det gjennomført?

Har vi forresten nokre kandidatar til fellesbestillingar?

Kan vere ein lur ting, men skjer nok ikkje så ofte. Kan godt ta bestillingar og diskusjonar på e-postlista først, og så ta ein workshop hvis det vert behov for det.

Innspel om å gjere bestillingslista synleg, så partnarane kan sjå over om det er behov som andre også har. Gjerne så ein kan melde seg på, eller stemme fram. Joakim tek det vidare internt.

Snakka om ny Cristin-integrasjon, som kandidat for ei fellesbestilling. Det er veldig ønskeleg hos partnarane, sidan det brukast av alle. Joakim høyrer med Hans Kristian om status, og informerer om at partnarane er interesserte.

Sak 3: FSWS-integrasjon [informasjon]

UiO jobber med å få opp ny integrasjon med FS gjennom FSWS, og fjerne SQL-tilgangen. Dette både av hensyn til IT-sikkerhet og integrasjonarkitektur. Har bestilt endringar frå FSAT, som er tenkt levert i februar/mars. Har Cerebrum-partnarane planar eller tankar rundt dette?

UiA kjenner ikkje til den konkrete aktiviteten for FSWS, men veit at FSAT er pressa på ressursar, grunna forsinka LMS-leveransar.

HiØ bruker XML-filene med FS-data som Cerebrum produserer. Ønsker sterkt å beholde desse, i alle fall ei stund etter at FSWS er klar til å brukast.

HiØ har behov for å legge data tilbake i FS, i hovudsak om personar.

HiØ kunne likevel godt tenkt seg å endre frå filer til å integrere med WS, på sikt.

UiA bruker ikkje XML-filene med FS-data frå Cerebrum til noko i dag, men ABC-fila og LDIF-filene er nyttige og brukast til ymse.

Hos UiA bruker dei SQL-tilgangen blant anna for noko rapportering. Gjerast av nokre få personar. Vil også ha behov for å skrive inn bilder av folk i FS - idag gjerast det dagleg i ein manuell rapport, men ønskeleg å automatisere og skrive rett inn i FS.

Joakim gjer oppmerksom på at det er UiO som ønsker å fjerne sine eigne SQL-tilgangar. UiO bestemmer ikkje kva andre instansar skal ha tilgang til. Frå Cerebrum si side er det ønskeleg at alle bruker samme integrasjon, så det vil kunne skje noko der i 2017. USIT vil uansett ikkje fjerne XML-filene utan å snakke om det først.

Joakim tolker det til at partnarane er positive til å bytte til integrasjon frå SQL til FSWS når den er klar for det, og ein har tilgang til all data som trengs.

Sak 4: CerebrumWS [diskusjon]

Cerebrum sin nye webservice begynner å ta form. Vi har lagt ut eit read-only API for CerebrumWS (oppdatert rett etter Cerebrum-seminaret), så ein ser kva ein kan få ut. Det inneheld i dag nok data til å kunne brukast av AD på UiO, men vert utvida etter behov. De kan bestille tilgang til dette. Kva ser partnarane for seg av bruk?

UiA ikkje sett på det før no. HiØ har ikkje nådd å sjå på det endå, men har planar om det. Må komme tilbake til det snart.

Sak 5: Nye integrasjonskomponentar [diskusjon]

I pilotfasen med ny integrasjonsarkitektur har Cerebrum tatt i bruk meldingskø samt ein API gateway for sentralisert tilgangskontroll. Kva ønsker partnarane å ta i bruk av dette, korleis og når? UiA har fått tilsendt meldingar frå prod, for å teste.

UiA ønsker å ta det i bruk for eksport av forskjellige lister. Ser ut til å trenge tilgang til meir data i CerebrumWS for å kunne oppdatere AD og Exchange. AD og Exchange er prioritert, LDAP er mindre viktig sidan den er blitt forbedra i det siste.

Har lite konkrete ønsker her og no, men folk er positive til at det kjem på plass. Er etterlengta funksjonalitet. Treng berre litt tid på å tenke gjennom og konkretisere.

Spørsmål om kven som gjer kva rundt integrasjonar mot MQ og CerebrumWS. Svar frå Joakim: No er koblingane lausare, så partnarane står fritt til å bestille integrasjonsutvikling frå kven som helst, også USIT, eller berre utvikle sjølv. USIT kan framleis utvikle integrasjonar slik som i dag, men partnarane er ikkje låst til USIT lenger.

Kan bruke felleslista for diskusjon av fellesbestillingar rundt dette.

Kan vere interessant for dei andre at UiA begynner å sjå på integrasjon med AD og Exchange. UiA seier frå når dei begynner å sjå på det.

Partnarane er positive til å ta i bruk Cerebrum si meldingskø, men må komme tilbake til det etterkvart.

Sak 6: Om møtet [diskusjon]

Til slutt, kva meiner folk om eit fellesmøte som dette? Skal vi fortsette med det? Er det noko som kan gjerast bedre? Fungerer det med telefon, eller bør vi også ha video?

HiØ: I utgangspunktet godt tiltak, kan godt gjerast periodisk, td. annakvart møte.

Lars: Er ikkje så oppdaterte på kva dei andre partnarane gjer, så er interessant å høyre om kva td. HiØ gjer. Gjer det enklare å samarbeide og dele med andre. Kjem opp andre ting på møter enn på e-post. Får også bedre flyt om ein har det regelmessig.

Dag: Ideen er god. UiA har hatt statusmøte ein gang i månaden, som er nyttig. Veldig ok å ha slike møter, koster ikkje mykje.

Bra med referat. Innspel om å sende referatet til cerebrum-kunder i etterkant. Joakim sender ut.

Ønskeleg å sette opp eit møte til før jul. Forslag 13. desember etter lønsj.

Telefon eller video? Alltid krøll med video, så erfaringa seier at telefon er best.

Joakim oppfordrer til å komme med innspel til tema. Dagens agenda vart veldig styrd av kva USIT er interessert i.

Eventuelt

Andre som har innspel? Td. tilbakemeldingar til USIT?

Etter møtet

Tek meir tekniske saker etter møtet, for dei som ønsker å følge dette.

Trond, HiØ, har to saker:

  • Passorddisabling gjer at postboksen i Office365 vert sperra, då den vert synka vidare frå at brukaren er Disabled i AD. Mister e-post. Oppdaga for nokre dagar sidan. Er snakk om Azure mot AD.
    UiA sjekker opp korleis det funker hos dei. Ser ut til at det ikkje er disabling som er problemet, det funker i alle fall å sende e-post til ein disabled brukar i UiA sin Office365.
    Trond får Lars til å finne ut av meir detaljar.
  • Grace-periode skaper trøbbel for folk. Bør få varsel om sperring før dei vert sperra. Tek meir detaljar på e-post.

(Joakim: Beklager, oppdaga ikkje at eg hadde satt telefonen på mute på slutten av møtet. Eg sat og prata utan å få med meg det.)

Publisert 5. okt. 2016 19:12 - Sist endret 13. jan. 2023 12:35