FSWS - AF: Planleggingsmøte

Vi diskuterer USIT og AF sine utkast rundt FSWS-integrasjonen, og blir forhåpentlegvis enige om kva veg vi skal gå for ny integrasjon mellom Cerebrum og FS.

Til stades

  • Jonas Braathen
  • Pål Erik Megaard
  • Vibeke Braaten
  • Einar Jerpseth (første del av møtet)
  • Karen Skadsheim Sikkeland
  • Mathias Meisfjordskar
  • Joakim Hovlandsvåg (ref)

Sak 1: Gjennomgang av forslag frå USIT og AF

USIT går gjennom forslaget sitt til FSWS, AF tek opp det dei ønsker frå sitt utkast. Einar har i tillegg innspel rundt ny aktivitet rundt FSWS hos FSAT, som kan ha ein del å sei for korleis vi går vidare.

Vi starta møtet med å snakke om UiO sin nye integrasjonsarkitektur, som var årsaken til at Joakim inviterte med Einar på første del av møtet. AF ønsker å vente med å diskutere korleis vi integrerer til vi har fått behovet til Cerebrum på plass. Vi utsetter difor å snakke om det integrasjonsspesifikke, og gjekk over til å snakke om kva data Cerebrum har behov for.

AF er usikre på når FSAT vil kunne ha ny integrasjonsløysing i FSWS på plass, og er difor skeptisk til å basere integrasjonen på dette. AF ønsker å sperre for SQL-tilgang i løpet av 2016, og har difor eit behov for noko som det er realistisk at vi kan ha klart i løpet av året. Joakim informerte om at arbeidet med ny integrasjonsarkitektur har høg prioritet, og om integrasjonen skal basere seg på gamal integrasjon (getBASData-dump) vil arbeidet kunne få hard prioritetskonkurranse mot andre IA-aktiviteter.

USIT varsler om at vi ikkje har total oversikt over kva studentdata brukast til, sidan vi sender data vidare til mange andre system, og mange brukarar av våre system har friheten til å bruke td. grupper på andre måtar enn vi har sett for oss. Til dømes veit vi at Fronter-gruppene er tatt i bruk av lokal IT for automatisk tildeling av tilgangar.

Vi gjekk gjennom detaljane i AF og USIT sine dokument over behov:

  • Studentnummer trengs av Cerebrum. Leggast til i oversikten.
  • Vi diskuterte om Cerebrum treng å vite om ein student er aktiv, privatist eller EVU. I utgangspunktet treng vi ikkje det, sidan vi ikkje lenger skal skille på dei IT-tilgangsmessig.
    • Endrer vi på dette, bør vi samtidig vurdere kva vi gjer med dagens info-sider om studentautomatikken, spesielt informasjon om aktiv student. AF bør i alle tilfeller vere meir involvert.
  • AF melder tilbake at Cerebrum oppdaterer alle brukarnamn/e-postadresser til alle ansatte, kvar natt. Dette er i så fall uheldig. Dette vart informert om i ein e-post til cerebrum-kontakt 24. november. Joakim sjekker opp.
  • Noko støtte for alternativ til fødselsnummer finnast ikkje i FS, men person-løpenummeret er begynt å bli tatt meir og meir i bruk. Til dømes til bruk i rapportar, og i referering til studentar/fagpersonar i e-postutveksling. Dette er greit å vite for framtida, kanskje løpenummeret blir viktigare då. Studentnummer kan endrast i FS, sjølv om ingen gjer det, men løpenummeret kan ikkje endrast.
  • Cerebrum treng info om samtykke til nettpublisering. Leggast til i oversikten.
  • Diskuterte studentgrupper basert på studieelement. AF ser for seg at vi berre treng grupper for studieprogram og emner, samt ei grovinndeling på studienivåkodar (bachelor, master, phd etc). USIT kan evt. komme tilbake med fleire behov, om vi ser det.
  • Stedkodestruktur: Finnast i dag ein eigen webservice hos FS som kan gje oss denne informasjonen. AF veit ikkje kor god den er. Det er usikkert kva konsekvenser det har for Cerebrum om vi skulle slutta med stedkodestruktur frå FS. Vi bruker i hovudsak strukturen frå SAPUiO, sidan den er autoritativ. USIT sjekker opp behovet for stedkodestrukturen.
  • Dato-sist-endret: Vi venter med å diskutere denne til vi har funne ut korleis vi integrerer. Cerebrum ønsker i utgangspunktet å ha bedre integrasjonsmetodar, som er meldingsbasert og umiddelbar, i staden for dump av data basert på dato.

Joakim viste fram studconfig.xml, konfigurasjonen til studentautomatikken for lokal IT, så AF er klar over bruken og kva lokal IT bruker av studiedata. I hovudsak handterer den gruppemedlemskap i ymse studentgrupper, men også noko kvoter, og bruker utplukk på studieprogram, vurderings- og undervisingsmeldinger, og basert på studienivå, som phd. Det er usikkert kva som brukast av dette per i dag.

Sak 2: Kva gjer vi vidare

Vi blir enige om vegen vidare for bruken av FSWS for Cerebrum.

  • Pål Erik høyrer med FSAT om ny integrasjonsløysing og når den vil vere klar.
  • Cerebrum ser over og lager meir komplett oversikt over kva data som trengs, og kvifor. Cerebrum får ikkje meir data frå FS enn det vi ber om.

Vi vurderer behovet for nytt møte når vi får meir detaljar på bordet.

Eventuelt

  • Det har kome innspel frå postmaster/IFI/MatNat om automatiske e-postlister basert på bl.a. kurs og studieprogram. AF er interessert i å vere med på diskusjonen om kva typer grupper som skal eksistere.
Publisert 21. apr. 2016 19:33 - Sist endret 29. apr. 2016 19:05