Gjennomgang av AF sin spesifikasjon

Generelt ønsker vi at dokumentet ikkje blander saman spesifikasjon av utplukk og kva eksisterande tenester som evt. kan brukast. Vi har forstått det til at dette dokumentet skal vere ein komplett beskrivelse av alt Cerebrum har behov for av data frå FS, utan å gå innom korleis data skal utvekslast. Dokumentet bør difor skillast i to, for å gjere det meir forståeleg. Vi kommenterer difor ikkje på konkrete utkast til format, i denne runden.

Går gjennom kvart punkt i AF sitt utkast.

Aktiv student:

  • Ein grace-periode på eit halvt år skaper ikkje tekniske hindringar, men vi har fått refs frå IT-sikkerhetssjef for at vi bygde inn dette i Cerebrum. Det kan hende IT-sikkerhet ønsker ein kortare periode.
  • Ein konsekvens av å endre utplukket, er at det vil dukke opp ein del fleire studentar. TODO: Finn riktig antal.

Opptak:

  • TODO: Sjekk ut antal opptaksstudentar i dag.

Person/studentinfo:

  • Kva meinast med "aktive emner"? Vurderings- eller undervisingsmelding?
  • Vi treng brukarnamn og e-postadresse (fs.person.emailadresse), for å kunne samanlikne før Cerebrum oppdaterer FS med nye verdiar. Vi henter i dag ikkje privat e-postadresse, så denne treng vi ikkje.
  • Vi vil ha adresser, for at lokal IT og student-IT skal kunne sende ut passordbrev ved behov. Vi kan heller evt. fjerne denne informasjonen seinare.
  • Vi vil ha fagperson-info.
  • Ønsker å skille ut informasjon om studieprogram (namn, stedkode, studienivå, og studieprogramkode) og emner adskilt som eigne punkt, og ikkje som ein del av person-informasjonen. Dette for å gjere det meir oversiktleg.
  • For studieprogram ønsker vi også informasjon om namn på studieprogrammet og studieprogramkoden.
  • For emner ønsker vi også emnekode. Vi henter i dag versjonskode, men er usikker på om vi treng denne.
  • Dersom vi skal vite om tilhørighet til EVU-studentar, treng vi også informasjon om deira kurs. Dette kan sikkert bli slått saman med utlistinga av emner.
  • TODO: Vi treng å sjekke ut meir om kva datafelt brukast til i Cerebrum.

Fødselsnummer:

  • Dette er ok. Er det vi får i dag.

Stedkoder:

  • Det ser ut til at vi ikkje treng å hente ut stedkodestruktur, med unntak av for Fronter, sidan vi får strukturen frå SAPUiO. Vi treng å vite kva stedkode kvart studieelement høyrer til.

Oppdatering av person og fagperson:

  • Vi må ha mulighet til å hente ut brukarnamn og e-postadresse, for å kunne samanlikne. Vi rekner med at dette skal komme med i uthentinga av person-informasjon over.
  • Den eksisterande BAS-tenesten var vi litt usikker på. Den omhandlar ikkje personar, berre fagpersonar. Vi fann ingen spesifikasjon på kva parameter vi kan gje, og kva som er påkrevd. I dømet stod det ingenting om korleis vi td. oppdaterer brukarnamn, og kan <kommune/> utelatas?
  • Cerebrum oppretter i dag både fs.person (alle tilsette) og fs.fagperson (vitskaplege tilsette). Cerebrum oppdaterer FS i dag med informasjon om TODO. Vi treng difor også å kunne opprette og oppdatere personar, med mindre de ikkje vil ha denne funksjonaliteten lenger.

Cerebrum sine behov:

  • Vi sender ut data om emner og undervisingsaktiviteter til LDAP, blant anna med informasjon om studienivåkode. Dette inkludererer framtidige element. Vi må sjekke kor dette brukast, mest sannsynleg av Vortex, og om det er nødvendig med all denne informasjonen. TODO: Joakim sjekker.
  • Det ser ut til at vi har behov for personroller, også etter Fronter. Dette kjem etter tilbakemeldingar om automatiske grupper for gruppelærar og andre fagpersonar. Dette veit vi brukast av Vortex i dag. TODO: Joakim sjekker bruken.
  • TODO: Joakim legger inn Story i neste sprint for å få sjekka ut bruken av studendata.
Publisert 28. juni 2016 20:56 - Sist endret 28. juni 2016 20:56