Oppsummering av DevOps-forsøk - rutine for prodsetting

Vi tek ei oppsummering av korleis det har gått med vårt DevOps-forsøk, der utviklarane har fått tilgang til prod og har prodsatt sjølv i eit halvt års tid.

Målet med møtet er å konkludere med om vi skal fortsette med denne ordninga på permanent basis eller ikkje, og kva treng vi eventuelt må endre på.

Tilstades

  • fhl
  • hanskfje
  • elisabhs
  • tvl
  • estephaz
  • jokim (ref)

Sak 1: Oppsummering av prøveperioden

I desember 2015 vart vi einige om å prøve ei ny Rutine for prodsetting, der utviklarane kan prodsette kode- og konfigurasjonsendringar i Cerebrum sitt prodmiljø.

Korleis har dette gått? Kva er drift og utvikling sine erfaringar med prøveordninga?

Ønsker vi at utviklarane skal kunne prodsette sjølve på permanent basis, evt. med tilpassingar?

 

Sak 2: Endringar i prodsettingsrutina

Kva har drift og utvikling behov for at må endrast på i prodsettingsrutina? Kva er det som ikkje funker, eller kva har ikkje blitt etterfulgt?

 

Sak 3: Andre endringar

Har drift eller utvikling ønsker om andre endringar, relatert til DevOps?

Emneord: devops
Publisert 25. mai 2016 19:20 - Sist endret 25. mai 2016 19:22