Status 2016-2

Kort statusmøte etter sommaren.

Tilstades

  • hanskfje
  • elisabhs
  • tvl
  • fhl
  • jokim (ref)

Sak 1: Forslag til tettare samarbeid drift og utvikling (DevOps)

Forslag til at drift og utvikling jobber mykje tettare enn i dag, i ein testperiode over minst to INT-sprintar. Dette for meir erfaringsdeling mellom frontane, bli meir DevOps, lære av kvarandre sin metodikk, og sjå kva resultat ei slik endring gir. Det er ikkje meint som ei permanent ordning, men for å sjå kva som funker og ikkje, og så evt. beholde det som fungerte. Vi tar målingar undervegs og tar med i vurderinga i etterkant.

Dømer på tettare samarbeid:

  • Cerebrum drift flytter ned til 1307
  • Cerebrum drift oppsummerer sitt arbeid i Daily Scrum. Svitsjer over til KIA sitt Kanban-board.
  • Motiverer til at folk kan jobbe på tvers av gruppene - driftarar kan bistå med sprint-saker, utviklarar kan bistå med kanban-saker
  • INT vert invitert til KIA sine planleggingsmøter
  • Skiller ut eigen Sprint Review for tech stories, og inkluderer KIA sine aktiviteter.
  • Retrospective: Ta med Cerebrum drift, evt bruke tenestegruppemøta.

Spørsmål til møtet:

  1. Kva meiner folk? Trengs ack frå Elisabeth og Hans Kristian før vi kan konkretisere.
  2. Meiningar om formål og avgrensingar?
  3. Korleis går vi fram? Forslag: Joakim, Fredrik og Tobias lager meir konkret utkast, og tar det opp til diskusjon i neste tenestegruppemøte.

Folk er positive. Bør skje med Cerebrum-relevante sprintar.

Vi må ha med detaljar rundt kva vi lærer av testperioden. Gjerne også målingar.

Dei to neste sprintane er mest aktuelle i år for dette, så prøver å få Cerebrum drift med på planleggingsmøtet på mandag allereie. Om drift vert med og kan jobbe med td. 4 user stories kan KIA også ta med brukerhistorier på 4 story points.

Formål: Knytte opp mot bedre samarbeid og informasjonsflyt mellom drift og utvikling. Vurderer målingar utfrå dette.

Cerebrum drift må framleis ha tilgangar når dei flytter ned.

Fredrik, Tobias og Fredrik tek det vidare, tl neste mandag. Treng ikkje spikre alt med ein gang.

Sak 2: Prodsetting av MQ, GW og ny AD-integrasjon

INT utvikler nye tenester etter ny integrasjonsarkitektur. Desse er meint å gå i «pilot-prod», og tanken er at KIA etterkvart skal drifte det. Kva er status? Korleis, og når, får vi evt. prodsatt?

Endeleg prodsetting i 2017 ein gang. Skal KIA ta over pilotprod-drift? Fordel om KIA får litt erfaring med dei. Pilotprod betyr lite krav til oppetid og ytelse, og at utviklarane kan få testa.

INTARK-prosjektet tek seg av overleveringa frå prosjektet til drift.

Er endå uavklart om det er KIA som skal drifte desse produkta. PRosjektet må ta opp dette oppover, som kjem vidare nedover i driftslinja.

Sak 3: Kommunikasjonskanalar for drift

Cerebrum drift har gjort grep i RT og Jira. Kva er status no? Kva kanalar skal brukast? Skal interne bruke Jira eller RT?

Partnarane klager på lang responstid ved endringar, td. ved endring i mal for velkomst-SMS. Kan vi sette ei forventa responstid?

Rakk ikkje dette.

Eventuelt

  • Kan vi sei noko om krav til oppetid for CerebrumWS når den begynner å bli tatt i bruk av bl.a. Vortex?
Publisert 7. aug. 2016 18:44 - Sist endret 16. aug. 2016 14:54