Statusmøte 2016-5

Tilstades

  • hanskfje
  • elisabhs
  • fhl
  • tvl
  • jokim (ref)

Sak 1: Historikk i grupperydding [diskusjon]

Hans Kristian tok opp i forrige statusmøta: Fått spørsmål frå Espen Grøndahl rundt historikk i grupperydding. Hans Kristian treng svar.

Todelt problemstilling:

  • Korleis får vi rydda i dei gamle gruppene vi har, som er rotete?
  • Korleis unngår vi at det blir rotete på nytt seinare?

Ein driftar og utviklar set seg saman og finn løysingsforslag, og lufter løysingsforslag med tenestegruppa. Tobias og Fredrik. Frist: I løpet av neste veke.

Sak 2: Oppsummering av tenestegruppemøte [informasjon]

Vart holdt tenestegruppemøte denne veka. Kort oppsummering:

  • RT er tungvindt for utviklarane. Ser på å redusere e-postutsendinga, før vi ser på prosess.
  • Uenighet om kor mykje som skal tvitrast om.
  • Forslag om endring av standup

Hadde nokre kommentarar. Tvitringa har ikkje fungert som tiltenkt, så vi bør sjå på det på nytt. Hans Kristian hadde høyrd om noko frå Dagfinn om korleis dei publiserer nyhender om Nettskjema.

Ingen konklusjon på møtet. Tek det opp att seinare i tenestegruppa.

Sak 3: Felles statusmøte [informasjon]

Vi hadde felles statusmøte med alle Cerebrum-partnarar 9. november. Skal ha nytt 13. desember. Joakim oppsummerer kort.

Særskild innspel/ønske om å gjere bestillingslistene våre synlege, så andre kan slenge seg på bestillingar. Kan gjere det enklare å få felles bestillingar.

Stor interesse for Cristin-integrasjon - partnarane ønsker status.

Nådde ikkje denne.

Sak 4: Neste sprint og Cerebrum drift [diskusjon]

Er Cerebrum drift forberedt til neste sprint?

Kommentar frå Elisabeth: Drift skal ha pre-planning-møte seinare i dag.

Diskuterte også om meir av KIA kunne vore med, spesielt på standup for informasjonsflyt.

Sak 4: Ny SAP-integrasjon [diskusjon]

Ny integrasjon med SAPUiO er i produksjon. Bør vi bleste det? Nokre som bør informerast?

Nådde ikkje denne.

Sak 5: Plan for å reindyrke Cerebrum [informasjon]

Status i aktivitet for plan for rendyrke kjernefunksjonaliteten i Cerebrum som BAS/IdM (frå INT sin årsplan): Joakim har diskutert kort med Fredrik og Tobias, men ikkje konkludert eller gjort noko meir.

Nådde ikkje denne.

Eventuelt

Hans Kristian etterlyser sluttrapport for aktiviteten rundt brukaropprydding. Joakim ser på. Helst til neste fredag.

Publisert 28. nov. 2016 08:42 - Sist endret 13. jan. 2023 12:40