Tenestegruppemøte DevOps-oppsummering

Korleis syns tenestegruppa at det har gått med ny prodsettingsrutine? Kva bør vi endre? Er det noko anna DevOps-retta vi kan gjere?

Etter planen for DevOps skulle vi vurdere om rutina skulle blitt permanent eller ikkje. Målet for dette møtet er å finne ut om tenestegruppa ønsker å beholde denne rutina eller ikkje. Dette takast vidare med drift- og utviklingsansvarlege.

Tilstades

  • tvl
  • estephaz
  • kvaade
  • elisabhs
  • fhl
  • jsama
  • sgs (ferie)
  • jbr
  • hanskfje
  • hamar (ferie)
  • tgk
  • jokim (ref)

Sak 1: Status prodsettingsrutina

Korleis meiner folk det har gått med prøveordninga for ny prodsettingsrutine? Tek ein runde rundt bordet for tilbakemeldingar. Kva har gått bra, kva har ikkje gått bra?

Positivt:

  • Kjappare feilfiksing, slepper at drift spring ned til utviklarane
  • Fornuftig at den som har laga noko prodset og fikser

Forbedringspotensiale:

  • Prodsettingar går ofte berre til den instansen det utviklast for, og ikkje alle. Får eit etterheng.
  • Manglande tilbakemeldingar på kva som prodsettast
  • Drift og utvikling er ikkje eitt team, nødvendigvis. Potensiale for at dei er nærare, til dømes ved å jobbe saman i sprintar.
  • Den skrevne rutina er lang som eit vondt år, så få har lest den, og endå færre hugser detaljane. Denne bør forenklast kraftig! jokim tek opp på neste tenestegruppemøte.

Såg gjennom midtvegsevalueringa i DevOps-workshop 17. mars:

  • Framleis behov for bedre innsyn i kva som endrast og prodsettast.
  • Teknisk gjeld er framleis ei hindring før vi kan ta i bruk/utvikle bedre verktøy. Avhengig av INT sine prioriteringar. Forhåpentlegvis eigen DevOps-sprint på nyåret. Ønskeleg at også KIA er med i denne sprinten!

I ROS-analysen kom det opp ønske om prodsetting som eigen brukar - gjer det enklare med sporbarhet og kunne sjå kven som gjer kva. Vert nok bruk av driftsbrukarane.

Oppsummert: Vi er positive til prodsettingsrutina slik den er no, men potensiale for forbedringar, spesielt rundt synlighet av prodsettingar.

Sak 2: Kva gjer vi vidare?

Ønsker vi å fortsette med dagens prodsettingsrutina, justere den, gå tilbake til det originale, eller gjere noko heilt anna?

Konklusjon: Fortsetter med prodsettingsrutina, den er herved ikkje lenger i pilot! Bruker tenestegruppemøtene som retrospective for vidare endringar av rutina.

Tok opp nokre forbedringar:

  • Prodsettingar går for ofte berre til ein instans: Instansane begynner å divergere. Vart enig om å endre rutina:
    • Alle skal i utgangspunktet prodsetter til alle instansar (med unntak av TSD, den har eige løp)
    • Dersom ønskeleg å teste hos ein instans først, prodsetter vi på nytt etterpå for alle dei andre. Prodsettingsverktøyet bør utvidast for å kunne takle dette. jokim lager brukarhistorie til INT for dette - (CRB-1729).
    • På sikt burde prodsettingsverkøyte sjølv finne ut av kva instansar som må kunne restartast avhengig av kva endringar som dukker opp.
  • Publisering av prodsettingar: Jo fikser twitter-publisering, men avhenger av Hans Kristian.

Kva gjer vi med TSD? Utviklarane har ikkje tilgang. Cerebrum drift ber om å få prodsatt i nedetidsvinduet deira, så det kan gjerast regelmessig. Meininga er at det gjerast saman med ein utviklar. Det er sterkt behov for stagingsmiljø først! Joakim og Elisabeth følger opp dette.

Sak 3: Andre DevOps-tiltak

Kva andre forslag til DevOps-relaterte tiltak har tenestegruppa? Vi bruker lappar, introduserer og diskuterer dei kort i plenum, og tek dei med vidare.

Nådde ikkje dette. Tek opp dette som eige tema på neste tenestegruppemøte.

Eventuelt

Publisert 26. mai 2016 10:46 - Sist endret 29. juni 2016 19:45