Tenestegruppemøte: Evaluering av Cerebrum-seminar 2016

Vi tek ein retrospective av Cerebrum-seminaret.

Tilstades

  • jsama
  • fhl
  • tvl
  • tgk
  • jbr
  • hamar
  • sgs
  • estephaz
  • kvaade
  • elisabhs
  • jokim (ref)
  • hanskfje

Sak 1: Runde rundt bordet

Tek ein kort runde rundt bordet. Kva gjekk bra, kva gjekk ikkje så bra?

  • Interessant seminar
  • Sakna litt meir info om partnarane som var der. Hadde ein kort presentasjon av oss, men det kunne godt vore sagt litt om dei andre påmeldte, kor dei kom frå, og deira roller.
  • Likte det interaktive, diskusjonane, men dei burde vore lenger
  • Fleire i tenestegruppa som ikkje kjenner så mange av dei som deltok
  • Meir interessant kva dei andre gjer no, og mindre kva dei har gjort, og historikken
  • Diskusjon oppdelt i grupper fungerte bedre enn Lean Coffee - virka som at vi var for mange for det?
  • Kunne hatt bedre tid til å forberede presentasjonar
  • Programmet mindre interessant for oss, enn dei andre
  • Pils og koding på lekteren?
  • Mykje overlapp på foredraga våre - folk sa mykje av det samme - hadde vore lurt med ein avsjekk oss i mellom før seminaret
  • Grei blanding av tema, og lengder
  • Diskusjonane hadde for lite tid, men folk hadde kanskje ikkje så mykje å sei? Eller trengde dei berre meir tid på seg? Var det for seint på dagen?
  • Burde hatt tid til spørsmål etter kvart foredrag
  • Mykje som kom opp i diskusjonane vart også sagt på forrige seminar, spesielt rundt partnarane
  • Tok opp mindre spørsmål rundt konkrete bestillingar og spørsmål denne runden, sakna det. Hadde litt på partnersporet.
  • Totalt sett bedre seminar enn i 2014! Er alltid noko ein kan gjere bedre, men totalt sett var det bra.
  • Burde hatt meir gruppearbeid. Litt for store grupper!
  • Bra kombinasjon av foredrag, lyntaler, diskusjonar.
  • Burde hatt intro av kven alle var på seminaret!
  • Savna tid til spørsmål!
  • Lean Coffee, meir tid: Start før pausen, mingle rundt og lag lappar. Eller fordel på grupper å lage lappar, så mindre press på enkeltpersonar.
  • Redusert konsentrasjon siste timen: Kunne sagt at vi slutter kl 15, men slutter kl 14, så vert folk mindre utolmodig.
  • Burde hatt namnelappar! Å presentere seg i plenumsrunde passer ikkje så bra, for ein husker ikkje dei andre, ein vert for fokusert på kva ein sjølv skal sei.
  • Skulle hatt ein liten generalprøve eller gjennomgang før seminaret, for våre eigne foredrag
  • Var for mange på diskusjonane, kanskje berre 20% som sa noko
  • Burde sagt meir om kva systemet Cerebrum er, og kva som skjer internt og kva det gjer. Hatt eit eige foredrag om det, spesielt retta mot brukarane av Cerebrum, men også dei som er ferske eller treng ei oppfrisking.
  • Lengd på lyntaler - kunne kanskje spørre om kor mykje tid kvar person faktisk treng i staden for å gje alle 10 minuttar
  • Vart nemn konseptet "ignite" - du har 20 foiler og kvar foil varer i 15 sekund, så du vert tvungen til å følge skjema
  • Intenst program - for intenst? Fekk ikkje tid til spørsmål
  • Diskusjonar vart tunge, treig start
  • Lyntaler litt for kort? Bittelitt djupare dykk? Uenighet, usikkert, er veldig avhengig av tema. Nokre burde hatt mindre tid.
  • Forslag frå partnarane: Årleg workshop på ein halv eller heil dag, for å diskutere ein eller fleire fellesbestillingar.
    • Gjerast uavhengig av Cerebrum-seminaret. Kaller inn ved behov.
  • Må bli flinkare på å informere om kva vi leverer!
  • 25 vart med på middag. Vart bra, kom samtalar ut av det. Hans Kristian lærde masse om NetIQ frå Hedmark.

Kunne hatt på nytt?

  • Ja, men avhenger mykje av IAM og kor det går i sektoren.

Sak 2: Innspel frå seminaret

Det kom (forhåpentlegvis) ein del innspel frå seminaret. Kva meiner folk om desse? Kva er gjennomførbart, kva vil vi?

For tidleg å sei, 15 har svart til no.

Sak 3: Spørreskjema

Alle som ikkje har fyllt ut Nettskjema etter seminaret endå, kan fylle det ut i møtet!

Avslutta 10 minutt før for at folk skulle gjere dette.

Eventuelt

Om tid til overs.

Publisert 6. sep. 2016 14:11 - Sist endret 19. sep. 2016 19:51