Tenestegruppemøte post-testperiode

Første tenestegruppemøtet etter testperioden med tett samarbeid mellom drift og utvikling.

Tilstades

  • jsama
  • fhl
  • tvl
  • tgk
  • jbr
  • hamar
  • sgs
  • estephaz
  • kvaade
  • elisabhs
  • jokim (ref)
  • hanskfje

Sak 1: DevOps etter testperioden [diskusjon]

Testperioden der drift og utvikling var samlokaliserte og brukte samme board, er over. Har også hatt ein Sprint Retrospective med diskusjon rundt dette. Kva ønsker vi å gjere vidare?

Hadde ikkje retrospective med dette som tema likevel, men KIA hadde si eiga evaluering. Deira tilbakemeldingar er at dei likte samlokaliseringa - lærde meir av å vere nærare utvikling. Drift ønsker å vere med på fleire sprintar, men då berre dei sprintane som passer drift. Føler å delta i sprinten pusher drift litt, med fokus og metodikk. Minuset er at ein bruker mykje meir tid på planlegging. Har ikkje konkludert rundt lokalisering, drift ønsker ikkje å miste kontora.

Tenestegruppa er positiv til samlokaliseringa. Får meir spørsmål og raskare svar på dei. Samarbeider meir og bedre.

Kom innom diskusjon rundt metodikk. Forslag å gå over frå Scrum til KanBan, og evt. #NoEstimates. Vart også tatt opp på forrige metodikkforum, som ein trend mange utviklingsteam går mot. KanBan kan også gjere det enklare å utføre DevOps, sidan det passer drift meir. Ser ikkje mykje verdi i at drift er med i INT sin sprint backlog. Kanskje det beste er om dei har eigen backlog, men er med på standup.

Sak 2: Rutine rundt beskytta dokument [informasjon]

Joakim informerer om rutine rundt dokument som ikkje kan publiserast.

Er lagt til advarsel om dette i README i dokumentasjons-repoet.

Tatt til etterretning. Joakim svarer CERT.

Sak 3: Reindyrking av Cerebrum som BAS/IdM [diskusjon]

Frå INT sin årsplan: Cerebrum skal på sikt rendyrkes som BAS/IdM (Visjonsnotat Cerebrum). Funksjonalitet som ikke er relatert til kjernefunksjonaliteten BAS/IdM skal gradvis fases ut eller skilles ut. Dette tiltaket er nødvendig for å sikre at all funksjonalitet i Cerebrum følger Cerebrums modulbaserte design, slik at det blir raskt og enkelt å fase eller skille ut funksjonalitet.  Tiltaket er knyttet til Prosjekt UiO integrasjonsarkitektur, og er ønsket Tjenestegruppe Cerebrum.

Tenestegruppa har fått i oppgave å lage overordna plan for konkrete tiltak for å få fullført denne aktiviteten. Korleis gjer vi det? Ønskeleg at både drift og utvikling deltek.

For å vite kva vi bør gjere med dei ulike delane, vil vi måtte gå i dialog med omtrent heile USIT.

Folk var usikre på kor dette bør gjerast. Fredrik har fått i oppdrag å lage arbeidsgruppe for å lage brukarhistorier på dette, og no skal tenestegruppa også planlegge? Kven gjer kva? Uenighet om Cerebrum drift skal involverast i arbeidet.

Joakim og Fredrik prater saman, og tek det med Hans Kristian. Fredrik treng uansett å få satt av tid frå sprintar til å jobbe med dette.

Sak 4: Slack for partnarar? [diskusjon]

Tarjei tipsa oss om å kunne bruke Slack som diskusjonskanal for Cerebrumpartnere, og er in for tida. Kva meiner folk om å bruke Slack til kommunikasjon med partnarar og evt. andre?

Folk er usikre på om det gir verdi eller ikkje. Trur ikkje dette vil hjelpe partnarane noko. Bør heller prøve ut e-postlister for diskusjon først.

Eventuelt

 

Publisert 19. sep. 2016 11:02 - Sist endret 13. jan. 2023 12:35