Planlegge driftsrullering i INT sprint

Frå Sprint Retrospective 2017-02 vart vi einige om å prøve ut at vi rullererer inn ein driftar per sprint hos INT, som forsøk på bedre samarbeid og DevOps.

Mål: Bli enige om nok detaljar til at vi kan starte neste sprint med ny ordning.

Tilstades

  • hanskfje
  • elisabhs
  • jokim (ref)

Sak 1: Overordna prinsipp

Kva køyrereglar treng vi?

Forslag:

  • Formål med rulleringa: Bedre og enklare samarbeid og informasjonsutveksling mellom drift og utvikling, utan å gå på bekostning av drift sin arbeidskvardag.
  • Mål med rulleringa: At teamet opplever ordninga/samarbeidet som positivt og med færre gnissingar.
  • Driftarane vert oppfordra, men ikkje vere med i rulleringa.
  • Driftaren som vert med, vert utlånt/reservert til sprinten på fulltid, og kan ikkje trekkast tilbake med mindre det er krise.
  • Elisabeth får lagt inn brukarhistorier i sprinten omtrent tilsvarande driftaren sin kapasitet. Det må ikkje berre vere driftssaker, det kan til dømes vere utvikling relevant for drift.
  • Teamet er kryssfunksjonelt og sjølvorganisert. Alle skal kunne utføre alt, sjølv om enkelte er meir dyktige på enkeltområder (til dømes QA, testing, UX og drift). Teamet bestemmer sjølv kven som tek kva.
  • Drift sine saker som skal i sprinten flyttast/opprettast i CRB-prosjektet.
  • Opplæring: Set av tid i kvar sprint for kva kvar driftar ønsker av opplæring.
  • Resten av drift framleis ønska på Daily Scrum. Vi har framleis gjensidig nytte av informasjon frå kvarandre, og vi er framleis langt under 15 min.

 

Sak 2: Gjennomføring

Korleis gjennomfører vi sprinten?

Forslag:

  • Forberedingar:
    • Elisabeth informerer Cerebrum drift og høyrer kven som ønsker delta.
    • Elisabeth legg inn brukarhistorier i sprinten.
    • Elisabeth lager rulleringsplan og justerer ukevaktslista.
    • Joakim bistår å migrere brukarhistorier frå CRBD til CRB.
    • Tobias deltek i første sprint. Fulltid, minus driftsmøter.
  • Etterarbeid:
    • Prøver det ut i minst tre sprintar, med minst to driftarar, for å få ei reell vurdering.
    • Evaluerer på felles Sprint Retrospective.

 

Eventuelt

Publisert 9. feb. 2017 21:23 - Sist endret 13. jan. 2023 12:35