Tenestegruppemøte om kvalitetskriterier

Oppsamling av forskjellig som skjer i tenestegruppa, med fokus på gjennomgang av kvalitetskriterier for våre tenester.

Tilstades

  • estephaz
  • tvl
  • kv
  • fhl
  • tgk
  • jbr
  • jsama
  • sgs
  • hamar
  • elisabhs
  • jokim (ref)

Sak 1: Kvalitetskriterier for Cerebrum sine tenester [diskusjon]

Det er blitt laga applikasjonsbeskrivingar for tenestene som tilhøyrer Cerebrum:

Vi går gjennom desse og blir enige om kvalitetskriterier.

Diskusjon

Nokre innspel til kvar applikasjon.

  • Generelt: bytt ut minstekrav til responstid til å sei at 90% av responsar skal vere ut X antal sekund
  • Litt uenighet om framtida til Brukerinfo. Uansett veit vi kva som trengs å forbedrast, så treng ingen spørreundersøking eller anna måling fram til vi gjer noko med det.
  • Mindre justeringar av svartider etc.

Oppfølging

Joakim oppdaterer dokumenta med tilbakemeldingane, og sender inn bestilling hos INT, på vegne av tenestegruppa.

Sak 2: Oppfølging av kvalitetskriterier for Cerebrum [beslutting]

I forrige tenestegruppemøte vart vi einige om kvalitetskriterier for Cerebrum, som INT må legge til støtte for måling av:

  • Nye passord må vere provisjonert i alle systemer Cerebrum integrerer med innen en time.
  • Batch-baserte provisjoneringer må fullføre innen 48 timer. Overvåkes av drift.
  • Kommandoer mot bofhd skal gi svar innen 5 sekunder.
  • CerebrumWS må håndtere alle godkjendte integrasjoner.

I tillegg til målepunkta tatt opp i Sak 1. Vi bestiller utvikling frå INT for å støtte dette, og tilgang i grafana. Korleis skal vi følge opp kvalitetskriteria?

Forslaget er at vi tek det opp som diskusjonspunkt i tenestegruppa jamnleg framover, ein gang i halvåret, for å diskutere vegen vidare, td. bli enige om bestillingar hos drift/utvikling.

Diskusjon

Kommentar om å justere på nokre av kvalitetskriteria sidan forrige møte.

Diskuterte ulike synspunkt om korleis måle. Vert mykje opp til INT og KIA, og kva verktøy vi har i dag. Skal ikkje bruke lang tid på dette.

Oppfølging

Joakim tek opp jamnleg på tenestegruppemøta, med evaluering og diskusjon om vegen vidare, etter at målepunkt har blitt implementert.

Sak 3: Rydde i dokumentasjon [diskusjon]

INT har blitt einige om retningslinjer for sin dokumentasjon, og ønsker å ta ei opprydding i sin dokumentasjon. Det er ein fordel at tenestegruppa tar ei opprydding samtidig, då INT ønsker flytte all sin utviklardokumentasjon frå Cerebrum til INT sin interndokumentasjon. Vi blir enige om kva tenestegruppa gjer.

Bakgrunn

INT ønsker mindre, men bedre, dokumentasjon enn i dag. Fokuserer på sjølvforklarande kode, og README-filer per repo. Har oppretta ei samlefil om miljøa til INT (for det som ikkje kan ligge opent tilgjengeleg per repo, td. maskinnamn), samt eit internt roterepo/dumpingplass for alt vi ikkje veit om kan slettast. Spesielt relevant for tenestegruppa:

Forslag

Forslag til endringar:

  1. Repo:
    1. All dokumentasjon i Cerebrum-repoet skal berre ha med designet av Cerebrum å gjere. Flytter/sletter alt anna.
    2. cerebrum_config-repoet skal ikkje inneholde dokumentasjon, då drift bruker eige vortex-område. Flytter alt relevant til sysadm-sidene i vortex, sletter resten.
    3. instans-spesifikasjon vert beholdt uendra. Vedlikeholdast primært av tenestegruppeleiar.
  2. Tenestegruppesida i Vortex:
    1. Generelt skal den berre inneholde det som er spesifikt innanfor tenestegruppa sitt mandat (referat, administrativt, rapportar etc), samt dokumentasjon med partnarane som målgruppe. Resten skal ut eller vekk.
    2. Mappa utvikling/ slettast. Flytter utviklingsspesifikt til INT sin interndokumentasjon, alt utan verdi slettast, og resten flyttast opp eit nivå.
    3. Alt utdatert av dokumentasjon og aktiviteter flyttast til ei eiga, nedsperra arkiv-mappe. Alt utan historisk verdi slettast.
    4. Drift sitt område bør også ryddast i, og flyttast til KIA sin fellesdok, men takast seinare.

Forslag til gjennomføring:

  1. Joakim får fullmakt til å rydde utfrå tilbakemeldingane frå tenestegruppa.
  2. Dokumentasjon som skal slettast må informerast om på e-post først.
  3. Gjenverande dokumentasjon frå utviklarane, meint for eksterne, vert flytta frå dokumentasjons-repoet til Vortex direkte.

Diskusjon

Uenighet om å droppe instans-spesifikasjonen, så beholder den som i dag. I framtida er det ønskeleg å ha mindre dokumentasjon også der, ved at Cerebrum vert mindre skreddersydd, og at enkelte dokument kan bli generert automatisk.

Elles ingen protestar.

Oppfølging

Joakim får lov til å rydde og herje, stort sett som foreslått.

Sak 4: Outsourcing av Cerebrum-support [informasjon]

Elisabeth, Tobias og Joakim jobber med å redusere mengda support og manuelt arbeid på Cerebrum drift, så dei kan fokusere på tyngre driftsarbeid.

Outsource support til Driftssenteret:

  • Endre moderator på grupper
  • Opprette grupper
  • Slå saman personobjekt
  • Opprette upersonlege brukarar

Distribuere til lokal IT o.a:

  • Avvikle grupper (alle gruppemoderatorar)
  • Opprette grupper
  • Opprette driftsbrukar

Automatiserer:

  • Spreads på brukarar (mest mogeleg likt hos alle)
  • Feil i visningsnamn - fjern alt gamalt

Diskusjon

Kommentarar om at "feil i visningsnamn" ikkje er så enkelt å løyse.

Skepsis til å kunne outsource "slå saman personobjekt", då ein bør ha superbruker-tilgang for å rette det opp att. Argumentet/håpet er likevel at drift bruker mindre tid på å rette dei enkelthendingane ved samanslåing av feil personar, enn på å slå saman. Cerebrum drift og Driftssenteret ligg uansett like langt unna personane som skal bli slått saman.

Spent på korleis implementere forslaga.

Eventuelt

Publisert 3. sep. 2017 22:01 - Sist endret 19. feb. 2023 00:25