Cerebrum statusmøte 2017-6

Tilstades

  • hanskfje (TE)
  • elisabhs
  • tvl
  • fhl
  • jokim (TL, ref)

Referat

Referat frå forrige møte.

Sak 1: Plan for meir DevOps [diskusjon]

Joakim og Tobias har tenkt meir på DevOps-vegen vidare, og laga utkast for diskusjon. Er spesielt ønskeleg å diskutere sluttresultatet utfrå forslaget.

Diskusjonspunkt:

  • Er målet riktig?
  • Er det riktig veg å slå saman Cerebrum drift og utvikling som eitt team? Avhenger av kva veg INT og KIA ønsker gå.
  • Er det ok å slå saman ukevakta, etter at support er outsourca til Driftssenteret og dei fleste manuelle operasjonar er fjerna/automatisert?
  • Det vil kreve litt arbeid å få på plass, men vil kunne vere besparande på sikt. Ønsker/kan vi bruke ressursar på overgangen? Kan ei løysing vere at Joakim gjere så mykje som mulig av det?

Diskusjon

Positive til dei første punkta i utkastet - outsource support, fjerne manuelle operasjonar, bedre saksbehandlingsrutiner og mindre loggmengder.

Vi snakker for lite om kva som funker og ikkje funker i dag.

Ulike retningar for kor ein vil gå i INT og KIA, så vart ikkje einige om det er eit ønskeleg mål å slå saman Cerebrum drift og utvikling. KIA ønsker til dømes heller meir kompetansedeling mellom eigne tenester.

Vart einige om å ta opp diskusjonen på nytt, etter at første punkta i planen er gjort/påbegynt.

Diskuterte også ei eiga tenestegruppe for IAM som teneste. Denne bør inkludere alle involvert i IAM på USIT, som er ein del produkt og personar. Kan hende det er såpass mange personar at eit forum er bedre egna. Det er ønskeleg å også inkludere AF, og eventuelt ADS, for å få heile IAM-flyten. Treng berre inkludere utvalde personar.

Angåande måling: Vart einige om å telle antal RT-saker vi får. Sikre at det går ned.

Oppfølging

  • IAM-tenestegruppe: Joakim starter på utkast til mandat med HKF og EHY på e-post. Starter der. Bør modnast.
  • Joakim oppdaterer plan for DevOps. Fjerner punkta om å slå saman drift og utvikling, og ukevakta.
  • Joakim går vidare med aktivitetane i planen.
  • Joakim tek opp att diskusjon om kor vi vil med team-samansetning på seinare statusmøte, når første punkta har blitt gjort.

Sak 2: Gjestebrukarordninga [diskusjon]

IT-sikkerhet har spurd om vi kan revurdere å slå av gamal gjestebrukarordning (RT#2542592): «Har vi fremdeles bruk for disse gjestebrukerene? Kan Cerebrum gjøre en utredning av behovet med sikte på å avvikle hele løsningen?»

Kort sjekk i logger seier at det vart henta ut 200-300 gjestebrukarar i september. Teneste brukast for blant anna HF, SV, UV, USIT, geo, bio, Jus, astro, basalmed og helsam.

Skal vi avvikle den? Kva gjer vi med eksisterande bruk? Kjenner vi behovet? Kan andre tenester brukast i staden for?

Forslag: Nokon lager eit nettskjema og sender til alle som har brukt tenesten den siste månaden, for å avdekke årsaken til at tenesten brukast.

Diskusjon

Er ønskeleg å finne ut om det er reelle årsaker til at gamal gjestebrukar-løysing framleis brukast. Er det fordi dei ikkje kjenner til tenester som trådlauskonto og gjestebrukar-ordninga til SAPUiO?

Vi ønsker å redusere omfangen av bruken av denne tenesten, for å gjere det enklare å legge den ned seinare. Kan vi halvere bruken i denne runden, er det bra.

Oppfølging

  • Joakim svarer IT-sikkerhet i RT-saka
  • Joakim lager utkast til nettskjema og tek opp med HKF og EHY

Neste møte

Saker til dagsorden til neste møte.

Eventuelt

EHY tok opp møtet seinare i veka om outsourcing av support: Joakim lager utkast til dokument om retningslinjer for operasjonane vi outsourcer. Virker mest ryddig.

Om tid:

  • Kva er status på fast, periodisk utrullingsvindu for TSD? Utvikling har nokre saker på veg no - når og korleis prodset vi dei?
Publisert 10. okt. 2017 10:18 - Sist endret 10. okt. 2017 13:39