Møte med UiT-cerebrum om bistand

UiT har spurd om USIT kan bistå dei med oppgradering av UiT-Cerebrum. Tek eit møte for å diskutere detaljane.

Tilstades

  • Fredrik Larsen (USIT)
  • Jo Sama (USIT)
  • Joakim Hovlandsvåg (USIT, ref)
  • Kenneth Johansen (UiT)
  • Stig (UiT)

Sak 1: UiT sine behov for bistand [diskusjon]

Kenneth tek opp det som dei ønsker bistand til frå USIT.

Diskusjon

UiT har ikkje lenger behov for hjelp. Det løyste seg. Har riktignok nok andre, mindre kritiske problem, men Kenneth sendet det evt. på e-post.

Bistanden hjalp forøvrig prodsetting av Passordtenesten. Den går i lufta no på torsdag.

Oppfølging

Avslutter saka, sidan UiT ikkje har behov for hjelp lenger.

Sak 2: Drift av UiT-Cerebrum hos USIT [diskusjon]

UiT har høyrd med USIT om drift av Cerebrum for dei. USIT har litt spørsmål og ønsker diskutere dette.

Diskusjon

Ifølge Kenneth må ei slik overtaking komme meir på sikt. Treng å få UiT-Cerebrum stabil først.

Status for UiT-Cerebrum er at dei køyrer ein gamal instans i parallell med oppgradert versjon. Den gamle køyrer berre Fronter-eksport, som i verste fall vil leve til utpå våren, når Canvas tar over for Fronter. Alt anna køyrer i ny instans. Alle manuelle operasjonar må dobbelregistrerast i ny og gamal løysing.

Oppfølging

Kenneth sender oversikt over miljøet, inkludert cron-jobbar og konfig, til USIT, så det vert enklare å vurdere korleis overta driften.

Eventuelt

Publisert 21. nov. 2017 11:24 - Sist endret 21. nov. 2017 11:27