Forbered Unicode-sprints

Mål: Bli einige om plan og stories for dei to første sprintane i 2018, der vi skal unicodifisere Cerebrum - epic CRB-1077.

Tilstades

  • hamar
  • fhl
  • jokim (ref)

Sak 1: Kontroll på framgang [diskusjon]

Vi har diskutert om Kanban passer bedre til arbeidet. Det kan funke, men vi har då krav om å ha kontroll på arbeidet, elles får vi ikkje dei to sprintane. Korleis får vi kontroll på framgangen?

Forslag: Vi definerer store, overordna tasks, som dekker alt arbeidet.

Diskusjon

Det er vanskeleg å få kontroll på arbeidet. Vi veit for lite om det her og no til å kunne definere riktige "tasks"/stories/features (format er ikkje viktig, så lenge det delast opp for utviklarane).

Oppfølging

Tek ny diskusjon.

Sak 2: Risikohandtering på tidsbegrensing [beslutting]

Vi har berre seks veker (to sprintar) til rådighet. Kor sikkert er det at vi vert ferdige på avsatt tid?

Vi får ikkje meir tid enn dette, uansett korleis det går. Korleis sikre at vi får ein gevinst etter perioden, altså at det vert prodsatt og tatt i bruk? Eit scenario er at vi ikkje vert ferdig, men låser koden og ender opp med ein branch med masse endringar vi ikkje får gjort noko med før i 2019.

Vi har diskutert å implementere unicode-støtten med fallback til latin1 eller ASCII for kode som ikkje er oppdatert. Altså at internt Cerebrum-API støtter input både som unicode- og str-objekt, som då konverterast til unicode. Konverteringa skal vere strict, altså gje exceptions når det dukker opp sære teikn. Det vart vurdert om vi skal stoppe ved alt utanfor latin1, eller om vi rett og slett skal stopp ved alt utanfor ASCII. Med latin1 vil det meste kunne køyre som i dag, og vi kan vente med å fikse resten av Cerebrum. Ulempa er at det vil ta lenger tid før heile Cerebrum er unicode. Med ASCII risikerer vi at vi vil ha masse exceptions i perioden etter prodsetting, som går ut over det vi skal jobbe med i sprint 3 og utover.

Forslag til beslutting: Vi utvikler unicode-støtten med fallback til latin1, for kode som ikkje er oppdatert. Etter at det har køyrd nokre månadar og det er få bøggs att, endrer vi fallback til å berre akseptere ASCII, og fikser manglar fortløpande etter det. Joakim legg dette til i den nye kodestandarden for handtering av input/output.

Diskusjon

Mistanke om at dette ikkje er så rett fram. Vert fort komplisert å handtere alle unntak. Nemnde døme med string-kontatenering som også skjer i bibliotek vi ikkje har kontroll på. Input kan vere greit, men korleis handtere intern output?

Oppfølging

Forslag avslått, ingen oppfølging.

Sak 3: Korleis arbeide [diskusjon]

Vi blir einige om korleis sprinten skal foregå. Til no har vi blitt einige om:

  • Robert og Fredrik jobber første veka med å definere overordna kodestandard og konvertere kjernefunksjonalitet for database-funksjonalitet.
  • Etter første veka slepp vi til resten av utviklarane på Cerebrum core-ish, og jobber oss utover.

Diskusjon

Ønskeleg å dele opp. I alle fall at første runden går med kanban, deretter ein vanleg sprint når ein har fått kontroll på det.

Nådde ikkje tenke/diskutere ferdig.

Oppfølging

Joakim booker nytt møte i morgon. Vi må få spikre ein plan.

Sak 4: Features/tasks/stories [diskusjon]

Vi går gjennom oppgavene for dei seks vekene. Vi må minimum definere nokre store, overordna oppgaver, som evt. kan bli utvida med sub-tasks ved behov. Alternativ til oppdeling av arbeidet:

  • Fordelt per lag i klassehierarkiet i koden.
  • Fordelt per mappe/fil i repoet.
  • Fordelt per integrasjon/teneste/jobb.

Vi må også bli enige om rekkefølge på oppgavene, i utgangspunktet fordele dei over sprint 1 og 2.

Diskusjon

Nådde ikkje denne.

Sak 5: Vidare arbeid [beslutting]

Kva meir må vi gjere før unicode-sprinten startar?

Treng vi Sprint Refinement med teamet, eller er det rett på planleggingsmøte i januar?

Diskusjon

Nådde ikkje denne.

Eventuelt

Publisert 9. des. 2017 22:44 - Sist endret 13. jan. 2023 12:35