Forbered Unicode-sprints

Mål: Bli einige om plan og stories for dei to første sprintane i 2018, der vi skal unicodifisere Cerebrum - epic CRB-1077.

Tilstades

  • hamar
  • fhl
  • jokim (ref)

Sak 1: Plan for sprintar [beslutting]

Behova er:

  • HKF treng nok kontroll på arbeid, omfang og framgang.
  • Utviklarane får ikkje laga stories/tasks som dekker arbeidet, før ein starter på utviklinga.

Ønsker:

  • Meir innsikt før vi lager tasks/stories.
  • Kunne legge til tasks etterkvart som ein oppdager behov fortløpande, og ikkje tre veker på førehand. I alle fall i starten, til ein får kontroll/oversikt over arbeidet.

Nytt forslag til plan for å komme over til unicode:

  • Vi deler opp i tre sprintar, kvar på to veker.
  • Første sprinten fokuserer på å få kontroll og lage bedre tasks for den neste sprinten.
  • Andre sprinten handler om å fikse mest mogleg av kjernefunksjonaliteten
  • Tredje sprinten handler om å sluttføre arbeidet. Om vi kjem langt nok, fikser vi bøggs ved å køyre alt gjennom eit unicode-testmiljø.
  • Sprintane må vere veldig lettvektarar. Planleggingsmøte på ein time, standup og retrospekt som vanleg, og evt. droppe review (sidan ingenting å vise fram før i siste sprint).

Viktigaste tasks for første sprinten, som er reservert for Fredrik og Robert, vert då:

Kan også inkludere enkelte tasks, som allereie er konkrete nok til å utførast av andre utviklarane:

Vi bør også ha eit utgangspunkt for ein strategi for korleis tasks for dei to neste sprintane skal vere. I utgangspunktet kan vi lage nokre overordna tasks, som kan forkastast når vi når sprint to:

  • Unicodifiser alt innan internt Cerebrum API.
  • Unicodifiser importar
  • Unicodifiser eksportar

Diskusjon

Mista motivasjon for planlegginga. Plan er grei nok som den er no.

Beslutting

Arbeidsgruppa anbefaler å gå for tre, lettvekts iterasjonar (utan review, kort planlegging, tasks er meir rettesnorer enn fastlagt arbeid). Lager tasks for dei to neste iterasjonane fortløpande i første iterasjon.

Oppfølging

Joakim informerer HKF og kaller inn til møte. Valfritt for Fredrik og Robert å delta, men er ønskeleg.

Sak 2: Vidare arbeid [beslutting]

Kva meir må vi gjere før unicode-sprinten startar?

  • Vi bør diskutere vårt forslag med HKF samla? Kven er med?
  • Treng vi Sprint Refinement med teamet, eller er det rett på planleggingsmøte i januar?

Diskusjon

Ønsker ikkje Refinement, sidan vi ikkje har konkrete nok tasks å jobbe med før etter første iterasjon.

Oppfølging

Joakim kaller inn til møte med HKF. Valfritt for Fredrik og Robert å delta, men er ønskeleg.

Sak 3: Features/tasks/stories [diskusjon]

Vi går gjennom oppgavene for dei seks vekene. Vi må minimum definere nokre store, overordna oppgaver, som evt. kan bli utvida med sub-tasks ved behov. Alternativ til oppdeling av arbeidet:

  • Fordelt per lag i klassehierarkiet i koden.
  • Fordelt per mappe/fil i repoet.
  • Fordelt per integrasjon/teneste/jobb.

Vi må også bli enige om rekkefølge på oppgavene, i utgangspunktet fordele dei over sprint 1 og 2.

Diskusjon

Nådde gjennom ein del av eksisterande tasks, men ikkje alle. Har fordelt nokre til første iterasjon.

Oppfølging

Joakim ser over resterande stories. Dei er rettesnorer, og dei fleste vil kunne bli endra på i løpet av første iterasjon.

Eventuelt

Publisert 14. des. 2017 09:37 - Sist endret 13. jan. 2023 12:35