Fellesmøte med Cerebrum-partnarane, april 2017

Vi samlar alle Cerebrum-partnarar som ønsker det, for å diskutere felles behov og funksjonalitet. Ta opp ymse tema, still spørsmål, komm med forslag eller berre bli oppdatert. Formålet er bedre samarbeid både mellom USIT og partnarane, og mellom partnarane.

Send inn innspel til agenda!

Tilstades

  • Joakim Hovlandsvåg (USIT, ref)
  • Fredrik Larsen (Cerebrum utvikling)
  • Tobias Langhoff (Cerebrum drift)
  • Dag Løvlie (UiA)
  • Lars Nesland (UiA)
  • Hans Erik Conrad Hansen (UiA)
  • Trond Henry Akerbæk (HiØ)
  • Lars Øimoen (HiØ)
  • Linda Sekkelsten (HiØ)
  • Robert Haugan (NMH)
  • Karine Justad (NIH)
  • Willy Jensen (NIH)
  • Simon Oliver Olavus (ØFK)

Sak 1: Nytt sidan sist [informasjon]

Informasjonsrunde frå USIT og partnarane om kva som har skjedd i og rundt Cerebrum i det siste, rundt utviklingsarbeid og driftsaktiviteter. Vi oppfordrer til spørsmål undervegs.

Sjå også referat frå forrige fellesmøte, 7. februar.

Frå USIT:

  • Frys av Cerebrum fram til samanslåing i BOTT-Cerebrum, 1. juli 2017.
  • Ny passordteneste i pilot: passord.uio.no. Ønsker også å kunne sende SMS til så mange land som mulig.
  • Utkast til nytt REST API frå FS (CERES).
  • Drift jobber med Feide-tilgang til randsoner, men som eigne IdP.
  • Sak frå forrige møte om feilhandtering i SMS-utsending kan ikkje løysast, men det går rykter om ny SMS-gateway.
  • IT-BOTT har starta opp forprosjekt for IAM.

UiA ser på vidaresending av e-post for sletta brukarar. Har sett kort på CerebrumWS.

Sak 2: Responstid [diskusjon]

Tenestegruppa prøver konkretisere internt krav til responstid på henvendingar. Kva er partnarane sine forventingar til å få svar?

Det er også sett på å bli gitt regelmessig status på langsiktige bestillingssaker.

Kva er partnarane sine behov i kommunikasjonen med USIT?

Diskusjon

Veldig avhengig av kor kritiske saker er eller ikkje. Kunne klassifisert saker som kritiske eller ikkje. UiA bruker subjekt for å markere dette i sine meldingar.

Bør få svar samme dagen, helst med info om kor kritisk vi vurderer saka, og kor fort vi vil sjå på den.

Erfaringa er at saker vert lange og uoversiktelege. Ønskeleg med retningslinjer.

Oppfølging

Joakim tek med vidare i prosess for forbedring av saksbehandlinga.

Sak 3: Department og Manager i AD [diskusjon]

Oppfølging frå forrige møte. Er automatisert bruk av Department og Manager eit behov hos fleire av Cerebrum-partnarane?

NIH bruker også Department og Manager av og til, manuelt. Ikkje prioritert sak hos dei.

Tilbakemelding frå Cerebrum-utviklarane er at dette bør vente til komande IAM-funksjonalitet i BOTT. Støtte for Manager krever ein rollemodell, som vi ikkje er modne for. USIT foreslår difor å utsette å sjå på denne til neste år.

Diskusjon

UiA bruker det i høg grad, og ønsker å automatisere det. Oppdaterer Department utfrå LDAP.

HiØ bruker Department og oppdaterer denne basert på andre (organisasjons)grupper.

USIT noterer det som eit behov. Vil kunne løysast med AD microservice hvis DFØ-SAP kjem med ein webservice.

Oppfølging

Utset saka til neste år for Cerebrum sin del, i påvente av at landskapet endrer seg og det kan dukke opp muligheter.

Sak 4: DFØ-SAP og omorganisering av leiarar [diskusjon]

NIH har meldt inn sak til Cerebrum ei utfordring i at DFØ og personalavdelinga har flytta leiarstillingar til nye, eigne OU-ar. Skaper utfordringar, blant anna med samankoblinga med FS og kva som er offisiell OU-struktur. Har andre erfaringar med dette? Er dette noko som vil påvirke alle med DFØ-SAP?

Diskusjon

NIH kan snakke med Dag Olav Nilsen og Ingvild Mulen. HiØ har Linda Sekkelsten som kan pratast med.

Kommentar om at det ikkje er så farleg der det er berre studentar eller berre tilsette.

Erfaringa er at ein må vente med, og koordinere, slike omorganiseringar grunna ulike krav til rapportering.

Oppfølging

Joakim vidarebringer informasjonen til NIH.

Sak 5: Tilgang til CerebrumWS [diskusjon]

UiA har fått tilgang til nytt REST API med proddata, og HiØ har fått API for gruppevedlikehold etter bestilling. Fungerer det som forventa? Kva er planen framover? Spørsmål?

Diskusjon

HiØ har ikkje nådd å sjå på det endå. Conrad har sett litt på API-et. Swagger gjer det enkelt å komme igang. Planen er å bruke det, men ser at funksjonalitet mangler, spesielt rundt e-postdata. Må sjå meir på køsystemet, har ikkje sett så mykje på det endå.

Oppfølging

USIT avventer tilbakemeldingar/bestillingar frå partnarane.

Sak 6: Bestillingsoversikt og veikart [diskusjon]

Partnarane har bedt om innsyn i bestillingslista til Cerebrum, for å kunne samkøyre seg meir. USIT sitt forslag er å bruke:

  • Cerebrum sitt veikart. Dette vart tatt opp på forrige fellesmøte. Har partnarane fått sett gjennom? Kommentarar til dette?
  • Innsyn i veikartet gjennom Jira Portfolio, som er fortløpande oppdatert. USIT gir partnarane tilgang, så folk kan "stemme" og kommentere på overordna brukerhistorier. Dag har fått tilgang, nokre andre som ønsker?

Kan partnarane sjå på dette til neste møte, og vurdere om det gir brukbart innsyn?

Diskusjon

UiA ser sprintoversikten som nyttig. Er interessert i saker på kort sikt.

Oppfølging

Joakim gir Lars Øimoen og Dag Løvlie tilgang og innsyn i Jira Portfolio. Tar opp att saka seinare, når dei har fått vurdert løysinga.

Sak 6: Neste møte [beslutting]

Avtaler tid for neste møte. Set også gjerne tema.

Ta det som video eller gå tilbake til telefonmøte?

Diskusjon

Foreslår 14. juni, 12:15-14:00. Avlyser om vi ikkje har noko på agendaen. Joakim kaller inn.

Går tilbake til telefonmøte.

Oppfølging

Joakim kaller inn.

Eventuelt

Vidaresending av e-post til "sletta" (avvikla) brukarar. Kva gjer vi med desse?

UiA ønsker at du enten skal vere aktiv, og kan då ha vidaresending, eller sletta/avvikla, og skal ikkje lenger kunne ha vidaresending. Folk får heller autosvar om at vidaresending ikkje lenger fungerer. Dette er mest sannsynleg prodsatt no. Treng ikkje rydde opp, men Dag ønsker å fjerne forwardingadresser for å rydde opp. Sender e-post til Cerebrum-lista/Joakim for å få ut lister.

UiA ber om å få prioritet på SAP-FS-integrasjonen (RT#2159711 og CRBD-395) Haster veldig grunna Canvas.

Joakim ber om prioritet internt.

Spørsmål om ein kan sjå instiusjonen sine saker. Kan Dag sjå saker som Conrad har oppretta? Conrad ser berre sine eigne saker, Conrad ser ikkje Dag sine. Fordel å kunne sjå institusjonen sine saker.

Dag sjekker og sender til Joakim.

Etter møtet

Set av litt tid etter møtet for tekniske og meir snevre tema, for spesielt interesserte.

Emneord: cerebrumfelles
Publisert 7. feb. 2017 13:57 - Sist endret 13. jan. 2023 12:35