SMS-utsending for nye brukarkontoar hos HPC

Møte for å diskutere behov og løysingsalternativ for RT#2892461, der HPC ønsker tilgang til å kunne sende SMS til tilknytta tungreknebrukarar.

Mål for møtet: Bli enige om løysingsforslag.

Tilstades

  • Jon Kerr Nilsen
  • Fredrik Langfeldt
  • Joakim Hovlandsvåg (ref)

Saka

HPC-drift og USIT lokal IT har ei rutine for nye brukarkontoar som inkluderer at HPC-drift sender SMS med passord til brukaren frå personleg mobil, etter at USIT lokal IT har sendt dei eit passordbrev. Det er ikkje ønskeleg å bruke personleg mobil for utsending av SMS, og det er rom for forbedringar av rutina.

Korleis løyse dette? Dersom alle nye personar ligg i SAPUiO kan USIT lokal IT sende ut SMS via bofh-kommando "user send_welcome_sms", utan at HPC-drift treng å involverast. Hvis ikkje, kan vi diskutere andre løysingsforslag, som:

  • Å gjere det mulig for USIT lokal IT å sende ut SMS med passord til brukaren frå bofh. Krever at mobilnummer er registrert i Cerebrum.
  • Å utvide for bruk av manuelle mobilnummer på passord.uio.no. Krever at mobilnummer er registrert i Cerebrum.
  • Be SMS-drift om mulighet for å bruke GUI/CLI for å sende SMS. HPC-drift må med dette likevel forholde seg til mobilnummeret til folk.

Referat

HPC-drift og USIT lokal IT er positive til å bruke "user send_welcome_sms" straks brukarkonto er oppretta. Så slepp dei å forholde seg både til passord og mobilnummer. Alle er registrert med gjesteskjema i SAPUiO, og velkomst-SMS og passord.uio.no støtter internasjonale mobilnummer.

Langfeldt køyrde kommando for å simulere. Såg ut til å fungere som det skal.

USIT lokal IT oppdaterer rutina si. HPC sitt nettskjema må ha mobilnummer som obligatorisk felt.

Stikkprøver viste at nokon mangla mobilnummer i SAP, sjølv om det låg i nettskjemaet til HPC. USIT lokal IT kjem tilbake til INT dersom dei oppdager problem med ny rutine.

Publisert 22. juni 2018 21:37 - Sist endret 7. mars 2023 09:24