Tenestegruppemøte: Evaluering av Sentry

Vi evaluerer bruken av Sentry for overvåking av feil i Cerebrum.

Mål: Vi får konkludert kva vi vil med Sentry, og vert einige om ei anbefaling til INT og KIA.

Formål: Forbedre feilhandteringa til Cerebrum.

Tilstades

  • estephaz
  • tvl
  • kv
  • fhl
  • tgk
  • jbr
  • jsama
  • sgs
  • elisabhs
  • hanskfje
  • jokim (ref)

Sak 1: Sentry [beslutting]

INT (og KIA) har brukt Sentry for overvåking av feil sidan februar (INT-168). Frå tenestegruppemøtet i november 2017 vart vi einige om å evaluere Sentry etter ein periode.

Kva er erfaringa, og kva vil vi?

  • Har INT fiksa feil lettare?
  • Har INT redusert mengda feil?
  • Kostnadar? Kor mykje drift og ekstraarbeid? Ressursar?
  • Utfordringar? Loggar har gått i frø i Cerebrum grunna kommunikasjonen med Sentry. Anna?
  • Har KIA opplevd redusert mengde loggar?

Diskusjon

Foretrekker å få feil i Sentry foran e-post. Sentry gir god oversikt over ikkje-kritiske feil. Hjalp spesielt med god oversikt under prodsettinga av Unicode-endringane.

Er likevel berre nokre få som følger med i Sentry jamnleg. INT har ikkje tid til å fikse feil, så tek berre dei mest kritiske.

Har vore tilnærma "gratis" å drifte løysinga.

KIA er positive til å ta det i bruk i sine rutiner. E-postane vert uansett ikkje lest.

Konklusjon

  • Tenestegruppa anbefaler INT å bruke Sentry på fast grunnlag, i ukevaktsordninga, og utvide til andre tenester.
  • Tenestegruppa anbefaler at Sentry vert drifta i linjeorganisasjonen. Forslag: Forvalting hos Tenestegruppa for utvikling og driftssamarbeid, og ITI, eller w3d, drifter. Slik som Jira/Bitbucket.
  • Tenestegruppa anbefaler at KIA tek i bruk Sentry dagleg for å få oversikt over status til Cerebrum, i staden for e-postar.

Oppfølging

Joakim skriver anbefaling og sender til HKF og evt. EHY? Frist: Ut veka.

KIA slår av e-postutsendinga frå maillog. Elisabeth gir ack.

Publisert 26. juni 2018 21:23 - Sist endret 29. aug. 2018 14:40

Test

Joakim Hovlandsvåg - 2. juli 2018 19:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere