Akseptansekriterier for ADMS

For å kunne generere gode nok syntetiske data for å teste ADMS, treng vi å kjenne til akseptansekriteria for å verifisere at ADMS er god og stabil nok.

Mål for møtet: Bli einige om overordna krav til ADMS, gjerne også eit utgangspunkt for ein akseptansetest.

Formål: Få bedre kjennskap til kva syntetiske data vi må generere for Preprod-prosjektet.

Bakgrunn

INT har utvikla AD microservice (ADMS) som er nesten ferdigutvikla, og som er meint å bytte ut AD2-integrasjonen, i alle fall på UiO. KIA ønsker køyre akseptansetest på integrasjonen før ADMS tek over for den gamle AD-integrasjonen. Vi får ikkje køyrd akseptansetest av ADMS med ekte personopplysingar, og må difor få generert syntetiske data for dette formålet.

INT og KIA vart einige om at Cerebrum drift set opp ein Cerebrum-instans for Preprod-prosjektet. Sjå CRBD-520 for status og detaljar.

Forslag til akseptansekriterier for AD2 kan vere eit utgangspunkt for ADMS sin akseptansetest.

Petter har allereie hatt ein runde på kva som trengs for ADMS, for det tidlegare preprod-miljøet:

Referat

Ønsker teste ADMS mest mogeleg, men KIA er opne for å teste godt nok, utfrå utviklingskapasiteten i INT.

Prioritert liste over testar

  1. Skal kunne synke minst like mange grupper og brukarar som ved semesterstart, aller helst minst alle brukarkontoar og grupper på UiO. Enkle brukarkontoar, utan kanttilfeller. Vart ikkje diskutert krav i tidsbruk. Skal kunne køyre jamnt og trutt.
  2. Typiske kanttilfeller:
    • Sære teikn (unicode) i attributtar
    • Laaange namn og andre attributtar
    • Ugyldige attributtar, og at slike feil handterast/varslast
  3. Alle attributta som i prod. Må forenkle enkelte attributtar, til dømes HomeDirectory, sidan det krever at andre system også er på plass.
  4. Typiske hendingar, som:
    • Mange samtidige hendingar
    • Slette 1000 brukarkontoar
    • Opprette 1000 brukarkontoar (studiestart)
    • Omorganiseringar
  5. Feilsituasjonar i ADMS og CerebrumWS. Sikre at det fangast opp.
  6. Endringar i Cerebrum og ADMS, som:
    • Konfig-endring i ADMS for enkeltattributt
    • Konfig-endring i Cerebrum, td. for korleis adresser eller heimeområder skal sjå ut

Joakim oppretta CRB-2617 utfrå dette, til å ta med utviklarane.

Publisert 8. okt. 2018 21:36 - Sist endret 1. juli 2020 05:19