Starte enkel ansattautomatikk

Telefonmøte mellom USIT og Cerebrum-partnarane for å diskutere spesifikasjon for automatisk oppretting av brukarkontoar til ansatte.

Informerer også om status på UH-IAM sin RFI.

Mål for møtet: Bli einige om ein spesifikasjon som kan fungere for dei fleste instansane.

Tilstades

  • Joakim Hovlandsvåg (USIT, ref)
  • Dag Løvlie (UiA)
  • Trond Henry Akerbæk (HiØ)
  • Eystein Midttveit (NMH)
  • Jørgen Bakke-Pedersen (UiA)
  • Hans Erik Conrad Hansen (UiA)
  • Lars Nesland (UiA)
  • Linda Sekkelsten (HiØ)
  • Lars Øimoen (HiØ)

Sak 1: Gjennomgang av spesifikasjon [informasjon]

Dag Løvlie og Joakim har utkast til spesifikasjon for minimal versjon av automatisk oppretting av brukarkonto for ansatte. Ønsker tilbakemeldingar på detaljane.

Diskusjon

Datakvalitet god nok? Truleg godt nok til å ikkje vere hinder. HR må bevisstgjerast at deira endringar har konsekvenser nedover.

Gjekk gjennom detaljar i utkastet:

  • Bør vere mulig å ikkje gjenopprette, sjølv om både UiA og HiØ ser for seg å ha det påslått.
  • Bør kunne gjenopprette den sist avvikla brukarkontoen.
  • UID og GID brukast ikkje så mykje, så ikkje så viktig. Kan godt behalde.
  • Må ha nytt passord.
  • HiØ bruker alltid "epost.hiof.no" som server name. Unntak takast manuelt i etterkant, så kan godt automatiserast.
  • UiA og HiØ komfortable med å få overførd loggen.
  • UiA vil vente med SMS-utsending. Cerebrum oppretter brukerkonto, og så ser UiA over og sender ut SMS manuelt. HiØ vurderer kva dei vil seinare.
  • HiØ treng også account@imap.
  • Opprettinga må ikkje køyre samtidig med studentautomatikken.
  • Køyre opprettinga to ganger om dagen, rett etter SAP-import. Også opprette i helga, men kan vurdere å ikkje sende SMS i helga.

Oppfølging

Joakim oppdaterer spesifikasjon med tilbakemeldingar.

Joakim set opp dryrun for UiA så fort som mogeleg.

Sak 2: Vegen vidare [diskusjon]

Koden er allereie på plass, med forbehold om det er behov for større endringar frå Sak 1. Det er med andre ord ikkje mykje arbeid frå Cerebrum si side, bortsett frå arbeidet med testing og prodsetting.

Forslag til prosess for prodsetting:

  1. Instans bestiller, med detaljar om all konfigurasjon frå spesifikasjonen.
  2. Cerebrum køyrer test og kopierer over logg til instansen.
  3. Instans bekrefter om ok. Evt. rydder i data.
  4. Cerebrum prodsetter, og kopierer over logg til instansen fortløpande. Køyrer i utgangspunktet kvar arbeidsdag.

Korleis går vi vidare? Kva instans vil ha, og når kan det vere klart?

Diskusjon

UiA er i gang så fort som mogeleg. Namneendringa hos UiA er godkjend, og venter prodsetting.

HiØ er interessert i å sette i gang med på nyåret. Kan godt vente til januar, men supert med dryrun så ein får loggar frå nyttårsskiftet.

Oppfølging

Dag og Joakim vert einige om test og prodsetting hos UiA.

Joakim set opp dryrun for HiØ sender dei loggen.

Sak 3: UH-IAM [informasjon]

USIT har svard på prosjekt UH-IAM sin RFI, med Cerebrum som ein aktuell kandidat. Joakim informerer.

Eventuelt

Info frå Cerebrum, om interessant:

Endring i Cristin-eksport

Til info: UiO sin eksport til Cristin er blitt endra til å bruke samtykke frå Brukerinfo, utfrå krav frå Cristin. "Sjølvregistrering" for alle andre enn vitskapleg ansatte. Kanskje dette dekker dei andre instansane sine behov også?

UiA og HiØ informerer om at Cristin har utfordringar med importen på si side, så det er ikkje sikkert det er mogeleg for dei å ta den i bruk.

Feide mail-attributt

UiO vil endre sitt Feide-attributt "mail" til formatet "brukarnamn@uio.no". Kjem frå erfaringa med skytenester, der attributtet ofte vert brukt som ID. Brukarvenleg, og utfordringar med bytte av primær e-postadresse. Andre interesserte?

UiA har utfirdringar med id i Skype for business, men det byttast snart med MS Teams. HiØ har liknande, men mindre kritiske utfordringar.

Emneord: cerebrumfelles
Publisert 2. des. 2018 22:24 - Sist endret 14. des. 2018 20:58