Fellesmøte med Cerebrum-partnarane

Fellesmøte mellom USIT og Cerebrum-partnarane.

Send gjerne innspel til agenda!

Tilstades

  • Joakim Hovlandsvåg (USIT, ref)
  • Fredrik Larsen (Cerebrum utvikling)
  • Tobias Langhoff (Cerebrum drift)
  • Dag Løvlie (UiA)
  • Hans Erik Conrad Hansen (UiA)
  • Trond Henry Akerbæk (HiØ)
  • Lars Øimoen (HiØ)
  • Linda Sekkelsten (HiØ)
  • Robert Haugan (NMH)
  • Karine Justad (NIH)
  • Willy Jensen (NIH)
  • Simon Oliver Olavus (ØFK)
  • Helge Høynes (UiA)
  • Arnfinn Fanghol (UiA)

Sak 1: Nytt sidan sist [informasjon]

Informasjonsrunde frå USIT og partnarane om kva som har skjedd i og rundt Cerebrum i det siste, rundt utviklingsarbeid og driftsaktiviteter. Vi oppfordrer til spørsmål undervegs.

Sjå også referat frå forrige fellesmøte.

Frå USIT:

  • UiO:IntArk → BOTT-IntArk → UH-IntArk.
  • Jobbast mykje med ny Canvas-integrasjon no. FS-API har siste leveranse om ei veke.
  • Bemanninga i Cerebrum, redusert kapasitet.
  • Syntetiske data, trengs for anna prosjekt, Preprod, for staging for UHAD-miljøet. Også nødvendig for å teste AD microservice.
  • Prosjekt Vidareutvikling av eValg pågår. Ferdig ut året.
  • Har utkast til nye databehandleravtaler. Venter på vurdering.
  • Ny prismodell kjem, gjeldande frå 1. januar 2019.

Diskusjon

Generelt er det semesterstart, så det er framleis høgt trykk.

Cerebrum stoppa ikkje opp ved semesterstart som det har gjort før, heldigvis (for store filendringar), men det har vore andre feil som har oppstått.

HiØ hadde problem med at brukarar ikkje vart oppretta, først grunna treig AD-synk, deretter ei prodsetting som skapte trøbbel. Folk vart forsinka ved studiestart. Endringar haster meir utover i august, sidan semesteret då er i gang og studentane vert ekstra utolmodige i å ta att tapt tid.

Sak 2: Cerebrum-seminar [informasjon]

Joakim kjem med status på seminaret.

Kan hende det må utsettast til 2019 grunna bemanninga til Cerebrum. Joakim kjem tilbake med meir info.

Sak 3: Tilgang til testmiljø for Cerebrum? [informasjon]

UiA ønsker høyre om muligheter for tilgang til eit Cerebrum-testmiljø, spesielt med testing/utvikling mot CerebrumWS. Helst med syntetiske data (GDPR).

Frå USIT: Ingen muligheter per i dag dessverre, anna enn å sette opp Cerebrum sjølv og fylle med manuelle data. Er på trappene med syntetiske data, men starter veldig i det små - for stagingmiljø for UHAD.

Oppfølging

Tatt til etterretning.

Sak 4: Semesterstart, velkomst-SMS og AD-integrasjon [diskusjon]

UiA ønsker ta opp problemstilling: Ved semesterstart tek det for lang tid å få studentane over til AD. Det betyr at fleire får velkomst-SMS før dei har fått brukarkonto i AD, og ingen e-postkonto. Dette skaper støy hos IT-support, og gir dårleg brukarkoppleving.

UiA sitt løysingsforslag: Den ene dagen i året hvor det blir opprettet 1000-vis av brukere må velkomst SMS utsettes 1-2 døgn for å være sikker på at alt er klart.

Diskusjon

Problemet: Brukarbygginga starta på natta, men vart ikkje ferdig før langt utpå kvelden. Velkomst-SMS vart sendt ut på morgonen, som gjorde at folk satte seg passord med ein gang. Funka i Feide, men ikkje i AD.

To problem:

  1. Studentar får velkomst-SMS og trur alt er ok. Får logga på i Feide, men ikkje i AD. Skaper støy hos IT-support, og dårleg brukaroppleving.
  2. Race conditions i oppdateringa av AD gjer at passord frå burkaropprettingssynken og passordsynken kan bli satt i feil rekkefølge, så nytt passord ikkje vert det sist satte.

AD-oppdateringane tek lang tid ved semesterstart. Hos UiA vert det oppretta rundt 200 brukarkontoar i AD i timen, hos HiØ rundt 350 brukarar.

Bør løysast på fleire frontar. Nokre alternativ:

  • Ikkje send ut velkomst-SMS når brukarbygginga er forsinka.
  • Integrasjonane må køyre i riktig rekkefølge. Passord-setting frå brukarbygginga i konflikt med passord-synken.
  • Studieavdelingane bør vurdere sine rutiner, både rundt info til studentane, og når registreringar er på plass i FS.

Ny AD-integrasjon vil truleg ikkje ha samme problema.

Må ha ei løysing til neste semesterstart.

Oppfølging

Joakim tek vidare internt for å finne ei løysing.

Sak 5: Status på RT-saker [diskusjon]

Prøver noko nytt: Samla oversikt over alle RT-saker der instansane er requestor.

Tek med alle saker dette møtet. Dersom dette er ein grei måte å gje partnarane oversikt på, vil neste møte berre innehalde alle opne saker, samt dei som har blitt løyst sidan sist fellesmøte.

Sak Bestillarar Lenker Status
RT#1650619 Meir funksjonalitet for SMS-utsendingar UiA PAS-37 Resolved
RT#1650833 Cristin-eksport for instansar UiA CRB-1100 Resolved
RT#1661458 RE: API for gruppevedlikehold for andre enn digeks HiØ, NMH   Open
RT#1698934 Kunne opprette mailTargets av typen forward UiA CRB-1156 Resolved
RT#1745333 periodisk passordbytte, DFØ og cerebrum HiØ CRB-1252 Resolved
RT#1757920 HiØ Cerebrum bestilling mars 2015 nr 1: Rapportering av entitetsendringar HiØ CRB-1193 Resolved
RT#1757951 HiØ: WS for skripting mot Cerebrum HiØ CRB-1141 Resolved
RT#1769830 email info: Vise entity_id UiA CRB-1148 Resolved
RT#1790936 passordsidene til NMH NMH PAS-44 Open
RT#1855519 HiØ: Personer uten affiliations i LDAP (Var: Cerebrum bestilling juli 2015 nr 7) HiØ CRB-969 Resolved
RT#1873073 Engangspassord til utenlandske telefonnumre? NIH CRB-1287 Resolved
RT#1886199 HiØ: Bestilling av AD2-integrasjon HiØ CRB-1146 Resolved
RT#1908181 Endring i mobilnummer-felt i FS 7.8 HiØ CRB-1235 Resolved
RT#1936597 NMH: Ansattdata fra SAP til FS NMH CRB-1238 Open
RT#1967326 passord.ostfoldfk.no ØFK CRB-1329 Resolved
RT#1967767 HiØ: privatmobil i Fronter og ABC HiØ CRB-1402 Resolved
RT#1992068 Bestilling av stillingstitlar til AD HiØ CRB-1352 Resolved
RT#2052064 Synkronisering og eventlog NMH CRB-1676 Resolved
RT#2080390 Dere kan fjerne mailman-kommandoene for UiA sin del UiA CRB-1552 Resolved
RT#2081600 jbofh> u del mailman UiA CRB-1551 Resolved
RT#2085545 HiØ og Stedkoder til AD HiØ CRB-1640 Open
RT#2101107 HiØ: Konifgurasjon av varslingstid i passordvarslingsautomatikk HiØ CRB-1588 Resolved
RT#2177750 Person som ikke lenger kommer fra SAP: Slette postadresse og tittel automatisk UiA CRB-1095 Open
RT#2177804 Feide tofaktor: støtte for enkeltgrupper UiA CRB-1714 Resolved
RT#2177806 Google Authenticator UiA   Resolved
RT#2177871 person info og user info: Ønsker en (eller to) blanke linjer mellom hver "datapost" UiA CRB-1726 Resolved
RT#2192855 Redigere mal for automatiske e-postutsendingar HiØ, NIH, UiA, NMH CRB-1717 Resolved
RT#2236449 Savner filer med passordbrev HiØ CRB-1950 Resolved
RT#2238700 Om automatiske SMS-velkomstmeldinger UiA CRB-1767 Resolved
RT#2240095 Race-condition for AD-passordsynk UiA CRB-1765 Resolved
RT#2256374 Postadresser fra FS - mangler land + to småfeil UiA CRB-1810 Open
RT#2260789 HiØ: Varsle studenter som er i grace-periode HiØ CRB-1804 Open
RT#2316284 Noen småfeil rapportert i eValg for HiØ HiØ   Resolved
RT#2333190 SV: Velkomst-SMS sendes før karantene heves HiØ CRB-1904 Open
RT#2337293 problemer med søk i cweb ØFK CRB-1902 Resolved
RT#2380226 Cerebrum WS / pybofh UiA CRB-1947 Resolved
RT#2571608 abc eksport fra Cerebrum HiØ CRB-2235 Resolved
RT#2585500 Hente post-adresser frå CerebrumWS UiA CRB-2243 Resolved
RT#2617114 Bestilling av endring i LDAP-attributter UiA CRB-2247 Resolved
RT#2623123 NIH: Ønsket endring: graceperiode for studenter NIH CRB-2553 Resolved
RT#2692912 Hvordan finne ut hvem som står i karantene via webservicen? + et par andre dumper UiA   Resolved
RT#2716681 Ny funksjonalitet i CerebrumWS for UiA UiA CRB-2242 Open
RT#2749025 trait for user_pasword_important elns UiA CRB-2367 Resolved
RT#2758904 ID-porten for Passordtjenester HiØ, UiA PAS-5 Open
RT#2999119 Haster! Passordbrev - feil URL og manglende postadresse + engelsk versjon? UiA CRB-2552 Open
RT#3000548 Om stillingstitler og endringer HiØ CRB-2550 Open
RT#3015300 Import av mobilnummer fra SAP HiØ CRB-2564 Resolved
RT#3059801 om jbofh og entity_contactinfo_show HiØ CRB-2570 Open
RT#3093488 Feil på bruker UiA CRB-2584 Open

Oppdatert: 2018.09.09

Er dette ein grei måte for partnarane å få oversikt på?

Diskusjon

Tok opp enkelte saker.

Generelt positivt til ein slik oversikt, så kan prøve det også i neste møte.

Oppfølging

Joakim purrer i enkeltsaker som har blitt teke opp av UiA og HiØ.

Joakim legg ut oppdatert liste i neste møte, med berre alle opne saker, og saker som er endra sidan sist.

Sak 6: Tid og tema for neste møte [beslutting]

Avtaler tid for neste møte, og evt. tema.

Noko folk ønsker ta opp til då?

Diskusjon

Einige om 7. november 12-14.

Oppfølging

Joakim kaller inn til nytt fellesmøte.

Eventuelt

SMS-historikk

HiØ ønsker meir tydeleg info i historikken om brukar har fått tilsendt SMS eller ikkje. (trait removed og trait new er ikkje intuitivt for alle hos IT-support).

Joakim høyrer med utviklarane.

Brukarbygging

UiA ønsker å automatisere oppretting av ansattbrukere.
Vi har diskutert dette før, men disse to tingene må vi ta en beslutning på:
Navnerom for brukernavn og default epostadresse
Vi ønsker felles navnerom for ansatte og studenter.
Forslag: Utvide til maks 10 tegn, og samtidig droppe ÅÅ i brukernavnet.

Epostadresse: For de med affiliation student: Som nå, dvs brukernavn@student.uia.no<mailto:brukernavn@student.uia.no>
For de med affiliation ANSATT eller TILKNYTTET: fornavn.i.etternavn@uia.no<mailto:fornavn.i.etternavn@uia.no> (som nå for ansatte)

Joakim ser ingen hindringar, anna enn kapasiteten hos USIT.

Lars tipser om utfordringar med PhD-studentar som ikkje har norsk fnr. Får då både dobbel person, men også dobbel brukarkonto og e-postkonto. Erfaring frå Ås. Vart då enklare å heller opprette alle manuelt.

Kan vurdere mulighet for å filtrere, slik at td. berre fast ansatte vert oppretta, mens resten må opprettast manuelt som i dag.

Automatisk varsel av grace

UiA: Er også interessert i andres erfaringer ved automatisk varsling og sperring av brukere.
UiA varsler ikke verken med epost eller SMS når studentene «går i grace»
Jeg sperrer og sletter brukere relativt manuelt, men kjører en del «sanity-sjekker» før sletting.

HiØ og NIH har bestilt behov for varsling, i RT#2260789. La til Dag på RT-saka.

Bruker grace for å unngå at studentane ramler ut av Feide i sommarferien.

HiØ vurderer om det er SMS som er ønskeleg å varsle via, sidan e-post vert sjeldnare lest.

HiØ har bedt om å utvide grace til 90 dagar, som ikkje har blit gjort. Joakim fikser.

Etter møtet

Set av litt tid etter møtet for tekniske og meir snevre tema, for spesielt interesserte.

Emneord: cerebrumfelles
Publisert 26. juni 2018 12:28 - Sist endret 13. jan. 2023 12:35