Intern retrospektiv av Cerebrum-seminar 2019

Intern vurdering av korleis seminaret gjekk.

Til no har berre ein ekstern svard på nettskjemaet, men det er til gjengjeld berre positivt. :)

Diskusjonen vart litt styrd av usikkerheten rundt framtida til Cerebrum, og då eit eventuelt nytt Cerebrum-seminar.

Runde rundt bordet

  • Bra middag! Bra tips frå Jonas.
  • Bra intro, der vi fekk sett kven folk er.
  • Virka som vi vart bedre kjend med folk denne gangen, enn forrige. Sosialt og hyggeleg.
  • Mange virka interesserte i å samarbeide om migreringa til ny IGA-løysing
  • Hadde for lita tid til å forberede seg godt nok til presentasjonar. Dette kom av for sein planlegging av seminaret.
  • UH-IAM-foredraget var det mest diskuterte foredraget.
  • Vanskeleg å høyre folk frå paneldebatten, spesielt bakerst i lokalet. Burde brukt mikrofonen meir.
  • Vanskeleg å få tilbakemeldingar frå folk, både før og etter lyntaler.
  • Var interessante tema også for Cerebrum drift. Var bra å få lyntaler om det INT driv med.
  • Kunne kanskje hatt meir om utfasinga av Cerebrum?
  • Kunne hatt mindre tekniske detaljer?
  • Til eit eventuelt seinare seminar:
    • Burde andre vore invitert, som kan ta meir avgjersler? Eller har litt meir aktivt eierforhold? Finnast kanskje ikkje så mange av dei, i alle fall hos dei mindre.
    • Kunne hatt to tracks, både for teknisk og meir høgtsvevande, eller workshops.
    • Sjølv om Cerebrum kanskje forsvinn, er det nok framleis behov for eit slikt seminar, om IGA eller integrasjonar.
    • Flytte fokus frå Cerebrum til meir generelt IAM. Økt spekteret, fått med meir frå andre enn UiO.
    • Underhalding i pausane?

Til samanlikning er det gjort litt med tilbakemeldingane frå retrospekt av Cerebrum-seminar 2016.

Publisert 7. mai 2019 20:38 - Sist endret 21. mai 2019 06:49