Spesifisering av CIM-integrasjon for UiA

Innleiande telefonmøte med UiA for å diskutere om dei kan bruke Cerebrum sin CIM-integrasjon, og kva som evt. må tilpassast.

Tilstades

  • Lars Nesland (UiA)
  • Helge Høynes (UiA: CIM-prosjektet)
  • Dag Løvlie (UiA)
  • Axel Sanner (UiO)
  • Joakim Hovlandsvåg (UiO)
  • Jan Egil Heinecke (UiA: driftsavd, sikkerheitsleiar, og CIM-prosjektet)
  • Jonas Nordhagen (UiA: driftsavd, sikkerheit og CIM-prosjektet)
  • Nora Clarke (UiA: studieavd, CIM prosjektleiar)

Referat

UiO har CIM-integrasjon frå Cerebrum. Denne er hendingsbasert, så endringar på personar vert oppdatert fortløpande. UiO bruker riktignok CIM enklare enn det UiA beskriver av detaljar.

Skopet her er å sjå om UiA kan gjenbruke UiO sin CIM-integrasjon med tilpassingar. Det pågår ein aktivitet i sektoren for å få på plass ein ny, UH:IntArk-kompatibel CIM-integrasjon, så dette kan vere ei relativt midlertidig løysing. UiO ønsker ikkje å bruke masse tid og kostnader på å utvide denne integrasjonen, medan UiA kan vere meir interessert i å betale for skreddarsaum, om mogeleg.

Utvidingar

Vi gjekk gjennom UiA sine behov som Cerebrum ikkje støtter per no:

Utplukk

UiA treng alle ansatte, studentar og tilknyttet til CIM. UiO støtter berre ansatte til CIM, men kan relativt enkelt utvide integrasjonen med dette.

Konklusjon: UiO utvider integrasjonen til å støtte studentar og tilknyttet.

OU-strukturen

  • I dag vert folk som er plassert i enhetar under institutta, flytta opp til instituttet. Slik at OU-strukturen i CIM er grunnare. Dette er ifølge UiA sine CIM-folk ikkje nødvendig.
  • OU-strukturen har på toppnivå ulik grein for studentar og ansatte. Det er OK for UiA å ha eitt felles org.tre for studentar og tilsette. Det er i distribusjonslista vi finn hhv studentar og tilsette på ein campus.

Konklusjon: Cerebrum legg inn heile OU-strukturen i CIM.

User eller Contact

  • I dag vert alle studentar og ansatte som er admin satt som "User", medan andre ansatte settast til "Contact". UiA sine CIM-folk såg ingen hinder for å ikkje sette alle som "User".

Konklusjon: Cerebrum set alle personar som "User".

Distribusjonslister

I dag har UiA fire distribusjonslister, som samler folk per campus (Kristiansand og Grimstad) og om dei er ansatt eller student. Dette er eit kritisk behov for UiA sine CIM-folk. Cerebrum populerer ikkje distribusjonslister i dag.

UiA fordeler folk i distribusjonslistene basert på om dei to siste siffera i stedkoden er 11 eller 40 (forretningsområdet i SAP-eksporten, på personnivå, 0011 og 0040). UiO ønsker ikkje å implementere mapping frå stedkode til campus, sidan det er UiA-spesifikk skreddersøm og det gjer masterdata-landskapet uoversikteleg. Campus kan truleg brukast frå FS, men Cerebrum importerer ikkje dette per i dag.

(Ref.anm: I e-posttråd etter møtet mellom UiO og UiA: Det kan finnes aktive studenter med GG-kode 00, og disse kan kanskje grupperes som "alt annet": Gjerne slik: 0011 = KRS, 0040 = GRM, alle andre er en dummy variabel "ekstern")

Konklusjon: UiO ser på mulige løysingar, og kjem tilbake med forslag.

Studiedata inn i beskrivinga

UiA ønsker å kunne varsle alle på eit spesielt emne i CIM, og kanskje også studieprogram og kull. Det er tenkt lagt inn som fritekst i "description"-feltet per person, slik at det kan søkast opp i CIM.

UiA har ikkje dette i dag, men det pågår eit prosjekt som treng dette, så det vil bli eit kritisk behov om kort tid. UiO bør difor vurdere løysingar for det, for å unngå at vi set opp ei løysing som ikkje kan brukast om kort tid.

Ei utfordring med FS-data via Cerebrum er at vi ikkje har ein enkel måte å oppdatere dette. Å få oppdatert akkurat dette hendingsbasert kan bli utfordrandre.

Konklusjon: UiO ser på løysingar, og kjem tilbake med forslag.

Studentar på reise

UiA treng oversikt over kva studentar som er på reise kor, slik at dei kan varslast. UiA har ikkje dette i dag, men dei har fått døme på SQL-uttrekk som UiB bruker for dette. Dette er også meint å leggast i "description"-feltet per person.

Frå UiO virker dette som noko ein ny integrasjon bør løyse, og ikkje noko vi bør utvide Cerebrum med.

Dette vil bli kritisk for UiA om kort tid, grunna pågåande prosjekt som treng det.

Konklusjon: UiO ser på løysingar, og kjem tilbake med forslag.

Konklusjon

Cerebrum sin CIM-integrasjon kan truleg brukast av UiA, men UiO må sjå på korleis vi får løyst dei kritiske behova frå UiA. UiO gir svar på dette innan mandag 16. desember, med kostnadsoverslag.

Joakim høyrer med UiO sine CIM-folk, om kva tankar dei har om utvidingar og UiA sine behov.

UiO rekk ikkje å sette opp CIM-integrasjonen, med tilpassingar, før i 2020.

Bakgrunnsdokument

 

Publisert 12. des. 2019 10:20 - Sist endret 16. des. 2019 23:09