UiT-Cerebrum og treige nattjobbar

UiT har problem med at dei nattlege jobbane ikkje rekk å bli ferdige før kl 04:00. Vi diskuterer løysingar.

Mål for møtet: Bli einige om løysing/framgangsmåte.

Tilstades

  • Kenneth Johansen (UiT)
  • Kai Vaade (UiO drift)
  • Estephan Zouain (UiO, drift)
  • Joakim Hovlandsvåg (UiO, ref)

Referat

Bakgrunn: RT#3518801

Vi hadde fleire tilnærmingar i korleis løyse problemet med at eksportar vert ferdig for seint.

Framskynde oppstart av jobbar

Kenneth ser at daily_all ikkje starter før kl 01:40. UiT produserer filer frå kl 00:10, og dei bør vere klare for Cerebrum til i alle fall kl 00:40.

Konklusjon: Vi endrer daily_all til å starte kl 00:40, og så følger vi med på konsekvensen av det dagen etter.

Lausrive jobbar frå daily-løpet

Vi ser på grafane i RT-saka frå jobbane, og prøver finne kandidatar å lausrive.

Eksportane som er viktigast at er ferdige til kl 04:00:

  • oid (inneheld berre ansatte)
  • securimaster
  • pagaweb (inneheld berre ansatte)

Utfordringa er at det er process_paga som tek lengst tid - rundt 90 minuttar. Dei fleste eksportane er avhengige av den. Kenneth kommenterer at den truleg kan optimaliserast ein god del.

Vi fann ingen gode kandidatar for lausriving i møtet, sidan det er så mange avhengigheter mellom dei ulike importane og eksportane, men Kenneth skulle sjå på det.

Konklusjon: Kenneth vurderer å bestille at UiO ser på optimalisering av process_paga, og sender evt. ei bestilling på e-post om det.

Køyre jobbar på kveldstid

Sidan kjeldesystema i hovudsak vert oppdatert på dagtid, kan det vurderast å heller køyre importane på kveldstid, til dømes frå kl 17. Kenneth er usikker på om det er mogeleg, då UiT er avhengig av å få oppdatert ei Paga-fil på eit FTP-område som genererast av Bluegarden.

Konklusjon: Kenneth sjekker med Bluegarden om vi kan endre tidspunkt for å få fila frå Paga.

Konklusjon

  • Kai endrer daily_all til å starte 00:40, frå i dag av. Kenneth følger med i morgon.
  • Kenneth sjekker med Bluegarden om å importere på kveldstid i staden for nattestid.
  • Kenneth vurderer å bestille optimalisering av process_paga frå UiO.
Emneord: cerebrumfelles
Publisert 3. feb. 2020 13:35 - Sist endret 21. feb. 2020 10:42