Feide for randsoner, med riktig eduPersonAffiliation

Diskusjon med USIT lokal IT om å endre på randsoner sin eduPersonAffiliation for Feide. Dette for å få klarhet i behov og løysing i RT-sak #4243728.

Tilstades

  • Fredrik Langfeldt
  • Bård Henry Moum Jakobsen
  • Fredrik Larsen
  • Joakim Hovlandsvåg (ref)

Referat

Bakgrunnen er at ei randsone som USIT lokal IT drifter for treng at deira ansatte vert registrert i Feide med eit oppdatert attributt: eduPersonAffiliation treng å også innehalde "staff" eller "faculty". Dette så dei får tilgang til Feide-tenester som bruker dette attributtet, som Nasjonalt Vitenarkiv (NVA). Korleis løyser vi dette?

Nokre konklusjonar i møtet:

  • Teknisk sett er dette stort sett berre konfigurasjon, men treng å ha tunga beint i munnen.
  • Ingen andre hinder for å gjere dette, sidan dei er skild ut i eigne LDAP-tre og eigne Feide-instansar.
  • Ein quick fix er å berre legge til "staff" for alle for den gitte randsonen.
  • Ideelt sett bør vi rydde opp i korleis alle randsonene er registrert i Cerebrum. Nokre er under "TILKNYTTET". Alle bør flyttast til aff "MANUELL", sidan dei ikkje kjem frå SAPUiO.
  • Vi vart einige om plan for vidare arbeid:
    1. Fredrik Larsen legg til quick fix for å markere alle som "staff" hos eine randsonen. Tentativt i prod i morgon.
    2. Vi rydder opp i korleis randsonene er registrert, slik at dei gjerast likt for dei alle. Joakim lager utkast til beskriving og plan for å komme dit. Dette må gjerast i samarbeid med USIT lokal IT.

Aksjonspunkt

  • Fredrik Larsen prodsetter endringar så HL-senteret får riktig attributt i Feide. Seier frå til katalog-drift og Fredrik Langfeldt.
  • Joakim lager beskriving av framtidig situasjon, og korleis komme dit. Bård ser over.
Emneord: cerebrumfelles
Publisert 15. feb. 2021 14:53 - Sist endret 15. feb. 2021 14:54